Nissedal historielag har fått 50 000 kroner av kommunestyret til oppussing av bad og toalett i kyrkjestoga. Bak ser ein Treungen kyrkje.
Nissedal historielag har fått 50 000 kroner av kommunestyret til oppussing av bad og toalett i kyrkjestoga. Bak ser ein Treungen kyrkje.

Hundre tusen fordelt på to lag

Politikarane i Nissedal har vedteke bidrag som blir god støtte til prosjekt i historielaget og bygdekvinnelaget.

Nissedal kommunestyre har samrøystes vedteke å stø historielaget med 50 000 kroner til oppussing av bad og toalett i kyrkjestoga ved Treungen kyrkje, og 52 000 kroner til bygdekvinnelaget for innkjøp av elsykkel.

Historielaget har 142 medlemer og nyttar den gamle kyrkjestoga som foreiningslokale, i samråd med kyrkjeleg fellesråd. Sist haust byrja historielaget å gjere kyrkjestoga i stand. Hovuddøra – som er inngangsdøra til kyrkja som stod på Tveit – er til restaurering, og kjem på plass att i nær framtid, opplyser laget til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeid som står att er mellom anna å pusse opp det gamle badet, slik at toalett og vatn kjem på plass. Problemet for laget er å finansiere dette, og derfor kom det ein søknad til kommunen om støtte.

«Oppussing av bad og toalett vil også vere eit gode for fellesrådet. Kommunen har eit økonomisk ansvar for vedlikehald av kyrkjebygg, og det gjer det endå meir naturleg at kommunen yter støtte til tiltaket», skriv sakshandsamar Halvor Homme, ordførar i Nissedal.

Når historielaget er ferdig med alt arbeidet i kyrkjestoga er planen å ha ope hus for medlemene og andre interesserte éin dag i veka, og elles bruke huset til møte og andre arrangement som passar.

«Me har også planar for å gjere det mogleg å låne bøker frå den rikhaldige boksamlinga etter Tellef Øverland. Samlinga står i kyrkjestoga», nemner konstituert leiar Tellef Nygård i historielaget i søknaden.

Auka livskvalitet

Bygdelaget ynskjer å kjøpe ein elsykkel, liknande den som har vore ved omsorgssenteret i Treungen eit par år.

«Denne sykkelen har vist seg å vere eit svært positivt tiltak for bebuarane ved omsorgssenteret. Sykkelen det nå blir søkt om støtte til vil mellom anna inngå i eit aktivitetstilbod gjennom frivilligsentralen. Ein når ut til anna gruppe enn sykkelen ved omsorgssenteret primært dekkjer. Dette vil stort sett vere menneske som av ulike grunnar har problem med å kome seg ut på eigenhand, men som ved etablering av eit slikt tilbod vil kunne kome seg ut i frisk luft. Og kanskje også vere med og utvide kontaktnettet for enkelte av dei som blir brukarar av tilbodet», skriv sakshandsamar Halvor Homme.

«Passasjerane får auka livskvalitet gjennom felles oppleving av å suse av stad og vere tett på livet. Dette kjem til å glede mange, og kjem til å bli eit høgdepunkt i kvardagen», skriv bygdekvinnelaget ved leiar Ellen Nordbø i søknaden.