Magnus Kroken i rett goalballstil i haustvêret.
Magnus Kroken i rett goalballstil i haustvêret.

I noregseliten med lydball

Svaksynte Magnus Kroken (17) frå Smørklepp i Vinje spela førre helg på vinnarlaget som vart noregsmeister i goalball. No ynskjer vinbyggjen ytterlegare engasjement i lydballspelet, men saknar ein fast klubb for å kunne drive aktivt.

Manglande treningsforhold i heimfylket gjer at Magnus Kroken må til hovudstaden for å delta i goalball, eit ballspel for blinde og svaksynte. Han er ein av fire som etter helgas prestasjonar kunne smykke seg med tittelen noregsmeister i goalball. Sigeren har gjeve vinbyggjen meirsmak, men manglande treningsmoglegheiter i Telemark gjer det problematisk å halde fram med aktiviteten som ynskjeleg.

– Det er leitt at det ikkje er større interesse eller tilrettelagde forhold for å kunne trene eller spele goalball her i fylket, seier syttenåringen som til dagleg studerer IKT (informasjons- og kommunikasjon teknologi) ved Søve vidaregåande skule på Ulefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spela sidan ungdomsskulen

Kroken fekk kjennskap til ballspelet då han gjekk i sjuande klasse og har delteke i trenings- og kampsamanhengar så sant han har hatt sjansen. Men vekelege reiser til Oslo eller Bergen for å trene er både tidkrevjande og slitsamt og vanskeleg å gjennomføre over tid. Difor har Kroken primært engasjert seg ved særskilde høve. Og det ser ut til å la vente på seg før noregsmeisteren skal få optimale treningsmoglegheiter i det heile.

– Til hausten håpar eg å ha ein lærlingplass, helst i heimkommunen. Etter at dei to åra er over kan det kanskje bli aktuelt med eit lengre opphald i hovudstaden, men alt vil vere avhengig av korleis jobbsituasjonen utviklar seg, slår Kroken fast.

Meistrar fullt ut

På grunn av medfødd albinisme er goalball den einaste idretten Kroken føler han meistrar fullt ut. Han har spela fotball og involvert seg i andre ballspel, men i dei fleste ballidrettane har Kroken problem med å sjå ballen på lik linje med medspelarane. I goalball spelar ein med bind for augo, slik at ingen skal kunne dra fordelar av å sjå eller skimte korkje ball eller bane.

– Ballen er på storleik med ein stor basketball, og målet er å skåre ved å trille han over kortsida til motstandaren på den 9x18 meter store banen. Ballen inneheld ein lyd som gjer at dei tri lagspelarane på kvart lag skal kunne navigere seg og freiste å hindre motstandarane i å lage mål, fortel Kroken.

– Eg saknar ein fast klubb for å kunne halde fram med idretten. Det er veldig moro, og idretten er ein av få aktivitetar som er tilrettelagde for blinde og svaksynte, legg han til.

Til Sverige

Om tri veker går ferda til Sverige og ein ny goalballmeisterskap står for døra. Då skal syttenåringen representere Oslo Goalballklubb, der laget skal møte motstandarar frå både Europa og Norden. Ikkje minst med tanke på det sosiale er slike samlingar av stor verdi.

– I Noreg er det berre i underkant av 30 goalballspelarar som driv aktivt. Større meisterskapar som dette gjev høve til å utvide horisonten litt, samstundes som ein treffer mykje kjentfolk frå tidlegare, seier han engasjert.

– Sverige er dessutan eit land der daglege gjeremål er svært godt lagt til rette for blinde og svaksynte, fortel han, og seier at Noreg har mykje å lære til dømes når det gjeld fargen på skjermane i minibankar og storleiken på prislappane i butikkane.

Artikkelen held fram under annonsen.

På sikt er Kroken interessert i å lodde stemninga for eit goalballag i regionen, men før det blir aktuelt har han meir enn nok med å avslutte siste skuleåret bak dataskjermen på Søve.