Tone Valborg Haugen, Aslak Vistad Vågslid og Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
Tone Valborg Haugen, Aslak Vistad Vågslid og Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.

Heidra freden og unge vesttelar

På kyrkjegarden i Mo står eit minnesmerke med namnet til to unge vesttelar. Båe mista livet i krigshandlingane på Ringerike i 1940. Også Utøyaofferet Eivind Hovden blei heidra.

Aslak J. Vistad og Jørgen T. Li er namna som står på minnesmerket ved Mo kyrkje. Til stades på frigjeringsdagen 8. mai var mellom andre Tone Valborg Haugen og Aslak Vistad Vågslid. Dei er høvesvis niesa og nevøen til nemnde Li og Vistad.

– Me er samla her for å minnast freden, men også for å minnast to unge gutar frå Mo som mista livet i 1940. Dei var mest jamgamle og mykje tyder på at dei kjente kvarandre godt og var gode vener frå oppveksten, fortalde Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gav alt for Noreg

Båe gutane hadde avtent militærteneste på no nedlagte Hvalsmoen leir, like nord for Hønefoss, på Ringerike. Dermed var det dit dei blei innkalla då Noreg kom i krig.

Aslak J. Vistad var sambandsmann og Jørgen T. Li var i ingeniøravdelinga.

– Dei reiste med buss til Hvalsmoen, og alt den 15. april blei Aslak teken til fange av tyskarane, fortalde Haugen.

Det blei lagt ned blomar ved Liostøtta i går
Det blei lagt ned blomar ved Liostøtta i går

Vistad hadde telefonvakt då han blei teken, og alt tyder på at han blei regelrett avretta to dagar etterpå, altså den 17. april. Det var dagen han fylte 24 å.

Li dreiv med bruarbeid då han blei offer for tyskaranes kuler. Det skjedde 16. april 1940.

– Onkel blei funne med kulehol i panna og granatsplintar i kroppen, sa Haugen.

Tre unge gutar

Ho fann det også rett å nemne Eivind Hovden, som var eit av ofra på Utøya 22. juli 2011.

– Det kjennest rett å nemne han også. Til saman var dei tre ressurssterke og fredssøkjande unge gutar som måtte bøte med livet i forskjellige former for krig, slo Haugen fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren i Tokke, Hilde Alice Vågslid, la ned blomar ved minnesmerket. Minnestunda blei avslutta med eitt minutts stille etter at Haugen las Nordal Griegs dikt: «Til ungdommen».

La ned blomar ved Liostøtta

«Til minne om den fedrelandskjærleik og det kampmot som blei synt av dei friviljuge nordmenn i striden mot tyskarane her den 3. mai 1940», står det på minneplaketten i Liosvingen. Plaketten var ei gåve frå Ulefos Jernværk og blei støypt fast og avduka 8. mai 1965.

Liosvingen har blitt eit omgrep i nyare norsk historie. Krigen braut som kjent ut 9. april 1940. Fire dagar seinare blei Heistadmoen på Kongsberg overgjeve til tyske styrkar. Men sekondløytnant Thor Olaf Hannevig ville ikkje etterkome regimentsjefens ordre om å leggje ned våpna.

– Han reiste vestover til Vinje og samla fleire menn i området. Planen var å hindre tyskarane i å rykke framover, fortalde pensjonert offiser og rektor, Torgrim Otterholt etter at det blei lagt ned blomar ved Liostøtta.

Hard motstand frå nordemennene

Den 27. april kom det meldingar frå Åmdals Verk om at tyske styrkar var på veg. Dei kom frå Arendal og skulle via Dalen til Åmot og vidare vestover.

– Dei blei møtt med kraftig motstand ved Åmot bru. Den fyrste tyske bilen kom seg over brua, men då bil nummer to, ein lastebil, skulle passere bra, braut det laus. Seks tyskarar fall og 23 blei tekne til fange. Tyskarane gav seg, men kom tilbake med store forsterkingar 3. mai, forklarte Otterholt.

Minnestunda blei avslutta med eitt stille minutt.