Venke Bakke (SV) (t.v.), Åste Råmunddalen (Sp), Hilde Alice Vågslid (Ap) og Astri Randsborg Fladberg (Frp) er kvartetten som skriv politisk kvinnehistorie i Tokke.
Venke Bakke (SV) (t.v.), Åste Råmunddalen (Sp), Hilde Alice Vågslid (Ap) og Astri Randsborg Fladberg (Frp) er kvartetten som skriv politisk kvinnehistorie i Tokke.

I Tokke er det kvinnene som rår

For fyrste gong i historia er det fleire kvinner enn menn i Tokke formannskap.

Åste Råmunddalen (Sp), Astri Randsborg Fladberg (Frp) Venke Bakke (SV) og Hilde Alice Vågslid (Ap) er kvartetten som skriv historie i Tokke. Aldri før har det vore eit fleirtal av kvinner i formannskapet i Tokke, men då kommunestyret blei konstituert måndagskvelden blei fire kvinner og tri menn valde inn i formannskapet.

– Det er gledeleg at me er fleire kvinner enn menn. Me jenter tenkjer nok litt annleis enn mannfolka. Dessutan er me opptekne av andre ting. Eg trur ei overvekt av damer i formannskapet vil slå positivt ut i fleire saker, spår Hilde Alice Vågslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgde med kvinnefleirtal

Birger Nygård (Sp), Olav Urbø (Sp) og Kjetil Fulsås (Ap) er trioen som skal bryne seg mot kvinnene i formannskapet.

– Kvar skal me gjere av alle kvinnene. Skal me sende dei til Vinje, spøkjer Nygård, Urbø og Fulsås, som når alt kjem til alt er veldig fornøgde med eit kvinnefleirtal i formannskapet.

– Ja, dette synest me er veldig bra. At kvinnene blir stadig meir synlege i viktige politiske organ er alle tente med. Samansetjinga av formannskapet dei neste fire åra ser lovande ut, meiner trioen.

Finn Arne Askje, Erik Skimmeland, Atle Kåsa, Knut Seltveit Urbø, Birgit Johanne K. Olsnes, Geir Arild Djuve, Åse Wrålid, Alfred Selstø, Anneken Siri Schlenzig, Håvard Ole Holstaa, Inger Helen Hovden og Knut Storøygard er vararepresentantar til formannskapet.

Takka for tilliten

På vegne av Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet gjorde Finn Arne Askje (H) framlegg om Birger Nygård som ordførar. Kjetil Fulsås (Ap) gjorde framlegg om Hilde Alice Vågslid som ordførar på vegne av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Birger Nygård blei valt til ordførar med 12 røyster. Hilde Alice Vågslid fekk ni røyster.

– Takk for tilliten. Eigentleg hadde det nok vore greitt med eit maktskifte sidan eg har sitje så mange år i ordførarstolen. Men når eg fyrst stilte til val var det likevel veldig moro å få denne tilliten. Eg lovar å gjere det beste eg kan dei neste fire åra, sa nyvalt ordførar Birger Nygård til kommunestyrerepresentantane.

Finn Arne Askje presenterte også eit framlegg på vegne av Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet om Olav Urbø som varaordførar. På vegne av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti gjorde Kjetil Fulsås framlegg om Hilde Alice Vågslid som varaordførar. Olav Seltveit Urbø blei valt til varaordførar med 12 røyster.

Hilde Alice Vågslid fekk ni røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Birger Nygård (leiar), Hilde Alice Vågslid (nestleiar), Olav Urbø, Knut Storøygard, Erik Skimmeland, Finn Arne Askje, Jan Olav Godtland og Venke Bakke utgjer den nye valnemnda.