Egon, Benny, Kjell og resten av Olsenbanden jr. leverte ei strålande teaterframsyning på kulturhuset saman med musikalsk hjelp frå kulturskulen i Seljord.
«Øve, øve jevnt og trutt og tappert det er tingen, alltid bedre om, og om, og om igjen …», skreiv Johan Nicolaisen i visa «Mot i brystet» som fyrst vart kjent i 1899. Aktuelt den gongen – aktuelt på mange arenaer nå. For øvd – det er det heilt sikkert at dei fjorten jentene i teatergruppa i Seljord har gjort saman med dyktige musikkelevar og lærar frå kulturskulen.
Torsdag og fredag fekk ein vere med «Olsenbanden jr. på sirkus» til byen der Sirkus Flamingo skulle kome på besøk. Olsenbanden, med trioen Egon, Kjell og Benny, mistenkte at barneheimbestyrar Sigvald Pettersen gøymde noko skummelt i pengeskåpet sitt, kanskje var det ein koffert med ei bombe i? Men å kome seg inn på Pettersens kontor og inn i safen var ikkje lett, og det dukka opp meir enn ei forvikling og utfordring for Olsenbanden. Ikkje berre knytt til pengeskapet, men på kjærleiksfronten óg – for kva om Biffen fekk ta Valborg med på sirkus – det ville vere krise for Kjell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har øvd mykje
Då VTB såg framsyninga fredag kveld sat replikkane godt, og ein stolt instruktør, Ingunn Haugland, fekk lite å gjere som sufflør for dei dyktige jentene som strålte trygge på scenen både med dans, replikkar og med stødig solosong.
VTB fekk ein prat med to av skodespelarane som smilte breitt etter framsyninga. Dei kunne fortelje at teatergruppa hadde jobba for det gode resultatet.
– Me har hatt teaterøving eit par timar ein gong i veka sidan i fjor haust. Me kom med ynskje om kva rolle me hadde lyst på, så blei det bestemt saman med instruktørane. Dei siste vekene før framsyningane har det sjølvsagt blitt ekstra mykje øving slik at alt skulle sitje. Det har vore kjempegøy, fortel Stine Braaten og Adele Fosse som har vore med i teatergruppa fleire år.
Stykket har omfattande manus, og jentene innrømmer at det også har blitt ein del øving heime.
– Men det er berre morosamt, og alt gjekk kjempefint. Det beste med stykket er at alle i teatergruppa får vere mykje på scenen saman, meiner jentene.
Dei har lyst til å halde fram med å spele teater, og ei rolle i stykket «Trollmannen frå Oz» står på ynskjelista i framtida.
To framsyningar
Det var torsdag ettermiddag kulturskuleelevane var klare for premiere. Pulsen slo nok litt ekstra raskt då stolrekkjene i storsalen på Granvin kulturhus byrja å fylle seg. Applausen og tilbakemeldingane var fulle av ros, og suksessen gjentok seg fredag då teatergruppa på ny var klare med lausbart, klovnestrekar, dansetrinn og dynamittsmell til nok ei framsyning med svært godt frammøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
På scenen
Skodespelarane i teatergruppa: Guro Bjørge (Kjell), Guro Margit Bjørge (Egon), Ido Hiis (Benny), Stine Braaten (Hermansen og Biffen), Anne Haugland (Valborg), Astrid Skogheim Skræi (Ingrid), Marwa Abdulahi (Fru Flamingo og Herman), Adele Fosse (Holm og Johnny), Ina Kåsa (Bassefar og Knut), Åsne Langesæter (Sigvald), Selma Brekkan (Dynamitt Harry), Hedda Lie Ståland (Milla), Mari Langesæter (Torvald og Gudrun) og Marte Sollid Tveit (Mathilde og Biffen).
I tillegg til skodespelarane har også musikalske krefter frå kulturskulen bidrege til at framsyninga blei så bra. I Olsenbanden-bandet var Tarjei Sivertsen og Jo Henning Kåsin (lærar) på gitar, Lilly Waltermann, Ingrid Andrup, Maren Jordbakke-Sigstad og Tore Sognefest (lærar) på piano og keyboard, Mikael Engebretsen og Torjus Våge Lia på slagverk og lærar Oddbjørn Aase på bass.
Bak i salen styrde Geir Jensen lyden og Mari Sandberg og Malene Hanssen, elevar frå Seljord folkehøgskule, styrde ljoset under framsyningane.
Ingunn Haugland, Montserrat Ontiveros og Gunn Steinstad har vore instruktørar for gruppa medan Lene Wadseth Myren har vore koreograf og instruktør for dansescenane.