Hjelper ungdom i brytningstida
Ragnhild Kasland er miljøarbeidar ved Seljord ungdomsskule. Ho vil hjelpe ungdom til å meistre kvardagen endå betre.
Elevar som er psykisk sjuke kan koma for å snakke med meg. Men også elevar som treng leksehjelp, nokon å snakke med fordi kjærasten har slått opp eller som har gjort det dårleg på ei prøve, er velkomne til å prate med meg, seier Kasland.
Ho er oppteken av at alle elevar i 8., 9. og 10. klasse ved ungdomsskulen i Seljord skal føle seg velkomne til å slå av ein prat med henne. Ragnhild har kontor på skulen og tek imot elevar i skuletida. Alt elevane treng å gjere er å banke på kontordøra hennar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv er ho utdanna barnevernspedagog frå Alta og har jobba to år innan barnepsykiatri ved universitetssjukehuset i Tromsø. Ho byrja i jobben som miljøarbeidar ved skulestart i fjor. Stillinga er nyoppretta og det fylgjer få retningslinjer for korleis ho skal gjere jobben.
Det er utfordrande å vere med på å forme korleis denne jobben skal vere. Vegen blir til medan eg jobbar, uttalar Kasland.
Teieplikt
Også foreldre har tatt kontakt med Kasland med tanke på deira håpefulle.
Både foreldre og elevar kan ta kontakt med meg. Men eg har teieplikt og eg går ikkje inn i klasseromma for å sjå kva elevane gjer der. Eg skal fyrst og fremst vere ein nøytral person som elevane kan vende seg til når dei treng nokon å prate med, seier ho.
Ragnhild understrekar at ho ikkje på nokon måte prøvar å overta oppgåvene til foreldra.
Mange ungdomar vil ha råd frå vaksne, men dei tør ikkje prate med foreldra om alle slags problem. Då kan det vere fint at eg her er, seier Kasland.
Ingen tryllestav
Kasland er bekymra for rusproblemet blant ungdom i Seljord.
Eg åleine kan ikkje rydde bort rusproblema til ungdom i kommunen. Men eg samarbeider tett med politi, barnevern og lærarar ved skulen. Saman meiner eg me kan få til mykje, seier Kasland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho rosar Seljord kommune for å prioritere slik dei har gjort og gje ungdom på skulen ein ungdomsarbeidar.
Eg meiner eg driv førebyggjande arbeid og at kommunen på lang sikt sparar pengar ved at eg kommuniserer med ungdom før dei kanskje får store psykiske problem som kostar samfunnet mykje pengar, seier ho.
Prevensjon og aktivitetar
Kasland seier ho kan hjelpe elevar når det gjeld spørsmål om blant anna prevensjon.
Føler dei seg einsame kan eg finne fritidsaktivitetar til dei. Eg kan også fylgje elevane på fritidsaktivitetar dersom dei føler at dei blir mobba, seier ho.
Kasland håpar ho kan bidra til at miljøet ved skulen blir endå betre og at elevane er glade og positive. Ho byrja jobben ved skulestart i fjor. Så langt har det vore elevar innom henne kvar dag.
Mange problem som kjennes store kan bli mykje lettare om ein får prate med nokon om dei, seier Kasland.