Eit av oppdraga Svenning Jørgensen hadde i vår var å måle prestebustaden på Dalen.
Eit av oppdraga Svenning Jørgensen hadde i vår var å måle prestebustaden på Dalen.

Hengde vekk prestekjolen

Svenning Jørgensen har teke av seg prestekjolen etter 12 år i kyrkjas teneste. Han meiner kyrkja har blitt for liberal og at både biskopen og leiinga i kyrkja har svikta kyrkjegjengarane.

Svenning Jørgensen er fødd og oppvaksen på Nord Jylland i Danmark. Han voks opp i eit kristent miljø, og følte det som eit kall å bli prest. I 1981 reiste han til Noreg og Fjellhaug bibelskule i Oslo. Og det var ikkje berre den kristne læra han fekk meir av i Oslo, han møtte nemleg si blivande kone der.

– Eg minnest godt det møtet. Else Grete var den fyrste eg fekk auge på, og eg tenkte at ho vil eg ha. Slik blei det og me gifta oss i 1984. Då flytta me tilbake til Danmark, og eg byrja å studere til prest. I dag bur me altså i Lårdal og har fem barn saman. Frå 11 til 23 år, der dei to eldste har flytta ut for å studere og arbeide, smiler Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Tokke sidan 1996

Han har jobba som sokneprest og kapellan i Tokke sidan 1996, og budd i Lårdal heile tida. Til tider har han også vikariert som prost i Vest-Telemark.

I tillegg er han og kona aktive i dugnadsarbeid og det som rører seg i lokalmiljøet. Spesielt er han oppteken av ungdomsarbeid, og har derfor vore mykje med i ungdomsklubben i Lårdal, og ikkje minst i samband med Lårdals Ark, båten som blei bygd i Lårdal for nokre år sidan. At det blei Lårdal som blei den nye heimstaden var i fylgje Jørgensen noko tilfeldig.

– Fall for Lårdal

– Sjølv om Else Grete er frå Kviteseid, visste ho ikkje særleg meir enn eg gjorde om Lårdal. Det var ei ledig stilling som sokneprest i Lårdal sokn, og eg kontakta biskopen i regionen for å sjekke litt. Då me fyrst fekk kjennskap til Lårdal og sett oss omkring, fall me for staden med ein gong, hugsar Jørgensen.

I fjor søkte han permisjon frå prestejobben for å drive sitt eige firma, S. J. Hus og helse. No har han sagt opp stillinga som prest, og han satsar for fullt på den nye karrierevegen.

– Kyrkja er for liberal

– Presteyrket har vore spennande, utfordrande og til tider vanskeleg. Eg må innrømme at eg har vurdert jobben som prest over lengre tid. Eit heller dårleg frammøte i kyrkja og lågt engasjement har vore frustrerande, og eg følte etter kvart at eg ikkje strakk til, forklarer Jørgensen tankefullt.

Han har også klare meiningar om kvifor det ikkje er så mange kyrkjegjengarar som før.

– Mitt syn er at kyrkja i Noreg har endra kurs ganske kraftig i negativ og liberal retning, seier Jørgensen.

– Men trur du ikkje ei liberalisering nettopp er eit forsøk på å trekkje fleire folk til kyrkja?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt sikkert rett, men eg meiner det er feil verkemiddel. Me har fått ei politisk styring av kyrkja. Heile kyrkjas leiing inkludert vår eigen biskop har svikta fundamentet i kyrkja, Guds Ord og den lutherske læra. I staden får me eit religiøst teater med mykje pjatt og tomprat, og ein sosial-terapeutisk fasade, meiner Jørgensen.

– Mange timars grubling

Det har ikkje vore noko enkel avgjerd for Svenning Jørgensen å avslutte presteyrket.

– Det ligg mange timars grubling bak avgjerda mi. Eg må innrømme at eg er oppskaka, og kjenner både sorg og lette, seier Jørgensen tankefullt, og han avviser comeback i prestekjolen.

Han har i mange år drive som hobbysnikkar og målar. Derfor var ikkje valet vanskeleg då han skulle få seg eit nytt yrke.

– Eg har vore interessert i måling og snikkering i mange år, og eg følte det heilt naturleg å setje i gang med slikt arbeid. Det er til tider eit vêravhengig yrke, men det er flott med mykje frisk luft. Ikkje minst er det moro å sjå resultatet av det ein driv med. Det stikk motsette av det eg følte den siste tida eg bar prestekappa, fortel den blide dansken.

– Fann ikkje svara eg søkte

Permisjonen frå prestejobben i fjor søkte han for å prøve seg i den nye bransjen og for å få ei tenkjepause.

– Eg fann ikkje dei svara eg søkte, og dermed bestemte eg meg for å slutte som prest, slår Jørgensen fast.

No driv han altså eige firma, S. J. Hus og helse, og så langt har det vore bra med arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt nok å henge fingrane i, og eg har investert ganske mykje i firmaet mitt. Per i dag har eg 2,5 årsverk, i tillegg til meg sjølv i firmaet, seier Jørgensen.

– Kva står helse for i firmanamnet ditt?

– Det er slik at eg er distributør for helseprodukt, men det er berre på hobbybasis, ler han.

Held seg i form

Elles likar han å halde seg i god form, og han trenar mykje. I fjor gjekk han Lårdalstigen, men i år hadde han ikkje tid.

– Nei, eg måtte stå i ein annan stige i år. Me får sikte oss inn på tur til neste år att, smiler Jørgensen.

Elles vurderar han å utvide tenestene i firmaet sitt med blant anna å selje golv i forskjellige variantar.

– Eg har planer om å selje skipsgolv, plankegolv og parkett. Det manglar ikkje på idear skjønar du, seier han.

– Ikkje til Danmark

– Og kva med heimlandet, er det aktuelt å flytte tilbake til Danmark ein gong i framtida?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Slik eg ser det no blir me nok verande i Lårdal. Ungane trivst godt og det gjer me også. Og for å vere heilt ærleg så kunne eg absolutt ikkje tenkje meg å flytte tilbake til Danmark. Me føler oss heime her, avsluttar den trivelege ekspresten før han klatrar opp i stigen for å måle eit strøk til på huset til prosten i Vest-Telemark og presten på Dalen, tidlegare kollega Øyvind Jørgensen.