Heilomvending reddar sjukehuset
Administrasjonen i Blefjell sykehus gjeng inn for å behalde akuttmedisinsk og kirurgisk avdeling ved Rjukan sjukehus. Dei grunngjev heilomvendinga med endra føresetnader som etterbudsjettforliket mellom Ap og regjeringa, reduserte innsparingskrav og aksept for underskot i 2004. Veldig gledeleg og eit pusterom me treng, seier Vinje-ordførar Arne Vinje. Det er bra det som er skjedd, men det er ingen garanti for oppretthalding av sjukehuset på sikt, meiner Tokke-ordførar Birger Nygård.
Endra føresetnader gjer at administrasjonen i Blefjell sykehus nå har snudd i sjukehus-saka. Vinje-ordførar Arne Vinje blei gledeleg overraska over heilomvendinga i onsdagens møte.
Det er klart dette er veldig gledeleg og eit pusterom me treng. Men nå er det viktig at me ikkje kviler ut. Me må halde fram å arbeide for å sikre at drifta blir solid forankra politisk, seier Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me må unngå at dette blir ein årleg strid, legg han til.
Også fødetilbod
Administrasjonen gjekk også inn for å oppretthalde fødetilbodet på Rjukan sjukehus, i tillegg til at akuttmedisinsk- og kirurgisk avdeling blir som den er i dag.
I slutten av oktober vedtok den same administrasjonen å leggje ned kirurgisk avdeling med akuttfunksjonane ved sjukehuset. Nå har dei altså snudd og grunngjev dette med endra føresetnader etter budsjettforliket mellom Ap og regjeringa, eit redusert innsparingskrav frå 78 til 35 millionar kroner og at det blir akseptert underskot neste år. Men det blir understreka frå Blefjell sykehus at utfordringane framleis er store.
Avgjerande motstand
Arne Vinje trur den massive motstanden mot nedlegging har blitt lagt merke til.
Den har vore veldig avgjerande. Det sterke engasjementet, spesielt på Rjukan men også på områda som soknar til Tinn, har gjort inntrykk både blant stortingsrepresentantar og departementet, meiner Vinje.
Det er oppmuntrande å sjå at det nyttar når det lokale slår ring om ein avgjerande institusjon i regionen, legg han til.
Tokke-ordførar Birger Nygård meiner innstillinga frå administrasjonen er det beste sjukehuset og lokalbefolkninga kunne oppnå, men understrekar at kampen om å behalde Rjukan sjukehus ikkje er vunne.
Det er bra det som er skjedd. På kort sikt er drifta redda, men det er ingen garanti for oppretthalding av sjukehuset. Blefjell sykehus utsett bare underskotet eit år, meiner han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Full siger
Gunnar Strøno er leiar i interessegruppa for Rjukan sjukehus. Han kallar heilomvendinga frå administrasjonen ein full siger for sjukehusaksjonen i Tinn, Tokke og Vinje.
Styret har på ulike måtar prøvd å leggje ned Rjukan sjukehus. Det fyrste forslaget gjekk ut på at Rjukan sjukehus skulle bli eit distriktsmedisinsk senter, kva nå det er. Det siste forslaget gjekk på å leggje ned kirurgisk avdeling med akuttfunksjonane. I praksis ville det bety nedlegging av sjukehuset, seier Strøno til Varden.
Den endelege avgjerda blir tatt 16. desember når styret for Blefjell sykehus skal vedta funksjonsfordeling og budsjett for 2004.