Det er ikkje pengar att til å byggje ut vegen mellom Seljord og Ordal.
Det er ikkje pengar att til å byggje ut vegen mellom Seljord og Ordal.

Ikkje pengar til å ruste opp vegen mellom Seljord og Ordal

Dei 315 millionane som er sett av til å ruste opp strekninga mellom Seljord og Åmot er ikkje nok. Vegvesenet føreslår å prioritere utbygginga mellom Morgedal og Åmot, og vente med vegen mellom Seljord og Ordal.

Statens vegvesen må forankre endringa i prioriteringsrekkjefylgja frå lokalpolitikarane. Saka blir tatt opp på eit telefonmøte i Vest-Telemarkrådet måndag.

Dei fire strekningane i prosjektet mellom Seljord og Åmot er:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Raudå bru – Åmot

– Morgedal – Mostøyl (Libergbakkane)

– Mostøyl – Høydalsmo (Rudsbakkane)

Arbeidet i Åmot er godt i gang og er venta ferdig neste sommar.
Arbeidet i Åmot er godt i gang og er venta ferdig neste sommar.
Libergbakkane mellom Morgedal og Mostøyl er ein problemstrekning og vil bli fullt utbetra. Prosjektet skal vera ferdig i november 2018.
Libergbakkane mellom Morgedal og Mostøyl er ein problemstrekning og vil bli fullt utbetra. Prosjektet skal vera ferdig i november 2018.
Det er ikkje sikkert det er pengar til heile prosjektet mellom Mostøyl og Høydalsmo, men Rudsbakkane må prioriterast, meiner Statens vegvesen.
Det er ikkje sikkert det er pengar til heile prosjektet mellom Mostøyl og Høydalsmo, men Rudsbakkane må prioriterast, meiner Statens vegvesen.

– Seljord – Ordal (også omtala som Nordbygdi–Stamperui)

Planlagt bom

Stortinget har tidlegare sagt at strekninga mellom Seljord og Ordal skulle prioriterast før dei andre prosjekta dersom det blei økonomiske endringar. Det var meininga at heile utbygginga skulle finansierast med bompengar.

Sidan innkrevjingspunktet var tenkt plassert på grensa mellom Seljord og Kviteseid kommune blei strekninga Seljord–Ordal prioritert i stortingsproposisjonen. Denneskulle gjennomførast fullt ut – også ved kostnadsauke, medan både utbetringane av Libergbakkane og Rudsbakkane kunne reduserast om det var nødvendig.

Då Høgre og Framstegspartiet kom i regjering blei bomplanane lagt på is. Prosjektet skulle finansierast utan bom. I 2014 blei prioriteringane frå Vegvesenet endra – med aksept frå Vest-Telemarkrådet. Då blei Rudsbakkane prioritert framfor Libergbakkane. Strekninga frå Seljord til Ordal hamna nedst på lista over dei fire prosjekta.

Samanhengande strekningar

VTB har tidlegare skrive at dei 315 millionane (same sum som innkrevjingspotensialet for bompengar) ikkje er nok til å gjennomføre heile utbygginga, og at Vegvesenet derfor må velje bort delar av storutbygginga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med dei midlane som er stilt til disposisjon, er det ikkje mogleg å byggje parsellen Seljord – Ordal, skriv avdelingsdirektør Kjell Solheim i Vegvesenet i eit brev til Vest-Telemarkrådet.

Han grunngjev prioriteringane med at strekningane som er valt er av næringslivet framheva som dei mest utfordrande. Det blir også vist til at det er eit ynske å i størst mogleg grad byggje ut samanhengande strekningar og ikkje «stykkvis og delt».

– Slik dette er prioritert nå, vil me få ein samanhengande tilfredsstillande standard frå Morgedal, forbi Mostøyl som er oppgradert tidlegare, opp Rudsbakkane og vidare så langt midlane strekkjer til.

I framlegget til vedtak blir det lagt til grunn at Statens vegvesen prioriterer strekninga mellom Seljord og Ordal i neste vegplanperiode (2018–2029).

Framdriftsplan på utbetringa mellom Seljord og Åmot

– Raudå bru – Åmot (Åmot aust): Arbeidet er godt i gang og er venta opna for trafikk i juli 2017.

– Morgedal – Mostøyl (med Libergbakkane): Gjennomført som planlagt med full utbygging. Ferdig i november 2018.

– Mostøyl – Høydalsmo (med Rudsbakkane): Om det er nok pengar til å fullføre heile strekninga er uvisst (avhenger av kva prosjektet mellom Morgedal og Mostøyl vil koste), men Vegvesenet poengterer at Rudsbakkane må prioriterast om det ikkje er nok pengar til heile strekninga.