Hjartevarmt om plasseguten
Heimsleg, nært og gripande fortalde Anne T. Romtveit soga om den store diktaren og bladmannen Aasmund Olavsson Vinje på biblioteket i Seljord denne veka.
Som husmenn flest flytte også familien til Aasmund Olavsson mykje rundt. Men i 1824, då gutungen var seks år gamal rydda dei Plassevja, der dei seinare vart buande. Berre fire år seinare blei det ei stor sorg i Vinjestoga då mora Torbjørg døydde.
– Det var visst slik at Aasmund hadde truga seg til å få morsmjølk heilt til han var seks år gamal. Seinare hadde han skuldkjensle for at mora blei sjuk og døydde; han frykta han hadde soge krafta ut av henne, fortalde Romtveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seinare skreiv han den hjartevarme songen «Du gamle mor», som også blei sunge som allsong innleiingsvis i programmet:
Du gamle mor! du sliter arm,
so sveitten er som blod,
men endå i ditt hjarta varm.
Og du meg gav min sterke arm
og dette ville mod.
Å syngje saman
Det var Seljord mållag i samarbeid med biblioteket som stod for arrangementet, og om det synest aldri så naturleg å syngje på ein Vinje-kveld, skal dei ha ros for å prøve og få med alle dei nær førti frammøtte i å bruke kvardagsstemma si til å syngje dei kjende songane med. Me kan vel ikkje akkurat påstå at det spesielle skråtaket på biblioteket reiste seg då forsamlinga stemde i med «At far min kunne gjera», men synge ut gjorde dei, også i denne songen.
Anne T. Romtveit har vore omvisar i Vinjestoga i turistsesongen sidan 2010, og kan såleis soga svært godt. Kjeldene ho stør seg på er i hovudsak den biografiske forteljinga om Vinje av Ingvild Handagard og Olav Vesaas sin biografi «Ein tankens hærmann». Føredragshaldaren drog dei frammøtte gjennom liv og lagnad til diktaren, frå han som konfirmant stod øvst på kyrkjegolvet, til han på eige ansvar skreiv seg ut av det han omtala som «daudarhuset», altså Rikshospitalet, for å koma seg til Eidsbugarden. Dit nådde han ikkje. Han kom berre til Gran på Hadeland der han tok inn hjå den gode venen sin, kapellan Bang. Dei forstod kor dette bar, og Bang baud seg til å vaka over han. Det takka Vinje nei til, men ifylgje Romtveit svara han slik:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men Gud velsigne deg fordi du ville.
Kjærleikssoga
Kjærleiken hadde også ein sentral plass i den vel timelange presentasjonen. Aasmund var visstnok i ungdomen veldig forelska i grannejenta Margit Heggestøyl, og hadde sett føre seg ei framtid med henne etter at han var uteksaminert frå Askerseminaret, der han gjekk saman med ein anna vinbygg, Olav Fetveit. Presten hadde visstnok lova Vinje stillinga som klokkar i Vinje kyrkje då han var ferdig på seminaret, men slik skulle det ikkje gå. Det var skulekommisjonen, der sju gardeigarar sat, som avgjorde tilsetjinga. Olav Fetveit fekk stillinga, og då ville ikkje Margit ha Aasmund når han ikkje fekk denne posisjonen i heimbygda.
– Aasmund vart knust, sa Romtveit, og la til at mange meiner at diktet «Den dag kjem aldri» er skrive om Margit Heggestøyl.
Språkmannen
Då gjekk ferda til Mandal, der han var nokre år, og derfrå til universitet i Kristiania. I hovudstaden trefte han mellom andre Ivar Aasen.
– På denne tida skreiv Vinje framleis dansk-norsk, også i breva heim til far sin. Men då han blei sin eigen redaktør i avisa «Dølen», byrja han å bruke ord frå Ivar Aasen og ord frå si eiga dialekt. I tillegg til at han diktar ord. Forgeni bruka hanflógvit, ogreaksjon omtala han somattersig. Det siste har nok aldri blitt bruka sidan, sa Anne, som gjerne ser at det blir teke i bruk. Annleis då medflógvitet, som må seiast å vera umissande å ha i vokabularet.
Men så var det denne kjærleiken då. På Ferdaminne-ferda hadde han sett ei fager Trondheimsjente, og denne drosi såg han att i Kristiania.
– Han spurde henne om ho ville gifte seg med han, og sette så i ein gapskratt. Så då blei det visst ikkje meir, smilte Romtveit.
Giftarmål
I 1864 fekk Aasmund beskjed om at faren var alvorleg sjuk. Han la i veg frå Kristiania heimover til Vinje, men faren var gravlagt før han rakk fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 1869 gifte Aasmund seg med 33 år gamle Rosa Kjeldseth Enevoldsen, og dei busette seg i ein leilegheit i Bogstadveien 20. Året etter fekk dei ein son, men Rosa døydde nokre dagar etter fødselen. Vinje sjølv var sjuk, – ja så sjuk at han ikkje eingong var i gravferda til kona. Spedbarnet kom så til halvbror til Aasmund, Olav, som hadde kjøpt garden Kabberud ved Kongsvinger. Der var vesle Olav fram til onkelen og familie braut opp og reiste til Amerika då guten var kring ti år gamal. Då kom han til morfolket sitt. Sonen til Rosa og Aasmund skal ikkje ha hatt etterkomarar, og døydde på Dikemark sjukehus i 1934.
Lesarane blir neppe overraska over at bolken blei avslutta med songen som startar slik: «Blåmann, Blåmann, bukken min», som kanskje ikkje er den snåle barnesongen som mange trur. For Vinje-kjennar Anne T. Romtveit kunne fortelje at diktet fyrste gong kom på trykk i 1859 i samband med at styresmaktene ville skjera ned på geitehaldet her til lands, altså som eit landbrukspolitisk innlegg. Det har ikkje hindra versa frå å bli ein del av den norske songskatten.
Aasmund Olavsson Vinje
* Fødd på Plassen i Vinje 6. april 1818, og døydde på Gran på Hadeland 30. juli 1870, der han er gravlagt.
* Utdanna seg fyrst til lærar på det toårige seminaret i Kviteseid, og tok så artium på Heltbergs studentfabrikk i 1850. I 1856 blei han juridisk kandidat, og året etter fekk han autorisasjon som overrettssakførar.
* I studietida medverka han til det satiriske vekebladet Andhrimner, og i åra 1851 til 1858 skreiv han for Drammens Tidende.
* I 1858 starta han sitt eige vekeblad, Dølen, som han gav ut heilt til han døydde. Dette var den fyrste avisa på landsmål.
* Vinje hadde sin eigen journalistiske stil, og blir stadig nemnt som eit fyredøme for journalistar.
* I 1861 gav han ut Ferdaminni fraa Sumaren 1860, som handlar om fotturen frå Oslo og nordover Austlandet gjennom Østerdalen til Trondheim, og reisa sørover att via Romsdalen, Dovre og Gudbrandsdalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Seinare kom Diktsamling (1864), det episke diktet Storegut (1866) og diktsamlinga Blandkorn (1867).
* Kjende dikt av Vinje er mellom anna «Kunnskap skal styra rike og land», «Leitande etter Blaamann», «Tyteberet» og «Den dag kjem aldri at eg deg gløymer».
(Kjelde: allkunne.no og nn.wikipedia.no)