For fyrste gong sidan Ånund Lid Byggland gjekk til topps i Alta i 2006 kunne ein vesttele juble for langrennsgull i hovudlandsrennet. Ingerid Vadder tok like godt også med seg sølv og bronse frå debuten i den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar.
For fyrste gong sidan Ånund Lid Byggland gjekk til topps i Alta i 2006 kunne ein vesttele juble for langrennsgull i hovudlandsrennet. Ingerid Vadder tok like godt også med seg sølv og bronse frå debuten i den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar.

Heim med gull, sølv og bronse

Ingerid Vadder frå Ordal reiste heim frå hovudlandsrennet med gull, sølv og bronse. Det er fyrste gong på 12 år at ein vesttele står øvst på pallen.

Det var nesten 1000 ungdomar som deltok i hovudlandsrennet i langrenn. Ingerid Vadder var den einaste av dei som reiste heim med medaljar i alle valørar. Det fortel det meste om innsatsen til Morgedal IL-løparen i dei harde Lygna-løypene.

Laurdag opplevde ho sin aller største augneblink som langrennsløpar då ho vann sprinten i den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar. I konkurranse mot 214 andre i 15-årsklassa gjekk ho heilt til topps i finalen. Sundag var ho sterkt delaktig i at Telemark og Vestfold sikra seg stafettsølv i jenteklassa, og to dagar tidlegare blei det bronse i distanserennet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er sjølvsagt kjempefornøgd med utteljinga i helga. Det kunne nesten ikkje gått betre. Eg hadde håp om at det skulle vera mogleg å få til gode løp og dermed gode plasseringar. Men gull, sølv og bronse er i overkant, seier Vadder til VTB.

Det fyrste hovudlandsrennet kjem ordalsjenta aldri til å gløyme. Då lokalavisa snakka med henne sundag såg ho fram til å roe ned etter hektiske og innhaldsrike dagar på Hadeland.

Størst fart

Vadder har stort sett vunne det som er å vinne i vinter. På krinsnivå er det ingen som har klart å halde fylgje med tenåringsjenta. Ho var spent før karrierens fyrste møte med jamaldrande i nord, sør, aust og vest. Fredag var det to som heldt større fart enn Vadder. Dermed blei det bronse. Den prestasjonen blei toppa med gull eit døgn seinare.

Ingerid Vadder vann sprintfinalen og blei den første telemarkingen sidan 2006 som vinn hovudlandsrennet i langrenn. Ho fekk også bronse på fredagens distanserenn og sølv på sundagens stafett.
Ingerid Vadder vann sprintfinalen og blei den første telemarkingen sidan 2006 som vinn hovudlandsrennet i langrenn. Ho fekk også bronse på fredagens distanserenn og sølv på sundagens stafett.
Ingerid Vadder reiser heim med gull og bronse frå den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar.
Ingerid Vadder reiser heim med gull og bronse frå den uoffisielle noregsmeisterskapen for 15- og 16-åringar.

– Eg er svært fornøgd med at eg presterer som best når det gjeld som mest. Hovudlandsrennet har vore det store målet for meg i vinter. Heilt sidan eg starta førebuingane til sesongen har arrangementet vore i tankane mine, seier 14-åringen som konkurrerer i 15-årsklassa.

Tevlar i Kollen

I fyrste halvdel av mars skal ho konkurrere i Holmenkollen. Ho har nemleg fått grønt ljos til den populære krinsstafetten, eller ungdomsstafetten som er det offisielle namnet. Det betyr at ordalsjenta får høve til å gå i det same løypenettet som verdscupløparane. Stafetten er ein del av verdscuparrangementet i Kollen. Ingerid reknar med at krinsen vil stille eit slagkraftig lag. Det skal gå ein gut og ei jente fødd i 2003 og 2004 på kvart lag når startskotet smell i Oslo.

– Det er litt synd at stafetten kolliderer med Ungdoms-Birken, men det er lite å få gjort noko med, seier Vadder.

Ho har pappa Mikkel som trenar, og er innstilt på å halde fram skisatsinga. Men ho har ikkje tenkt så langt som om det bli skigymnas når ho er ferdig på vidaregåande skule. Framleis har ho eitt år på seg til å stake ut den kursen.

Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo vann sprinten i hovudlandsrennet i Alta i 2006. Han var då den fyrste frå Telemark til å gå til topps i den uoffisielle noregsmeisterskapen i langrenn.