Heidrar Grimdalstunet
Oppvekstutvalet i Tokke kommune ønskjer å vise kor mykje dei set pris på styret til Grimdalstunet. Det gjer dei med ein pris.
– I år går kulturprisen i Tokke til styret for Grimdalstunet. Deira innsats gjennom mange år og fantastiske arbeid fortener ein slik pris. Alt som har vore gjort på Grimdalstunet, både museet og garden, har vore frivillig arbeid og er gjort på dugnad. Museet har stått for seg sjølv fram til no, og det er utruleg flott. Prisen blir utdela på Rallardagen 10. juni, fortel leiar i oppvektsutvalet Geir Arild Djuve.
Leiar i styret for Anne Grimdalens minne, Elin Seltveit, blei veldig stolt då dei fekk beskjed om at dei får den gjeve prisen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er utrolig moro å få ein slik pris. Det er ei ære, og det viser at Tokke kommune set pris på arbeidet som er gjort. Det er veldig stas fortel ho.
Grimdalstunet opnar 26. mai, og styret er i full sving med å gjere alt klart til opninga.
– Det har blitt nokre omstillingar etter at me blei ein del av Vest- Telemark museum, men me er i full gong og gler oss til opning, seier Seltveit.