Veteranane Tommy Andersen (t.v.) og Øystein Eriksen fekk ikkje med seg poeng frå Sannidal.
Veteranane Tommy Andersen (t.v.) og Øystein Eriksen fekk ikkje med seg poeng frå Sannidal.

Heim frå Sannidal utan poeng

Vinje-trenar Øyvind Kili meiner utvisinga rett før pause var med og avgjera kampen mot Sannidal.

Håkon Hagen Ringhus fekk direkte raudt kort mot slutten av 1. omgang då han stoppa ein Sannidal-angripar åleine mot Vinjes keeper. Vinbyggjane var klare på at utvisinga var feil, og at Ringhus tok ballen. 

– Heilt feil. Eg meiner det avgjorde kampen, seier Øyvind Kili etter tapet mot Sannidal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimelaget tok tidleg kontollen på Kolbånn stadion. Alt etter eitt minutt var det 1-0. Få minuttar seinare dobla Sannidal leiinga, og akkurat då Vinje meldte seg på i kampen auka heimelaget til 3-0. Martin Beggs reduserte til 1-3, før Hagen måtte tusle i garderoben før dei andre gjekk til pause.

Sannidal auka til 4-1 midtvegs i andre omgang. Tommy Andersen sytte for eit trøstemål i sluttminuttane slik at sluttresultatet blei 4-2.

– Me spelar ikkje så gale. Utvisinga snur alt, meiner trenaren.

– Me får ikkje betalt for all tida me har ballen, men slik er det, legg han til.

Kili meiner mange skal ha ros for arbeidsinnsatsen, men trekkjer spesielt fram Lars Halvor Røisgaard.

Vinje er på 10. plass i 5. divisjon med seks poeng etter dei ni fyrste kampane.