Gunhild Flatland (t.v.), Randi Solberg og Tone Langesæter song «Too Much Heaven».
Gunhild Flatland (t.v.), Randi Solberg og Tone Langesæter song «Too Much Heaven».

Herleg gjensyn med 70-talet

Nesten fire hundre menneske reiste seg og gav Seljord songlag taktfast applaus for konserten der dei frammøtte blei tatt med tilbake til 70-talet.

Leiar i songlaget, Signe Kvåle Rue, uttala etter konserten at ho var spent på kor mange som ville kome på konserten. Songlaget hadde sett opp to framsyningar på Granvin kulturhus, men ein smånervøs Kvåle Rue kunne raskt leggje alle bekymringar til sides. Klokka 18-framsyninga var fullsett, og det var ikkje mange ledige stolane på den siste framsyninga heller. Dermed fekk nesten 400 menneske med seg «smågøtt»-konserten. Og publikum visste å sette pris på det dei såg og høyrde. Ståande og med taktfast applaus gav dei aktørane på scena velfortent ros og takk for det dei hadde sett i det vel timelange tilbakeblikket til tida då punk og visesong var i skotet, buksene hadde sleng, håret var langt og kleda fargerike.

Songlaget har under dirigent Oddbjørn Aase (for høvet med langt hår) leiing øvd intenst den siste tida. I tidsrette kostymer og kulissar såg aktørane ut til å kose seg på scena. Mange i songlaget fekk prøve seg som solistar, med suksess. Som Arne Langesæters knalltøffe tolking av Boney Ms legendariske Daddy Cool. Med ein dirigent av Oddbjørn Aases kaliber og eit sjumannssterkt orkester av rutinerte ringrevar og talentfulle musikarar blei det heile eit herleg gjensyn med 70-talet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innimellom dei mange musikalske godbitane som «Yesterday once more», «Rose Garden», «Heksedans», «Wild World» og «Cecilia», var konserten krydra med små revyinnslag. Sentral i desse var revydronninga i Seljord, Reidun Øverland. Ho var innom både Hjalmar Lauvstads hjulspark og oppstarten av avisa du no les i. Andre revyinnslag som kvinnekamp i 70-åra og diskusjonen om det skulle bli barnehage i Seljord, gjorde også sitt til at konserten blei svært vellukka.

Etter at publikum hadde takka på sin måte, var det songlagsleiar Kvåle Rue sin tur. Ho takka for responsen og delte ut godord og blomar til Randi Øverland og dirigent Aase.