Magnus Krog var stornøgd etter andreplassen laurdag, og til helga skal han tevle mot verdas beste kombinertløparar.
Magnus Krog var stornøgd etter andreplassen laurdag, og til helga skal han tevle mot verdas beste kombinertløparar.

Heilt rått!

– Det var skikkeleg Magnus Moan-takter over Magnus Krog laurdag, seier Jan Rune Grave, etter at høysekken starta som nummer 41 i langrennet og presterte å gå seg opp til andreplass i kontinentalcupen på heimebane.

52 kombinertløparar frå ni land deltok i helgas to kontinentalcuparrangement i Høydalsmo. Opp mot 80 funksjonærar hjelpte til for å avvikle eit som vanleg profesjonelt skiarrangement i bygda.

Den dårlege vêrmeldinga for sundagen gjorde at båe hopprenna vart halde laurdag. Om kvelden var det klart for fyrste langrennet. Magnus Krog skulle starte som nummer 41, etter å ha landa ti meter kortare enn hoppvinnaren Wolfgang Boesl frå Tyskland. Høysekken hadde eitt minutt og trettito sekundar fram til teten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde håpa at Magnus hadde hoppa fem meter lenger. Han var litt skuffa. Det er alltid moro om han gjer det bra på heimebane, seier mor Signe Bjørg Krog til VTB like før langrennet startar.

– Eg tippar han rundt tiandeplass, det bør han klare, held ho fram.

Forrykande fyrsterunde

– Målet mitt er topp 8, seier Magnus til lokalavisa med eit smil like før start.

Telemarkingen Torkild Rasmussen Aam frå Ørn IF starta som nummer fem, men var ikkje lenge om å ta teten. Magnus går endå fortare, og ved fyrste runding ligg han bare 45 sekundar bak ei tetklynge på åtte løparar med Rasmussen Aam fyrst.

Ved andre og siste runding leiar Jonas Nermoen frå Etnedal Skilag med ti sekundar før Aam Rasmussen. Krog er 35 sekundar bak, og held fram med å passere den eine løparen etter den andre.

Ingen kunne gjere noko med Nermoen som tok sin fyrste siger i kontinentalcupen. Krog har klart det utrulege og nokre hundre meter før mål er han på andreplass med Ole Martin Storlien frå Veldre og austerrikaren Tomaz Druml like bak. Inn på stadion er Magnus fyrst, men Druml heng på. Høysekken har dagen og går i mål tri tidelar før austerrikaren og med Storlien på fjerde. Snakk om fantomløp av Magnus!

Premiert med verdscupløp

Ein glad sylvvinnar fortel til VTB at fyrste runden gjekk veldig bra, og at det er lenge sidan han har kjent det slik i sporet. Andre runden gjekk litt tyngre, men så fekk han hengt seg på ein austerrikar.

– Opp siste bakken på siste runden fekk eg fullt med adrenalin og eg psyka meg skikkeleg opp. Eg og Storlien fekk nokre meter på Druml, men han glei det inn att ned bakken mot mål, fortel Magnus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjekk som han hadde håpa innerst inne, men han hadde ikkje heilt trua på at det skulle gå så bra.

– Dette var jækla rått og det beste eg har gjort denne sesongen, smiler Magnus, og får gratulasjonar av foreldra Signe Bjørg og Karel Krog.

– Dette var gørrmoro, og Magnus gjekk eit fantastisk langrenn. Det var skikkeleg Magnus Moan-takter over han. Skiarenaen passar Magnus, det låg til rette for han og han tok sjansen. Ein heimefavoritt på pallen er veldig bra, seier Jan Rune Grave, rennleiar og tidlegare kombinertløpar.

På langrennet sundag føremiddag gjekk det ikkje like bra for Magnus. Han gjekk ut som nummer 39 og vart nummer 10, 36 sekundar etter vinnaren Druml. Nermoen tok tredjeplassen, tri sekundar bak austerrikaren.

Rennleiar Grave oppsummerer arrangementsdagane som veldig bra. Til helga skal han vere rennleiar for kombinertverdscupen i Vikersund.

– Dette er veldig moro og spennande, seier Grave om oppgåvene som rennleiar.

Sundag ettermiddag fekk Krog ei gledeleg melding om at innsatsen i helga sender han til verdscupen i Vikersund komande helg.