Heidra inkluderande rollemodellar
Kristine Berthelsen og Peter Gruszewski i Fyresdal har fått kulturpris for arbeidet innan 4H. Ekteparet har i lang tid vore inkluderande rollemodellar for barn og unge, og er kjente for alltid å ha ein open heim.
I Fyresdal er det tradisjon å dele ut kulturprisen under folkefesten17. mai. Litt før fekk Kristine Berthelsen ein telefon på arbeid om at ho og ektemannen skulle få årets kulturpris. Prisen er diplom, blomar og 8.000 kroner.
Eg trudde det var ein person som tulla med meg, seier Kristine om meldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var aldri i tankane mine at me skulle få kulturprisen, og dette kom veldig overraskande, held Peter Gruszewski fram.
Grunngjevinga for prisen er det friviljuge arbeidet innafor organisasjonen 4H. Paret har sidan byrjinga av 80-talet vore primus motor for klubbarbeid, aspirantleir, fylkesleir og andre arrangement. Kristine og Peter seier alltid ja, er positive, tolmodige og inkluderande rollemodellar for barn og unge, uttaler hovudutval for kultur, oppvekst og omsorg i Fyresdal.
Meistringsoppleving
Kulturprisen er veldig hyggeleg i forhold til det arbeidet med står for; 4H for dei unge og kontakten med dyr for uorganisert ungdom, seier Kristine.
Ho er landbruksutdanna og er i dag klubbrådgjevar i Roan 4H med nesten 30 medlemer. Peter er med og hjelper når det trengst.
På bruket i Åslandsgrend har paret 12 hestar. Dei er grunnlaget for jordbruksdrifta og hestane blir også bruka til riding.
Dyr og natur har vore viktig i barne- og ungdomsarbeidet. Med hest får ein ungane også til å kome i kontakt med naturen. Hesten fascinerer så mange unge, særleg jenter. Dei unge får ei meistringsoppleving, og då får dei lykke inni seg. Det treng jo alle. I ungdomsarbeidet har hesten vore ei viktig og sentral rolle, slår Kristine fast.
Laga moped
Ho flytta til Fyresdal i 1981, og då starta ho som klubbrådgjevar i Fyresdal 4H med 50 medlemer.
Ektemannen gjennom 23 år, Peter, hugsar han på den tida tok på seg å vere oppgåvehjelpar for åtte gutar som skulle lage moped.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg hugsar gutane pussa motoren med tannbørste. Dei var både høgt og lågt, og var flinke til å mekke. Eg hadde det like moro som dei, ja endå meir moro enn dei trur eg, smiler Peter.
Alltid ope hus
Alt som femåring hadde Kristine lyst til å bli med i 4H, men måtte vente til ho blei ti år. Ser ein bort frå to år ho var i Troms, har ho vore med i organisasjonen alle åra fram til no. Det har smitta i familien.
4H er ei familiegreie her i huset. Alle barna våre har vore med i organisasjonen, fortel Kristine.
Ekteparet har elles alltid hatt ope hus som mange unge har hatt glede av.
Det var kjedeleg å kjøpe bil med plass bare til familien, så me hadde ein bil der det kunne vere fire-fem unge ekstra, humrar prisvinnarane.
Den fyrste tida i Fyresdal vart det laga til open stall i prestegardsløa. Gutane sat i opphaldsromet og las Donald, medan jentene var ute og reid. Då ekteparet flytta til Moen i sentrum av bygda, fylgde mange unge etter.
Me syntest det var fullt rundt oss alltid. Det som trekte var nok kombinasjonen mellom hestar, miljø og det at ungane kunne vere seg sjølve. Bodskapen var at dei skulle føle seg velkomne og her skulle vere plass til alle, seier Kristine.
Då familien flytta til Åslandsgrend, tok barna ofte med seg venner til det som heldt fram med å vere ein open heim.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjela ligg i 4H
Etter at ekteparet fekk eigne barn, har dei sjølve valt aktivitet. Det har vore naturleg for Kristine og Peter å fylgje opp, slik at Kristine til dømes i dag er lagleiar for fotball jenter 12 år i Fyresdal.
Men sjela mi ligg i 4H-arbeidet og den pedagogikken organisasjonen har; lære ved å gjere. Der kjem hovud, hender, helse og hjarta inn, seier Kristine.
Då er me tilbake til mopeden der kanskje det som var uengasjerte gutar fekk lov å prøve seg, held ho fram.
Målet var å klare å starte den tassen, og det gjekk jo, mimrar Peter.
Mange gilde opplevingar
Når ungar har blitt litt svarte, fått hestehår på seg og kanskje er våte på beina etter ei naturoppleving, då synest eg det er koseleg å sende dei heim att. For då er dei lykkelege etter all aktiviteten, smiler Kristine.
Ekteparet har latt ungane få lov til å snuble på vegen.
Dei lærer av erfaringane, og plutseleg sit me att med ein kjempeflott haustfest der 4H-medlemene viser oppgåvene dei har jobba med, seier Kristine og Peter.
Etter mange år med barne- og ungdomsarbeid har paret enno ikkje møtt ein uhøfleg ungdom, og alle helsar når dei møtest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me får veldig mykje tilbake og har hatt mange gilde opplevingar saman med dei unge. Det er derfor me held på, seier Kristine Berthelsen og Peter Gruszewski.
Kulturprisen har sett i gang utruleg mange tankar i meg. Prisen er veldig hyggeleg å få og motiverer til vidare engasjement, avsluttar Kristine.