Heidra ein god ven, kollega og sambygding
Fredagens sjøormkonsert på Granvin i Seljord var ein hyllest til Kjell Oskar Selman – lyrikaren og musikaren. Publikum blei med på ei feiande flott musikalsk og lyrisk reise gjennom delar av livet hans.
– Når byfolk spør meg kvar eg kjem ifrå, svarar eg Seljord. Å, der som den ormen er, seier dei. Ja, seier eg – me har sjøormen i Seljordsvatnet. Men var det ikkje ein svenske som leita i vatnet utan å finne noko, held dei fram. Jau, svarar eg, men at svenskane ikkje fann noko er ikkje noko bevis, innleidde kveldens programleiar, Reidunn Lognvik Reinholdt, til stor latter frå publikum.
Til Seljord på 70-talet
Kjell Oskar Selman (1942–2012) blei fødd i Sauda. Som treåring flytta han og mora til Stavanger-kanten etter at foreldra blei skilde. Midt på 1970-talet kom han og kona Else til Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me møttes om bord på MS Bergensfjord som var ein del av Amerikalinja. Eg arbeidde på båten og Kjell Oskar var med far sin som arbeidde som skipselektrikar om bord. Me gifta oss i 1967, sa Else då ho entra scenen.
Musikalske godbitar
Det var mange som heidra og mimra tida dei hadde saman med Selman. Seljord songlag, Ingebjørg Lognvik Reinholdt, NRK-kollegaene Bjørn Bø, Tom Andersen, Johs Apold, Styrk Fjærtoft Trondsen og Anne Lognvik var berre nokre av dei. I orkesteret var dei dyktige musikarane Oddbjørn Aase, Kjetil Flatland, Frode Flatland og Jon Solberg. Fyrstnemnde var dirigent og musikalsk leiar for den flotte konserten.
Dikt om bil
Sonen Tarjei urframførde nokre dikt som aldri tidlegare har vore publiserte.
– Pappas forhold til bilar var delt. Han såg på nye flotte bilar som noko overfladisk og forkasteleg. Samstundes var han glad i å køyre rundt i den vesle bilen sin. Her er eitt av dikta: «Bilen min er så dårleg at eg må vake over han, sa drangedølen», las Tarjei.
Mange minne og historier
Historiene og minna etter Selman var mange og stort sett av den artige slagen denne vinterkvelden på Granvin.
– Han skulle lære meg å spele gitar. Men det enda med at eg berre lærte eitt grep. Me bruka mykje av tida til å ikkje spele gitar, men heller til å snakke saman – gjerne om livet, sa programleiaren.
Bjørn Bø fortalde om då han fekk ei diktsamling av Selman. I alle fall trudde han at boka var til han.
– I boka står det skrive: Kjære Kari, boka er altså di. Bjørn kan lesa noko anna, sa Bø.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med dyktige musikarar og bidragsytarar blei konserten og kvelden ei flott oppleving for dei frammøtte, som sytte for fullt hus på Granvin.
– Eg vil takke alle saman for frammøtet. Det var flott at me saman kunne heidre ein god ven, kollega og sambygding, avslutta Reidunn Lognvik Reinholdt.
Kjell Oskar Selmann budde i Drangedal dei siste åra, og han døydde brått i påska i 2012, knapt 70 år gamal.
Kjell Oskar Selman:
- Redaktør i Telemark Tidend, Mållaget Dags sider i Varden i 20 år fram til 2001.
- Gav ut fleire dikt- og visesamlingar på 1970-talet.
- Samarbeidde med Halvor J. Sandsdalen om fleire bøkar, mellom andre «Trolldomar.»
- Fekk som fyrstemann Alf Prøysens honnørpris i 1975.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Laga barne-tv-serie for NRK.