Høgt nivå på UKM-deltakarane
Torsdag var det ungdomens kulturmønstring i Tokke. Mange talentfulle ungdomar sleppte seg laus på scenen og gav publikum i den fullsette Gullbjørgsalen i kulturhuset gode grunnar til å applaudere.
Heile 14 innslag var med i den lokale kulturmønstringa i Gullbjørgsalen i kulturhuset på Dalen. Vikarierande kulturkonsulent i Tokke og UKM-ansvarleg, Håkon Didriksen, var strålande fornøgd.
Dette var over all forventing. Det er heilt supert at så mange meldte seg på, og eg vil seie at kvaliteten er veldig høg. Du kan gjerne seie at eg er ganske høg no. Eg er liksom oppi taket og surrar av begeistring akkurat no. Juryen får ein tøff jobb med å velje kven som skal vidare til fylkesdelfinalen, smilte Didriksen då alle innslaga var over.
Artikkelen held fram under annonsen.
Breitt samansett jury
Juryen bestod av ordførar Hilde Alice Vågslid, kulturhusleiar Nils Gjerde og musikar Pål Mathisen. Sistnemnde spelar mellom anna i bandet Susperia, og har vore med i Meldi Grand Prix og i fjernsynsprogrammet Beat for Beat. Med andre ord ein røynd musikar.
Nils og eg får vere den vanlege «kvinna og mannen i gata-juryen», smilte Vågslid.
Så kan eg ta meg av det musikkfaglege, la Mathisen til.
Alle jurymedlemene kunne fortelje at det ikkje hadde vore tendensar til smisking eller forsøk på smøring frå deltakarane.
Det var ingen som prøva å spandere verken kaffi eller kaker, lo Vågslid, og la til at juryen kom til å få ein vanskeleg jobb med å plukke ut kven som skulle vidare.
Dyktige
Fyrst ut var Emma Solli (13) frå Dalen. Ho song «Fields of Gold», som er gjort kjent av Sting og ikkje minst Eva Cassidy. Det var sistnemndes versjon som låg nærast Emmas framføring, som var heilt strålande. Ungjenta frå Dalen har ved fleire høve vist at ho kan syngje, og det var mange i salen som blei rørt då talentet framførte songen.
Tolv år gamle Nette Storøygard song «Midnatt» frå musikalen Cats. Originaltittelen på songen er Memory, og unge Storøygard blei akkompagnert av Svetlana Sheytanova på piano.
Storygard er for ung til å bli med i fylkesdelfinalen, men ho leverte likevel eit strålande bidrag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så er det tid for ein kjekk, ung mann som er god på gitaren, introduserte kveldens konferansierar, Guro Hana, Siri H. Vindal og Rosalin A. Brown tokkebuaren Erik Skimmeland (14).
Han framførte den eigenkomponerte songen og melodien «Those memories». Skimmeland er kaptein på fotballaget, og han var sjef på scenen også.
Aina Louise Eliassen (13) frå Høydalsmo slo til med «Just The Way You Are» av Bruno Mars. Eliassen song godt og var kledeleg beskjeden på scenen. Song og artist passa som hand i hanske.
Fire ungjenter dansa og song, og dei såg ut til å ha det særs moro på dansegolvet. Også publikum visste å setje pris på dei fire 11-åringane Dagmar D. Lang, Elise Skimmeland, Ingrid C. D. Lang og Leonora D. Lang.
Inger Synøve Kovajord Hommo (15) frå Lårdal har vore med i UKM fleire gonger. Seinast i fjor gjekk ho vidare til fylkesdelfinalen. I år var ho med i to innslag, fyrst som soloartist, så som gitarist og vokalist saman med Trym Fehn Vaa, Halvor Sandland Noraberg og Espen Lofthus frå Høydalsmo.
Kovajord Hommo song fyrst «Price Tag» av Jessie J. Det er liten tvil om at den unge, lovande artisten har hatt stigande kvalitet på framføringane sine, og torsdag kveld blei den nærast fullsette Gullbjørgsalen i kulturhuset overbevist. Applausen var øyredøyvande.
Saman med bandet frå Høydalsmo song ho «Jumper» av Third Eye Blind. Også det svinga skikkeleg.
Marthe Kristine Nordjordet (16) frå Rauland song «Dont You Worry Child» av Swedish House Mafia, og det gjorde ho svært bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også bandet Gul Snø frå Tokke gjorde ein flott innsats med «Down On The Corner», udødeleggjort av Creedence Clearwater Revival. Bandmedlemmene er Erik Skimmeland, Olav Vågslid, Emil Bekk og Erlend Karlsen.
I tillegg bidrog Jenny Elise Skogsrød med «All This Time» av Maria Mena, Ingrid Margrethe Olavsdotter Bakken spela «Pour Adeline» på piano, Adriana Amundsen song «Stamp On The Ground» heilt utan musikk, og Amalie Timland song «Sing».
Verdsmeister på trommer
Etter at dei lokale artistane var ferdige, dukka det opp ein kul trommis på scenen.
Han er 21 år, frå Asker. Han har vore med i UKM mange gonger, har vunne World Challenge i trommer i Los Angeles. Namnet hans er Bård, Bård Kolstad, sa konferansierane.
Truleg har det aldri vore spela trommer på denne måten nokon gong i kulturhuset. Maken til tøffe greier har vel dei færraste vore med på, og publikum gav Kolstad fortent applaus.
Musikk betyr mykje
Dei som går vidare frå lokalmønstringa er: Emma Solli, Aina Louise Eliassen, Inger Synøve K. Hommo, Trym Fehn Vaa med band, Gul snø og Marthe Kristine Nordjordet, sa juryformann Hilde Alice Vågslid.
VTB spurte Inger Synnøve Kovajord Hommo kva musikken betyr for ho.
Det går nesten ikkje ein dag utan at eg spelar og syng sjølv. Musikk er ein viktig del av livet mitt og er noko eg har lyst til å halde på med, sa ho etter at fylkesdelfinaleplassen var sikra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvaliteten på det du gjer har blitt betre og betre. Er det mykje arbeid som ligg bak?
Eg er heilt samd i at eg har blitt flinkare, og det handlar heile tida om å øve og utvikle stemma. I tillegg er det noko med å vere deg sjølv og vere trygg på din eigen måte å synge på, svara ho.