Ikkje i boks
Definisjonar er kjedelege. Jo lettare det er å plassere ein kunstnar, jo kjedelegare er kunsten, meiner Ånond Versto.
Kunstnaren Ånond Versto (28) frå Vinje er hovudutstillar på joleutstillinga til Rauland kunstforeining, og heile andre etasje er via til eit vidt spekter av det han har laga gjennom mange år som kunstar.
Eg prøvar å forvalte ei slags undring både for publikum og for meg sjølv. Det er eit mål å sleppe unna definisjonane, seier Versto.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han synest det er vanskeleg å forklare kva han driv med. Vil ikkje definere det, fordi det ikkje går an å definere det.
Kunstnarar kjem ofte opp i ubehagelege situasjonar når me får spørsmål om kva me eigentleg driv med. For kunstnaren sjølv vil ikkje definere nøyaktig kva han gjer det er litt om å gjera at ein prøvar å vera på scratch heile tida, stadig undre seg over nye ting og bruke dei i kunsten, seier han.
For når kunsten kan plasserast i ein bås, forsvinn kanskje romet for undring og tankespinn. Når Ånond arbeider, veit han ikkje på førehand kva resultatet blir. Undringa er drivkrafta.
Assosiasjonsrekker
Gjennom denne undringa kom skulpturen «Nye Fragment av ein Gamal Gud» fram. Ein bukk i tre med lange spiralhorn og menneskearmar ligg på ei gamal skulpturtralle frå Dyre Vaas verkstad. Ånond gjev oss ei forklaring på korleis skulpturen, som enno ikkje er ferdig, blei til.
Eg starta med ein spiral, ei vindeltrapp, som skulle forsvinne ut i noko, kanskje til hjørna av universet. Då eg arbeidde med det, såg eg at det var noko hornaktig over trappa. Då byrja eg å sjekke ut etymologien, opphavet, til ordet horn, og det viste seg at dei to orda hjørne og horn eigentleg er det same ordet.
Tankane spann vidare. Moses blir av og til framstilt med horn. I Bibelen blir det hebraiske ordet keren bruka om Moses. Keren tyder å vekse horn eller stråle av ljos.
Eg ville at linene i rommet skulle knytast i hop. Då må det vera med noko som har mykje tyngdekraft. Skulpturen fekk dyreskalle og menneskehendar, og framstod gudeaktig. Då måtte eg sjekke om det fanst gudevesen i mytologien som hadde bukkehovud og menneskekropp. Det fann eg i egyptisk mytologi guden Khehm. Og det passa så bra, for han var guden som bygde menneskekroppar og var verje for dei som bygde ting. Dermed blei det ein nær forbindelse mellom symbolet og det å bygge det opp, fortel Ånund om prosessen.
Eg veit ikkje korleis eg skal bli ferdig med han, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Statens kunstnarstipend
På utstillinga har han samla mange av prosjekta han har arbeidd med gjennom mange år. Ein brei handverksbakgrunn gjer at Ånond nærmar seg alle materiale enkelt, og det speglar utstillinga. Gamle handverksteknikkar, vitskap og mekanikk blir sett inn i nye samanhengar. Ein mekanisk skulptur, eit slags trøorgel, blir til ei kaotisk tivolispeledåse som spelar av stjernekart. Vitskapleg informasjon mennesket etter kvart har fått tilgang til, blanda med gamaldags teknologi.
Det kan vera ein allegori til mennesket, eller eit slags mikrokosmos. Men eigentleg er det berre ein skulptur.
Teikningar, måleri, film, skulpturar i tre og andre materiale kunstnarens spekter er stort. Og det er mange som har tru på 28-åringen. Rett etter at han var ferdig med mastergraden på Kunstakademiet i Bergen, blei han tildelt Statens kunstnarstipend for 2012 og 2013.
Han har stilt ut på Norsk skulpturbiennale i Vigelandsmuseet, ein storslegen plass å stille ut, i fylgje Ånond. Deretter hadde han ei utstilling på Akershus kunstsenter, og i Kristiansand kunsthall. Saman med kunstgruppa si, Katla, har han hatt fleire prosjekt.
Men no er det altså Rauland kunstforeining som stiller ut den unge lovande kunstnarens arbeid. Heime i Vinje.