Han var usikker lenge og brukte god tid på å setje seg inn i valprogramma den siste veka. Til slutt blei Martin Listaul einig med seg sjølv og sleppte stemmesetelen ned i urna.
Han var usikker lenge og brukte god tid på å setje seg inn i valprogramma den siste veka. Til slutt blei Martin Listaul einig med seg sjølv og sleppte stemmesetelen ned i urna.

I tvil heilt til han gjekk i røystelokalet

Martin Listaul (23) frå Åmotsdal tenkjer mykje på Vest-Telemark når han skal røyste. Det endelege valet sit berre litt langt inne.

– Eg er ikkje sikker på om eg er klar til å røyste i dag altså.

Martin Listaul har akkurat kome inn hovudinngangen til Storosenteret i ly av pøsregnet. Oslos største kjøpesenter ligg like ovanfor leilegheita til seljordingen. Då me avtalte å møte han litt tidlegare i veka, var han klar på at han skulle klare å bestemme seg for kva han skulle røyste før onsdag. Nå er han litt meir usikker.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje noko trufast veljar og har stemt forskjellig kvar gong. Nå står eg litt mellom to parti. Trur eg må fintenkje litt.

Umogleg å finne det perfekte parti

Medan han gjer det, passar det jo fint å prate litt om korleis han tek valet sitt. Me set oss ned på ein kafé like innanfor inngangen. Martin er 23 år og går siste året på entreprenørskap og økonomi på BI rett bort i høgget. Neste år er planen å gå vidare på elektroingeniør. Men kva er det som er viktig å sjå på når han brukar den siste veka før valet på å bestemme seg?

Martin Listaul førehandsrøysta utanfor Storo-senteret i Oslo, men stemma den blir sendt heim til Seljord og telt som ein telemarksstemme.
Martin Listaul førehandsrøysta utanfor Storo-senteret i Oslo, men stemma den blir sendt heim til Seljord og telt som ein telemarksstemme.

– Det er jo litt slik at alle parti har enkeltsaker som treff og appellerer til deg. Det er umogleg å finne det perfekte parti, men eg stemmer utifrå min livssituasjon og kanskje litt framtidsretta. Eg tenkjer nok ikkje veldig mykje på miljø, men meir arbeidsplassar og slike ting, fortel Martin.

Det er ei sak som er desidert viktigast for Martin i valkampen. Ei sak nok mange vesttelar kjenner seg igjen som viktig for dei. Unge som gamle. Nemleg sentralisering.

– Det er nok det aller viktigaste. Særleg når det gjeld arbeidsplassar og skule. Eg tenkjer jo ein del på Vest-Telemark i valet mitt. Det er jo ein region eg og mange med meg vil heim til ein gong. Då er det viktig å bruke stemma på å påverke kva som skal skje der, meiner 23-åringen.

Kameratane meiner det same

Han fortel at dei snakkar ein god del om dette, han og kameratane frå Vest-Telemark i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er eigentleg ganske like og einige alle vesttelane eg har snakka med dette om. Sentraliseringa er noko me tenkjer på og vektlegg i valet. Eg trur det handlar om at me er fornøgde med den oppveksten me har hatt, har lyst til å flytte heim ein gong og tenkjer på korleis det skal bli der då, seier Martin og legg til at han trur ein kan gjere mykje sjølv også.

– Eg er litt oppteken av kva ein gjer det til sjølv også. Om ein er ein gjeng som finn på artige ting, så blir det bra å bu i Vest-Telemark. Miljø er kanskje det aller viktigaste når ein skal flytte heim, i tillegg til grunnelementa ein treng i eit lokalsamfunn.

Står mellom to parti

Då er det store spørsmålet om kva slags regjering han trur kan legge best til rette for desse faktorane.

Han dreg ei god stund på det.

– Det er det tvilen min kjem inn då. Det er eit vanskeleg spørsmål. Akkurat nå er eg heilt i grenseland og tørr nesten ikkje svare på det. Eg er ikkje nokon trufast veljar og har stort sett bytta kvar gong. Men nå kokar det nok ned til at det står mellom to parti. Senterpartiet og Kristeleg folkeparti, så eg står mellom to regjeringsalternativ.

– Har politikarane noko å seie, anten dei nasjonale eller dei som stiller til val for Telemark?

– Til ein viss grad. Men i så fall dei nasjonale ja, eg kjenner stort sett berre til dei lokale i Seljord elles. Men eg likar partileiarane for dei to partia like godt, så der nullar dei kvarandre på ein måte ut, flirer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje politisk engasjert

Han verkar til å vere engasjert og har verkeleg gått inn for å setje seg inn i valprogramma den siste veka.

– Eg er ikkje så politisk engasjert til vanleg, men når ein fyrst skal fylgje med nokre veker så blir ein jo litt engasjert. Eg les meg opp på partiprogramma, ser på debattar og diskuterer med vener. Det er kanskje det eg blir mest påverka av, i og med at me diskuterer ein del, fortel han.

Det er tid for å ta turen ut til røystelokalet som er sett opp utanfor kjøpesenteret. Er han klar for å velje mellom dei to?

– Hmm, ja nå trur eg er klar. Det blei litt klarare nå, seier han i det me skundar oss bort i regnet.

Martin går inn i bua, slepp kø og går inn i bak forhenget. Det tek ikkje lange tida før han er ute att og klar for å sleppe stemmesetelen i urna.

– Nå føler eg meg faktisk 100 prosent sikker på at eg har gjort det riktige valet.