Hyttefelteigarar må byggje ny veg
Jordskifteretten krev at tre grunneigarar på Bakkebufjellet (624 hyttetomter) i Nissedal må byggje ny veg til 4,2 millionar kroner innan tre år. Skjer ikkje det har dei ikkje rett til å nytte Grimstveitvegen og Heivegen til Kyrkjebygdheia.
Tre grunneigarar i Nissedal har fått ei avgjerd i Øvre Telemark jordskifterett i saka om å kunne nytte den eksisterande Heivegen til Kyrkjebygdheia i samband med at trioen har fått godkjent ein reguleringsplan med 624 hyttetomter på Bakkebufjellet.
Dei tre eigedomane på Bakkebufjellet har ikkje tilkomst til det store planområdet, og har kravd sams tiltak og bruksordning etter jordskiftelova for å kome inn på eksisterande nett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inkludert dei tre grunneigarane har det vore heile 26 partar i jordskiftesaka.
Betaling for å kjøpe seg inn
For at dei tre grunneigarane skal få rett til å køyre vegen til Kyrkjebygdheia, har jordskifteretten avgjort at dei må byggje ny veg frå like etter Grimstveitbrua, langs Dampedalsåna og inn på Heivegen etter den automatiske betalingsbommen. Den nye vegen blir på 1,4 kilometer. I ein kostnadssum på 4,2 millionar kroner ligg det vegarbeid til totalt nesten halvannan million, 400 000 til autovern (800 meter), 800 000 til å leggje høgspent i jord, 100 000 til å flytte bommen og same summen for å betale grunn til vegen. Sjølve vegen skal vere fem meter brei pluss skulder på éin meter.
I domsavgjerda til jordskiftedomar Gunnar Bjerke Osen og meddomarane Magne Reinstaul i Seljord og Ingebrett Gaaren i Fyresdal står det at då bygging av ny veg er betalinga frå dei tre grunneigarane til å kjøpe seg inn på Heivegen, vil ikkje dei, og med det eventuelle hytter på Bakkebufjellet, ha rett til å nytte Grimstveitvegen og Heivegen om ny veg ikkje er klar til bruk innan tre år. Bruk av Grimstveitvegen og Heivegen i dei tre åra før fristen er derfor ein mellombels bruksrett og har tilkomst i perioden for inntil 50 hytter på Bakkebufjellet.
I samband med at det blir bygd ny veg må dei tre grunneigarane betale over 200 000 kroner i gjerdekostnader fordelt på tre eigedomar. Vidare må dei dekkje jordskiftekostnadene og gebyr på nesten 100 000 kroner. Alle utgiftene som er nemnd inkludert ny veg blir fordelt ut frå eigedomanes storleik til dei tre grunneigarane.
Manuell bom
Dei tre grunneigarane har ikkje fått medhald i at ein må velje eit anna vegalternativ som dei meiner er mykje rimelegare å byggje. Retten konstaterer at dette alternativet løyser trafikkulempa for tre bustadeigedomar i Grimstveitgrenda, men ikkje for dei andre bustadeigedomane der.
I rettspapira står det elles at det må opp ein manuell bom der den automatiske bommen står i dag, for å hindre at folk køyrer opp Grimstveitvegen og inn på Heivegen utan å betale. Vidare blir det minna om at bygging av veg er søknadspliktig. I tillegg blir det nemnt at den nye vegen vil tene, som i dag, både skoginteresser og fritidsinteresser, og at det derfor er naturleg å søkje om statstilskot til skogsbilveg.
Blir kvitt trafikkproblem
Elles slår retten dette fast om konsekvensane for eigedomane langs Grimstveitvegen når det kjem ny veg:
«Ved å leggje all hyttetrafikk frå Grimstveitvegen og inn på den nye vegparsellen, vil eigedomane langs Grimstveitvegen bli kvitt alle problema knytt til trafikken frå dei 550 hyttene som alt er bygt på Kyrkjebygdheia.»
Artikkelen held fram under annonsen.
I sakspapira står det dette om vegrett for hytteeigarane:
«Det er eit krav at vegretten hytteeigarane har på dagens veg skal flyttast til den nye traseen. Då løysinga jordskifteretten nå vel er svært omstridt, har retten valt å ikkje utvide saka til å omfatte hytteeigarane. Blir det rettskraftige resultatet av denne saka at vegen blir lagt om, får partane krevje ny sak med hytteeigarane som har vegrett til Grimstveitvegen, der tema blir flytting av vegretten».
Domen i jordskifteretten er nå endeleg.