Høybråten vitjar Kviteseid
Helseminister og ny leiar i Kristeleg Folkeparti Dagfinn Høybråten vitjar årsmøtet til Kviteseid KrF i morgon.
I morgon er det årsmøte i Kviteseid KrF på Misjonshuset. Møtet blir delt i to sekvensar og i fyrste del kjem helseminister Dagfinn Høybråten og talar om KrF si framtid og aktiv distriktspolitikk for kommunar og sjukehus.
Det er svært interessant. Me føler oss heldige som får den nye partileiaren i KrF på besøk. Me har store forventningar til Høybråten. Det er fyrste gong han er ute i felten og held eit lengre foredrag for folk, etter at han er valt som ny leiar, fortel avtroppande leiar i Kviteseid KrF, Olav Mosdøl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pussig
Mosdøl fortel at då Høybråten vart spurt om å kome til Kviteseid, hadde ikkje Valgerd Svarstad Haugland gått ut i media med at ho ville trekkje seg som leiar i KrF.
Det som er litt pussig er at Svarstad Haugland var på årsmøte vårt i fjor, og same dagen ho var her i bygda, bestemte ho seg for å halde fram som leiar, fortel Mosdøl.
Kvifor valte de Høybråten som talar på årets møte?
Han er ein målretta helseminister som har jobba for å betre heile folkets helse. Det var naturleg for KrF å invitere han med tanke på hans interesse for helse og distiktspolitikk, seier Mosdøl.
For alle
Mosdøl legg vekt på at arrangementet ikkje berre er for medlemmer.
Her er alle interesserte velkomne. Me har delt møtet inn i to avdelingar. Fyrst blir det foredrag frå Høybråten. Etter matøkta fortsett me med ordinært årsmøte, informerer han.
Mosdøl trur det blir eit spanande arrangement, sidan Høybråten har stor politisk stønad i Kviteseid og sjølvsagt andre stadar i landet.
Han har stor integritet, er ein sympatisk person, skaper tillit og held inspirerande talar, meiner Mosdøl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire år som leiar
Mosdøl har valt å seie nei til attval som leiar av KrF og forklarar at det er av arbeidsmessige årsaker.
Eg har mange forfattaroppdrag framfor meg og er valt som leiar i styret for Kviteseid Bygdetun, fortel han.
Mosdøl meiner det har vore fire interessante år der ein har merka dei politiske pulsslaga tett på livet. Han meiner at Kviteseid er ein flott og variert kommune å bu i. Og når han ser tilbake på dei 40 åra han har budd her, trur han knapt at nokon generasjon har hatt det betre enn i dag.
Dei personlege krava er større nå fordi me er betre vant. Ein må forvalte dei midlane ein har til kvar tid på beste måte. Så må me ta ein dugnad på resten, både ungfolk og pensjonistar. For ingen blir fin av å skite i eige reir, uttalar Mosdøl.
Han ser positivt på samarbeidstankane som kommunen jobbar med. Det arbeidet som skjer både i Vest-Telemarkråd og Vest-Telemarkting er positivt.
Det er ikkje supperåd, slik andre har kalla det, men eit teneleg organ, meiner han
Utvikling
Mosdøl meiner at KrF sine viktigaste oppgåver dei siste åra har vore utvikling innan områda skule og barnehage, eldreomsorg og HVPU og oppussing og utvikling av sentrum.
Me har som siktemål at denne oppussinga skal halde fram i Vrådal dei komande fire åra. Og vassutbygginga i Kviteseid har også vore sentral, dette er også noko som må bli gjennomført i Vrådal, seier han.