Heidra mangeårig trenar
Mange år som trenar for symjarar i Fyresdal er ei viktig årsak til at Anne-Signe Aamlid har fått idrettslagets eldsjelpris.
I fleire år har Fyresdal idrettslag delt ut eldsjelpris til nokon som har gjort ein ekstra god innsats i det friviljuge arbeidet. Anne-Signe Aamlid hadde ikkje vore på årsmøta til idrettslaget på ein del år, og var ikkje klar over at eldsjelprisen fanst før ho stakk innom den årlege tilskipinga no i februar. Det kom heilt uventa på Aamlid at denne gongen skulle ho heidrast.
Kjempekoseleg! Det er artig at dei set pris på det ein gjer. Eldsjelprisen er ein motivasjon og det er eit fint tiltak av idrettslaget å ha ei slik heidring, seier Aamlid til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eldsjelprisen er ein flott keramikkbolle.
Kjem alltid tilbake
Då symjebassenget ved skulen opna for rundt 30 år sidan, var Aamlid blant dei 50 unge som byrja å trene. Ho blei med på tevlingar, men slutta med symjinga då det var klart for vidaregåande skulegang.
Etter kvart gjennomførte Aamlid mellom anna barnas symjeskulekurs for å lære opp nye rekruttar. Ho har også gjennomført både A- og B-kurset.
Eg har vore litt til og frå som trenar, men kjem alltid tilbake, smiler 44-åringen.
Ho har inga aning om talet på unge som ho har vore med og trena, men det er snakk om temmeleg mange.
Dette er moro og det er artig å vere med på stemne her. No er me seks trenarar, inkludert meg som hovudtrenar, på rundt 40 aktive og flinke symjarar, fortel Aamlid.
Ein annan grunn til at ho har fått eldsjelprisen, er fordi ho ofte stiller opp med hestar for barn. Aamlid har sju islandshestar saman med syster si.
Pliktoppfyllande og tek ansvar
Sagt om Anne-Signe Aamlid rundt prisutdelinga: «Anne-Signe er ei blid og positiv jente som tek ansvar og er pliktoppfyllande. Ho er omsorgsfull, omgjengeleg og alltid imøtekomande. Vidare stiller ho opp for symjarane på ein kjempefin måte, og har hatt ansvar for å lage treningsopplegg for mange. Dessutan rettleiar ho symjarane på stemne for å leggje opp øvingar med tanke på best mogleg resultat. Anne-Signe er ein kjemperessurs for symjegruppa!»
Vidare blir det framheva at Aamlid har stilt opp med hest kvart år frå barneidrettsskulen starta for om lag 15 år sidan. Ho er alltid engasjert når Hugljufur islandshestklubb arrangerer kurs for barn og unge, og har vore med i styret i klubben nesten i alle år sidan starten i 1985.