Ikkje rør og hald hunden i band
Rådyrkjea blir fødd i desse dagar, og ligg ofte og gøymer seg i graset. Ved å halde hunden i band og ikkje røre rådyrkjea, får dei nyfødde dyra ein tryggare start på livet.
Sundag kom me på ei rådyrgeit som rusla over grendevegen, bak henne fylgde dette nyfødde kjeet på svært ustøe bein. Medan mor sprang i skjul bak trea, la kjeet seg ned i graset så raskt ho nådde grøftekanten.
Eit lite rådyrkje, tilsynelatande einsamt og forlate, kan vekkje mange kjensler. Men det beste ein kan gjere er å trekkje deg rolig vekk, og la dyret vere i fred. Mora er truleg alltid i nærområdet, og vil ikkje hente ungen før du er borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
I kalvingstida er det ikkje uvanleg å møte på nyfødde og einslege rådyrkje, hjorte- eller elgkalvar – og dei blir ofte gøymt i graset av mor for å beskytte dei mot fiendar. Om ein rører eller flyttar det vesle dyret kan det få store konsekvensar då menneskelukta kanskje fører til at mora ikkje kjem og hentar ungen att.
Det er også svært viktig å halde hunden i band når ein er ute på luftetur.
– Ordinær bandtvang gjeld frå 1. april til 20. august. I desse dagar er dyrelivet ekstra sårbart. Lause hundar kan skremme, jage eller skade fugl, vilt eller beitedyr, skriv hjortevilt.no