Nitti år gamal debuterte Emma Flatin på ei husflidstevling. Løparen i enkel krokbragd vart vurdert til fyrste premie. Tri år og minus ein fot seinare er Emma framleis i veven dagleg.
Nitti år gamal debuterte Emma Flatin på ei husflidstevling. Løparen i enkel krokbragd vart vurdert til fyrste premie. Tri år og minus ein fot seinare er Emma framleis i veven dagleg.

I gang att i gogni

Skusla går, skeia slår og foten trør. Veven som metafor for livet er konkret til stades for Emma Flatin (93) i Flatdal.

– Vil avisa ta bilete av meg i veven, seier de? Ja, då må de koma med ein gong. Eg er nesten ferdig med løparen, måtte bare ha meg litt mat. Så skal eg til att og veva. Siste løparen på renninga før eg tek henne ned.

Me forstår at me har med ei travel dame å gjera. Men ymtar frampå om ho kanskje har noko vevnad å syne fram om me stikk innom ein dag seinare. Men nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei går så fort unna, så det tør eg ikkje love, åtvarar den travle. Me kastar oss rundt og når henne akkurat i det ho er i ferd med å ta dei siste innslaga på krokbragdløparen. No står berre knytinga att. Tri løparar denne gongen, dei siste i ei tjuemeters renning.

– Men neste gong trur eg eg skal ta ei på tjuefem meter, om eg er frisk...

Måtte ta foten

Emma ordnar det meste med veven sjølv, men treinga må ho ha hjelp til. Inn i gogni klarar ho ikkje å koma lenger. Ikkje etter at ho på grunn av koldbrann måtte amputere den eine foten.

Amputasjonen skjedde i januar i fjor. Etter sjukehus- og sjukeheimsopphald kom ho heim att til Brekke, garden tett under Skorve, med direkte utsyn til kyrkja. Der starta ho eit nytt tilvære som rullestolbrukar. Det var sonen hennar som gjorde framlegg om å ta fram veven att.

– Du trur ikkje du ville trivast betre om du hadde veven, spurde han. Eg var lite lysta til å byrje med. Ja, eg blei nærast kvalm då dei bar inn noko av gogni. Men når eg fekk sjå det som stod i veven, fekk eg lysta att, fortel Emma.

Fyrstepremie

No er det ikkje slik at Emma har vore veverske heile livet. Rett nok har ho vove mykje filleryer gjennom tidene, men annan vevnad byrja ho fyrst med på sine gamle dagar. Og når me seier gamle dagar, så meiner me det. Fyrste gongen ho stilte ut på ei husflidstevling var ho 90 år gamal. Debuten var på Dyrsku'n. Ho fekk fyrstepremie.

– Dei sa det var så godt vove, og hadde så fine kantar, seier Emma då me spør etter domaranes vurderingane.

– Eg har visst ord på meg for å ha fine kantar, seier veverska - nærast unnskyldande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å koma seg i veven att etter å ha mista foten var terapi for Emma.

– Vevinga er ei viktig drivkraft. Hadde eg ikkje vove trur eg ikkje eg kunne vore her heime. Du veit - nei, sitje, bare sitje. Nå får eg bruke foten på trøene. Ein brukar ryggen, sidene, magen og armane. Ja, heile kroppen brukar ein i veven. Har prøva både spiting og sauming, men då blir du bare sitjande i ein stad.

– Ei prøving

Augo festar seg i det vakre mønsteret av eigenkomponerte bordar som veks fram ettersom ulltråd på ulltråd er slegen inn. Ho blir tankefull.

– Foten er ingenting det, – men å kunne hava vitet.

Siste innslaget er slått til. Kjapt og lett sveivar Emma seg ned av vevkrakken og over i rullestolen.

– Eg ser på amputasjonen som ei prøving ein skal ha. Trur eg har takla det så godt eg kan. Det gjeld å ikkje miste motet. Eg er så glad eg har veven –

Frå høge Rogdeli til djupe Flatdal

Emma er oppvaksen i Rogdeli i tidlegare Lårdal herad. Derfrå fekk ho med seg interessa for form og farge. I den heimen blei det drive med mange slag husflidsarbeid.

Enno ikkje fylt sytten år bar det ut i verda på teneste. Ho måtte avslutte framhaldsskulen før skuleåret var omme og reise på flyttedagen om våren, den 14. april. Målet for reisa var Flatdal, staden ho skulle kome til å tilbringe resten av livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst gjekk ferda med hest til Dalen. Så var det overnatting der, og vidare med båt til Spjotsodd i Kviteseid neste dag. Der blei ho henta med hest av arbeidsgjevaren sin, styraren ved gamleheimen i Flatdal.

– Då me kom uti Skarphamar grua eg meg. Syntest det var ulikeleg å koma på ein slik stad – det såg så djupt ut. Eg som var vant til å ha det høgt og fritt...

Men det blei altså bygda ho skulle koma til å bu i. Fyrste jobben var som innejente og pleiar på gamleheimen. Den gongen var det over førti personar på Sundbø, medrekna pasientar og tenestefolk.

– Men eg lika meg ikkje så godt som innejente. Blei i staden utejente, eg treivst best med det, minnest ho. Derfrå bar det på teneste andre stader, til ho gifte seg og busette seg på Mosasida. Og der har ho trivst, om det enn er aldri så sollaust.

– Tjuesjuande januar kjem sola att her. Og tjuande februar glar sola bak Nordnibba på Skorve.

Mykje å gle seg til. Solrenning. Og tjuefem meter linrenning.