I kjellaren på samfunnshuset vart me vist kva arbeidarane i «Steintøff» held på med. Her er elevane i 5., 6. og 7. klasse samla.
I kjellaren på samfunnshuset vart me vist kva arbeidarane i «Steintøff» held på med. Her er elevane i 5., 6. og 7. klasse samla.

Heidra dei steintøffe

Elevbedrifta «Steintøff» ved Åmdals Verk Oppvekstsenter har blitt kåra til tredjebeste elevbedrift i ei landsomfattande tevling. Onsdag var det folkefest på samfunnshuset.

Elevbedrifta til dei femten elevane i 5., 6. og 7. klasse ved Åmdals Verk Oppvekstsenter er steintøff. Akkurat like tøff som rallaren dei produserer av stein.

Onsdag var dei ikkje mindre tøffe, då dei vart heidra av lærarar, foreldre, sysken, besteforeldre og naboar med fullt hus og heileftan på samfunnshuset. Representantar frå Tokke kommune og Sparebanken var også til stades for å gjere stas på arbeidet til elevane. Ingenting var overlatt til det tilfeldige. Som velkomst vart det sjølvsagt servert sprudlande godt i høge glas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå stein til bilete

Festkveldens høgdepunkt var overrekking av diplom og pris frå Senter for Entreprenørskap ved Håkon Landråk. Senter for Entreprenørskap ved Høgskolen i Stavanger og Sparebankforeiniga har sidan fyrst på 90-talet stått bak ei årleg nasjonal tevling om dei beste elevbedriftene i landet.

Bedriftsleiarane Helene Østenå og Stein Arild Brendstuen tok imot blomar og gåvesjekk på 3.000 kroner frå Landråk.

Elevbedrifta «Steintøff» produserer steinfigurar som rallarar og lykkesteinar, puslespel i tre, historisk kalender, dei er guidar i gruva og driv gruvekaféen. Det er elevane sjølve som har bygd opp bedrifta med leiing, produksjon og har hatt ansvaret for sal og økonomi. Elevbedrifta blir difor ein pedagogisk tilrettelagt læringssituasjon som elevane driv sjølve.

Juryen la vekt på at Åmdals Verk Oppvekstsenter merkjer seg ut ved at skulen i ei årrekkje har satsa på å vere fornyande, noko som gjev resultat i nasjonal samanheng.

– For regionen er denne satsinga viktig fordi dei unge får utvikle evna til å vere kreative og nyskapande. Dei må sjå det moglege i lokale ressursar og lære å skape arbeidsplassar. Juryen la også vekt på kreativitet, nytenking, pedagogisk kopling og tilknyting til lokalmiljøet, fortel Landråk.

Viste fram

Etter rosande ord frå Landråk, bank og kommune, blei magane mette av godbitane frå eit langbord som bugna av mat. Etterpå var det tid for festkake.

I kjellaren gjorde elevbedriftsarbeidarane seg klare til framsyning av produkt. Ved små bord kunne elevane vise og forklare korleis dei ulike produkta til verksemda tar form. Me fekk sjå såpekokarane i drift, smake heimelaga drops, stryke dei glattslipa steinane som er tromla til å bli lykkesteinar, høyre om toving og korleis kalenderen blir produsert.

Me undrar kva elevane likar best å jobbe med i elevbedrifta. Dei unge er einige i at det er svært lærerikt å lage ulike produkt og ha uilke roller i prosessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det aller beste med Steintøff er resultatet me får av å jobbe, som til dømes turar til Sommarland i Bø og museumsbesøk i Oslo, meiner Svein Henning Lassemo og Tarjei Solli Lundstad i femte- og sjuandeklasse.

Eit overskot frå elevbedrifta går til Oppvekstsenterets fadderordning. Elevane gjev pengar til skulegang og skuleuniform for eit barn i Sør-Amerika, og fire barn i Russland får pengar til mat gjennom ordninga.

Vere eksempel

Tysdag skal lærarar og elevrepresentantar frå Åmdals Verk Oppvekstsenter til Kragerø og lære vekk korleis ein kan drive elevbedrift. Dei har laga eigen cd som vart synt fram på festkvelden. To elevar kommenterte oppskrifta som gav oss klare bilete på korleis ei elevbedrift tar form.

Det er kanskje ikkje så rart at juryen valte «Steintøff»-gjengen som ein av dei beste i landet. Ikkje bare er produkta solide, men måten elevane legg fram arbeidet og forklarar det dei gjer sender dei til sigerspallen.