Kulturprisvinnar Olav Inge Nordbø ved fotballbingen han var med og fekk på plass, utan kostnad for fotballklubben. I over 30 år har Nordbø gjort mykje friviljug arbeid i Fyresdal.
Kulturprisvinnar Olav Inge Nordbø ved fotballbingen han var med og fekk på plass, utan kostnad for fotballklubben. I over 30 år har Nordbø gjort mykje friviljug arbeid i Fyresdal.

Heidra ja-menneske i idrettslaget

På folkefesten i Fyresdal 17. mai mottok Olav Inge Nordbø kommunen sin kulturpris.

Nokså nyleg fekk Olav Inge Nordbø telefon frå kulturkonsulent Hilde Martini Momrak i Fyresdal kommune. Han trudde ho skulle ha tak i skiskyttaren og sonen Even, men slik var det ikkje. Nordbø fekk høyre at hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg hadde vedteke å gje han kulturprisen for i år.

– Eg hadde ikkje tenkt på det i det heile at eg skulle få kulturprisen, og blei overraska. Det er moro å bli sett pris på, seier Nordbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigen fotballskule

I 35 år har han hatt eitt eller anna verv i fotballgruppa i Fyresdal, og fem år var han leiar. Vidare har han sete ti år i styret til Telemark fotballkrins, og like lenge har han stått på for den lokale fotballskulen i heimbygda. Arrangementet kom i stand eit år 66 unge ville vere med på fotballskulen i Vrådal, men det var ikkje plass til meir enn halvparten av dei.

– Då tromma me saman eigen fotballskule i Fyresdal. I 2008 var heile 128 unge med der, seier Nordbø.

Eit år han var trenar for eit smågutelag i bygda, var det dragrace på flyplassen. Den unge spelargjengen plukka tomflasker frå arrangementet for 32 000 kroner og reiste til Norway cup for pengane.

Noko anna Nordbø hugsar godt er då han jobba for å få på plass ein fotballbinge ved den lokale fotballbanen. Bingen kosta ikkje idrettslaget ei einaste krone, og fotballpresident Per Ravn Omdal var med på opninga.

Mange timar i bil

Nordbø var leiar for organisasjonskomiteen for NM i skiskyting i Fyresdal i 1985.

– Å vere med og arrangere NM i skiskyting var stort. Eg heldt tale for kronprinsen. Då var eg bare gutungen, humrar Nordbø.

Han har også vore med i styret i skiskyttarlaget, som har eige anlegg på Veum.

«Olav Inge Nordbø er av natur eit ja-menneske, samstundes som han har store organisatoriske evner. Desse eigenskapane har organisasjonslivet i Fyresdal trekt vekslar på gjennom meir enn 30 år», står det i grunngjevinga for å gje han kulturprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har brukt vanvittig mange timar innan friviljug arbeid opp gjennom åra?

– Det har eg ikkje tenkt på. Det har blitt mange timar i bilen også, svarar Nordbø.

Folk stiller opp

Nordbø erfarer at folk i Fyresdal er veldig positive til å stille med friviljug innsats.

– Så mykje eg har masa på dei for å hjelpe med både det og det, og aldri ei sur mine å få tilbake. Og så har eg vel også masa mykje på bedrifter om sponsormidlar …, smiler Nordbø.

Han er veldig sportsinteressert, og har gjennom åra med friviljug arbeid blitt kjent med mange personar.

– Eg får mykje att sjølv. Eg har eit stort kontaktnett og mange venner, seier kulturprisvinnaren nøgd.

Kulturprisen er på 10 000 kroner og eit bilde laga av Judith Van Driel Bouman i Fyresdal.

Skiskyttarar fekk stipend

Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg i Fyresdal har vedteke at skiskyttarane Even Nordbø og Per Hansen Austjord skal få kvart sitt idrettsstipend i år. Dei to skal dele ein sum på 15 000 kroner. Stipenda blei delt ut på 17. maifesten i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode resultat

Even Nordbø leverte sist sesong gode resultat i skiskyting, men også i langrenn der han kom til kvartfinalen i NM sprint. I noregscupen i skiskyting klasse 20–21 år hadde han 5., 10. og 15. plass som beste resultat.

«Nordbø representerer Fyresdal på ein flott måte og har gjeve både klubben og kommunen svært mykje positiv marknadsføring også i sesongen 2015–2016. Han er ein flott idrettsutøvar som møter på fellestreningar i Fyresdal skiskyttarlag når han er heime frå Lillehammer, og bidreg med det til å motivere yngre løparar», står det i grunngjevinga for å gje han prisen.

Nordbø satsar for fullt vidare, og er inne i eit godt miljø på Lillehammer. Han har att eitt år som junior, og har mål om å kome til junior-VM i 2017.

Hevda seg i toppen

Per Hansen Austjord har sist sesong, trass i ein sjukdomsperiode og skade midt i sesongen, levert svært gode nasjonale resultat i skiskyting. Han har hevda seg i toppen i nasjonale renn med dei beste utøvarane i G16.

Austjord var éin av tolv skiskyttarar frå heile landet som blei tatt ut til NTG sitt rekrutteam. Han fekk tredjeplassen på Kvalfossprinten og niandeplassen på Liatoppen i ei klasse med 100 deltakarar. I tillegg blei han krinsmeister på normalprogram og fellesstart.

«Austjord er ein flott idrettsutøvar som møter på alle fellestreningane til Fyresdal skiskyttarlag, og er eit godt forbilde for yngre løparar. Han representerer Fyresdal på ein fin måte, og har gjeve både klubben og kommunen mykje positiv marknadsføring i sesongen 2015–2016, heiter det i grunngjevinga.