Heltar i hopetal
Om lag 1.200 deltakarar var med på historias fyrste Helterenn. I godt skivêr la deltakarane ut på tur. Svein Olav Utistog frå Byrte var den som hadde det travlast i den lengste løypa. 42 kilometer på to timar og ti minuttar gjev ein gjennomsnittfart på vel 19 kilometer i timen.
Vêrprognosane var ikkje dei beste før laurdagens storarrangement i Rauland. Seinast kvelden før rennet var det kraftig vind og snøfokk i området der i alle fall den lengste løypa var tenkt.
Men laurdagen kom med fint vêr og gode forhold for skiløparane. Med seks kuldegrader i startområdet og knappe halvparten i høgare strok, var det stort sett greitt å få skia til å sitje i motbakkane. Og motbakkar var det nok av dei fyrste 8-10 kilometerane, før løypa etter kvart flata ut.
Artikkelen held fram under annonsen.
Raske vesttelar
Med mykje staking var det ei føremon å vere sterk i armar og overkropp. Akkurat det er Svein Olav Utistog frå Byrte, og sjølv om han ikkje hadde beste passeringstid etter 16 kilometer, viste han seg som den sterkaste på slutten. Med 59 sekundars margin vann Utistog klassa (M26/30) og rennet totalt, føre Lars Petter Stormo, Team Torggata KF/Drammen CK. Morgedølen Aslak Fisketjønn blei nummer sju totalt, vel fire minuttar bak Utistog. og nummer tri i same klasse.
Tredje beste vesttele totalt blei Håkon Lie, Åmdal, med ellevte plass, 10.19 bak Utistog. Lie vann klasse M19/20. Også Knut Halvor Erikstein, Vinje, gjekk eit sterkt løp, og blei nummer 20 totalt. Erikstein blei nummer to i klasse M17/18, 9,14 bak vinnaren Jens Gunnar Torgersen frå Asker SK. Torgersen blei nummer åtte totalt.
Kom seg etter kvart
Andre klassevinnarar frå Vest-Telemark blei Såve-Maria Sveinson, Vinje, Anne Margit Urbø, Åmdal, og Kolbjørn Birkrem, Flatdal. Seljordingen Audun Svartdal var også på plass, og blei nummer to i klassa si, bak nettopp Birkrem.
Det var tungt, og då eg kom til skiltet som sa at det var 30 kilometer att var eg i tvil om korleis dette skulle gå. Eg har vel ikkje pressa kroppen min som dette sidan Haukelirennet for snart to år sidan. Men heldigvis så er eg litt betre i lettare terreng, og eg kom meg etter kvart, smilte Svartdal etter å ha gått løypa på to timar og 31 minuttar.
Han blei nummer 35 totalt i Helterennet, vel 21 minuttar bak Utistog.
Det er eit flott arrangement, og eg er viss på at deltakartalet vil auke år for år. At det er arrangement for dei yngste i tillegg, er veldig bra, skrytte Svartdal.
Noko for alle
Familiehelten var også ein suksess, og deltakarane der gjekk ei sløyfe på 13 kilometer med eller utan tidtaking. Barnehelten var meir ei skicrossløype i området på fotballbanen i sentrum.
Premieutdelinga i den nye og storslegne Raulandshallen blei gjennomført etter alle kunstens reglar, og Noregs høgst dekorerte mann, Gunnar «Kjakan» Sønsteby stod for den gjevaste premieutdelinga. Han overrekte premiane til trippelvinnarane i herre- og dameklassa. Lars Petter Stormo fekk best tid samanlagt etter Helterittet, Helteløpet og Helterennet. I kvinneklassa var Brita Cecilie Mustad, Norcem BIL den sterkaste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av andre gode prestasjonar nemner me Ingjerd Utistog Kleiv, Vinje, nummer tri i klasse K36/40, Jostein Hestman Vinjerui, Il Dyre Vaa, nummer elleve i M31/35, Trond Neri Flothyl, IL Rein, nummer sju i M36/40 og Tor Einar Lid, Høydalsmo som blei nummer seks i M46/50.