Heider til fire år gamal brannmann
Sundag redda Kristian Heia (4) millionverdiar då han forhindra ein storbrann på besteforeldras gard i Hauggrend. Torsdag fekk han heider for heltemodig innsats.
Me vil ikkje tenkje på kva som kunne skjedd hadde det ikkje vore for Kristian. Når me veit at veslebror Bjørn Tore på eitt år låg i andre etasje og sov er det ikkje verdt å tenkje på korleis situasjonen kunne enda om ikkje Kristian gjorde som han gjorde. Nå er me bare glade og takksame for at alle har det godt, seier Kristians bestemor Bitten Festervoll frå Hauggrend i Fyresdal.
Oppvakt gut
Det var sundag kveld det tok til å brenne i stoga til Bitten og Henning Festervoll i Hauggrend. Bitten og Henning sat ute medan barnebarnet var inne i huset. Kristian slo på brytaren til stålampa i stoga før han gjekk inn på kjøkkenet og henta ein is. Det var då fireåringen oppdaga flammane i stova. Kristian sprang ut av huset medan han ropa det han makta. Kristians reaksjon, i tillegg til bestefar Henning som sløkte flammane, redda uerstattelege verdiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bygningane på garden til familien Festervoll er forsikra hos Gjensidige NOR. Torsdag gjorde forsikringsselskapet stas på Kristian.
Kristian har gjort ein strålande jobb. Han er ein oppvakt liten gut som gjorde ein innsats ein knapt kan vente av ein fireåring. I ein slik hektisk situasjon kan ein ofte tenkje irrasjonelt, men Kristian heldt hovudet klart og gjorde alle dei rette tinga. Det er på det reine at Kristian, saman med bestefar Henning, redda store verdiar, seier direktør i Gjensidige NOR Elisabeth Tveitan.
Også Arne Jansen ved Gjensidige NORs Kviteseid-kontor er strålande nøgd over Kristians innsats.
Imponerande. Kristian er eit eksempel til etterfylging. Dette er ei strålande gladhistorie, seier Jansen.
Stoisk ro
For sin heltemodige brannmanninnsats fekk Kristian diplom av Gjensidige NOR. Han fekk òg ein brannbil, ein politibil, ein sjukebil og eit politihelikopter. Hovudpersonen sjølv tok oppstyret med stoisk ro.
Eg såg brannen og så sa eg frå til besta. Derfor er eg brannmann, seier fireåringen.
Skadar for 200.000 så langt
Så langt ser det ut til at brannen har gjort skadar for i overkant av 200.000 kroner.
Huset har fått omfattande skadar, men det er ingenting mot det som kunne skjedd, seier Arne Jansen ved Gjensidige NORs Kviteseid-kontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har ikkje ofra dei materielle skadane ein tanke. Det som betyr noko er at ungane ikkje har teke skade, seier Bitten Festervoll.
Samlingsplass dersom brann
Elisabeth Tveitan, direktør i Gjensidige NOR, oppmodar alle familiar om å lage ein beredskapsplan dersom det skulle byrje å brenne.
Det er lurt om familiemedlemane blir einige om å samlast på ein bestemt stad. Me har sett tilfelle der far har gått inn att i det brennande huset på leit etter eit barn som alt har kome seg ut. Resultatet er somme gonger at far aldri greier å kome seg ut igjen. Det er viktig at familiar har tenkt gjennom ein brannsituasjon og har beredskapen parat, seier Tveitan.