Helsesenter og ambulansar dominerte
Samhandlingsreforma og ei utviding av helsesenteret i Åmot var saman med ny ambulansestasjon dei store sakene i Vinje kommunestyre torsdag. Ei arbeidsgruppe skal raskt ta fatt på utgreiingsarbeidet.
Vinje kommune tek mål av seg til å vere leiande på helsesektoren i Vest-Telemark når nye og utvida krav til helsetenestene kjem i samband med samhandlingsreforma.
Etter eit langt ordskifte med gruppemøte undervegs, slutta politikarane seg samrøystes til eit framlegg varaordførar Aslak Ofte (Sp) la fram på vegne av posisjonen (Høgre, Sp, KrF og SV).
Artikkelen held fram under annonsen.
Prinsippielt slo kommunestyret fast at det ikkje er eit kommunalt ansvar å syte for eigna lokale til ambulansetenesta, eller subsidiere drifta av tenesta. Difor føreset politikarane at Sykehuset Telemark, som sit med ansvaret for ambulansane, legg nok pengar på bordet for å sikre ambulansepersonellet gode drifts- og arbeidsvilkår i Åmot.
Tidlegare på kvelden vedtok kommunestyret mot to røyster frå Frp å arbeide vidare med samhandlingsreforma og behovet reforma fører med seg for utviding av helsesenteret. Oppvekst- og velferdsutvalet (OVU) fekk oppdraget med å setje samen ei arbeidsgruppe til denne oppgåva. Arbeidsgruppa skal også vurdere om det er mogleg innanfor rammene for kommunens ansvar å gjeve ambulansetenesta eit tilbod om lokalisering ved helsesenteret. I tillegg skal arbeidsgruppa, som skal byrje arbeidet raskt, sjå på lokalisering av ein permanent landingsplass for luftambulanse i Åmot.
Vil ha med Tinn
Aasmund Nordstoga (Sp), leiar i OVU, peikte på at kommunestyret i denne omgang skulle vedta verktøyet kommunen skulle nytta i gjennomføringa av samhandlingsreforma. Han peikte på at reforma vil krevje regional tenking, og at Tinn kommune også måtte med i arbeidet mellom anna fordi dei har sjukehus.
OVU ynskjer også at Vinje skal verte pilotkommune når det gjeld gjennomføringa av samhandlingsreforma. No må me ha på bordet kva me må ha hjelp til og kva me har å tilby. Det er ei stor kartleggingsoppgåve framom oss, sa Nordstoga.
Framgangsmåten Nordstoga skisserte karakteriserte Halvor Lognvik (Frp) som svevande. Lognvik hevda at kommunen ikkje burde ta skritt knytt til den store helsereforma, men la departementet ordne opp.
Lokal påverknad
Jon Rikard Kleven (Sp) fann Lognviks «oppskrift» uakseptabel, og grunngav det med at lokal påverknad undervegs i prosessen er viktig.
Også Tor Strømme (Ap) støtta ein prosess som gjer at Vinje kommune vert liggande i forkant. Ap kom med framlegg om at Vinje bør søkje om eit pilotprosjekt.
Ordførar Arne Vinje (SV) peikte på at samhandlingsreforma er så omfattande at han såg det som lite føremålstenleg at ein kommune aleine søkjer om å vere pilot.
Artikkelen held fram under annonsen.
I denne saka må heile Vest-Telemarkregionen vere basis for arbeidet, og her vil Vinje kommune vere ein viktig og sentral pådrivar. Me skal syte for å utnytte dei føresetnadane me har gjennom eit godt utbygt helsetilbod, sa ordføraren.
Ynskje frå Ap om å vere pilotkommune i samband med samhandlingsreforma fekk 14 røyster og fleirtal. Mot to røyster frå Frp vedtok politikarane at kommunen skal spele ei aktiv rolle i det vidare arbeidet.
Ståande aleine
Sjølv om ambulansesaka var ført opp som eiga sak, såg kommunestyret ho i samanheng med samhandlingsreforma og nødvendig utbygging av helsesenteret. Roar Berg Hansen (Ap) fekk ikkje dei andre politikarane med seg i at det straks vert bygt ambulansestasjon ved helsesenteret.
Kutt ut formalitetane og sett i gang bygginga. Då kan me få ny ambulansestasjon klar til innflytting i år. Prislappen på 4 - 4,5 millionar kroner er ein overkomeleg sum, og ein bagatell i den store samanhengen, hevda Roar Berg Hansen.
Ordførar Arne Vinje (SV) konstaterte at det kan vere lett å la seg rive med i ei viktig sak som ambulansetenesta.
Rekkefølgje og økonomi
No må me gjere tinga i rett rekkefølgje og innanfor forsvarlege økonomiske rammer. Eg rår ambulansetenesta til å presse dei som har ansvaret for større løyvingar. Men kommunen er sjølvsagt interessert i ein dialog for å finne ei løysing i Åmot. I kveld skal me korkje konkludere om utbygginga av helsesenteret eller ny ambulansestasjon. Kommunestyret skal be OVU setje ned ei arbeidsgruppe, og me er i stor grad samde om realitetane, konstaterte ordførar Arne Vinje.