Holet i fjellet, ordførarskifte og skulekamp
I året som gjekk har hòlet gjennom Mælefjell stadig blitt djupare, i august valte seljordingane eit skifte og Arbeidarpartiets Halfdan Haugan blei ordførar, og den vidaregåande skulen kom nok ein gong i nedleggingsvinden.
Arbeidet med Mælefjelltunellen har gått sin gang gjennom året inne i det 1413 meter høge fjellet. Tunellarbeidet starta i 2014, og skal i 2019 vere klart slik at du kan køyre strake vegen, 9,4 kilometer, gjennom fjellet frå Århus i Seljord til Gvammen i Hjartdal. Tunellen blir Noregs femte lengste, og ein av dei med størst overhøgde. Den får truleg ein prislapp på to milliardar kroner, og vil spare bilistane for ein 10–20 minuttars køyretur.
I midten av november var ordførarane frå Seljord og Hjartdal 2387 meter inne i fjellet for å streke opp at fjellarbeidet hadde passert kommunegrensa. Ein tredel av tunellstrekninga var med dette sprengt ut, og vegen mot gjennomslag hausten 2016 er i rute.
Artikkelen held fram under annonsen.
I rute er også planane om teknologiparken som skal ligge på Århusmoen i Seljord.
– Oljekrisa stoppar ikkje planane om Vest-Telemark teknologipark, den skal stå klar for opning når tunellen mellom Århus og Gvammen opnar i 2019, uttala Torgeir Straand frå Telemark technologipark AS til VTB i august.
Jordskjelvet
79 elevar og lærar frå Seljord folkehøgskule var på tur til Nepal i slutten av april då det grufulle jordskjelvet, målt til 7,9, råka landet. Ei gruppe frå skulen var på barneheimen Balika utanfor Kathmandu då skjelvet kom. Det blei store skadar på bygningane. Folkehøgskulen starta ei omfattande innsamling, arrangerte solidaritetskonsert og auksjon for å stø opp om venene i Nepal.
Rett før jol kunne skulen melde at dei hadde samla inn over ein million kroner slik at dei mellom anna kan byggje opp att barneheimen som blei skada i skjelvet.
Spara skulen eitt år til
Nedleggingsspøkelset kom på besøk til Seljord igjen då fylkeskommunens kuttliste blei presentert i slutten av oktober.
Fylkesrådmannen kom nok ein gong med forslag om å leggje ned Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, men fylkestinget gjekk samrøystes inn for å oppretthalde skuletilbodet. Men i vedtaket låg det også at det vil kome ein ny strukturgjennomgang av skulane i mai neste år.
Kamp om steinkvelvbrua
Usemja kom også til syne då det i april blei snakk om å rive Seljords einaste steinkvelvbru i Dyrlandsdalen. Den flotte brua blei bygd i 1921 og er del av ein flaskehals for folk som skal vidare på fylkesvegen. Statens vegvesen vil byggje ny bru, og rive den gamle. Det reagerte bygdefolk og grendelaget på. Seljord kommune vedtok å ta seg av det framtidige vedlikehaldet om Vegvesenet bygger ei ny bru ved sida av den gamle. Det er sett av 17 millionar kroner til å bygge ei ny bru i Dyrlandsdalen i 2017.
Politisk skifte
Kamp blei det også i august då dei politiske partia jakta flest mogleg stemmer frå veljarane i kommunestyrevalet. Etter at alle røystene var talt opp var det Senterpartiets listetopp, Henry Mæland, som toppa populærtoppen, med Ap sin topp, Halfdan Haugan, rett bak. Senterpartiet hadde også den største framgangen med 17,9 prosent i Seljord sett mot resultatet ved førre kommunestyreval i 2011. Arbeidarpartiet gjekk fram 7,9 prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter forhandlingar var det Halfdan Haugan og Arbeidarpartiet som trekte det lengste strået om politisk leiing. Ap fekk på plass ei samarbeidsavtale med Høgre og Kristeleg Folkeparti for å sikre makta dei komande fire åra. Og Haugan fekk med seg avtroppande ordførar Jon Svartdal, som tidlegare på året skifta parti frå KrF til Høgre, som varaordførar fram til Solveig Sundbø Abrahamsen (H) er tilbake frå Stortinget til lokalpolitikarrolla i Seljord. Det kan bli om to år, viss ikkje Torbjørn Røe Isaksen blir skifta ut av regjeringa før den tid.
Ein våt haust
Vatnet skapte utfordringar både for privatpersonar, bønder og verksemder då kraftige regnmengder brått kom i starten av september. Overfløymde campingplassar, redningsaksjonar etter rundballar på fri flyt og øydelagde bruer og vegar var noko av resultatet frå dei kraftige vassmengdene.
Heldigvis roa ekstremvêret seg litt før årets Dyrsku i Seljord. 80 000 menneske gjesta Dyrskuplassen, og det blei sett publikumsrekord på fredagen med over 30 000 gjester. Då folkefesten var vel i hamn, slo regnvêret til att, og bekkar og elver fløymde over på nytt.
Kven vil samarbeide?
Kommunesamanslåing har vore tema rundt om i vesttele-kommunane i året som snart er omme. Fyrst ynskte Seljord og sjå på Vest-Telemark som ein ny, stor kommune, men i juni blei dette samarbeidet lagt på hylla då kommunane lengst i vest sa nei til vidare forhandlingar. Seljord valte å arbeide vidare med Nissedal og Kviteseid, og her vil ei intensjonsavtale kome på det politiske bordet på nyåret.
Seljord ynskte også å sjå på eit samarbeid mot Midt-Telemark med Bø, Sauherad og Nome. Men planane her blei også skrinlagt etter at Nome sa tydeleg i frå om at Seljord ikkje var velkomen i storkommunen. Rett før jol blei Seljord invitert til eit nytt samarbeidsmøte. Denne gongen var det Notodden, Sauherad og Hjartdal, og samtalane med desse partane vil halde fram.
Best av dei beste
Då skuleåret var omme i juni, var det ein elev i Seljord som markerte seg heilt til topps. Flatdalsjenta Ingrid Helene Gribowski (16) kunne som ein av svært få ta i mot vitnemålet frå grunnskulen med seksarar i samtlege skulefag.
Skulehistorie blei også skriven i august då den fyrste Montesorri skulen i Vest-Telemark opna dørene i Åmotsdal. Ti elevar og to lærarar var med å starte skuleåret.
Vatn som kostar
Det nye vassverket i Seljord, som er kostnadsrekna til 56 millionar kroner, skal stå klart i juni 2016. Eit 250 kvadratmeter stort bygg som skal reinse vatnet tar form på Vallar. Vassavgifta auka med 30 prosent frå 2014 til 2015, og fram til 2017 er det stipulert ein auke med 175 prosent i høve til 2014-tala. For eit vanleg bustadhus vil dette seie at vassavgifta blir dobla frå 2015 til 2017.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord ynskjer å satse på fleire arbeidsplassar og kommunestyret vedtok før jul å kjøpe aksjar for ein million kroner i den nye næringshagen som skal bli etablert i Telebygget på Brøløs. Når bygget står ombygd skal det romme 73 kontorplassar.
Og fleire arbeidsplassar blir det også i nabobygget. Sparebanken Din flyttar inn i dei gamle lokala til handelslaget på nyåret og får med seg både familievernkontoret og psykolog i same hus. Det gamle bankbygget blir då ledig og kan huse nye arbeidsplassar.