– Ingen skal sitje åleine på joleftan om dei ikkje ynskjer det
Det blir tradisjonell jolemiddag, pynta joletre og underhaldning. – Har du ingen å feire jol med, eller slit med å få endene til å møtest. Kom og feir juleftan saman med oss, oppmodar gjengen på folkehøgskulen i Seljord.
Seljord
– Det var Irene som kom med ideen, så blei me andre gira på å få det til, seier Lars Esborg frå Drangedal og ser bort på Irene Djuve som er tilsett som kokk på folkehøgskulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saman med dei andre stipendiatane ved folkehøgskulen i Seljord, som eigentleg høyrer heime i Grimstad, Enebakk, Svelvik, Bærum og på Dombås, vil gjengen stelle til ein alternativ jolekveld.
– Kvifor ynskjer de å vere att i Seljord og feire jol saman her?
– Det er fint å skape eit samlingspunkt der alle er velkomne på joleftan – barn, vaksne og eldre. Kvifor ikkje gjere noko for at fleire skal få det fint denne kvelden. Her er det plass til alle. Dette er i tråd med skulens verdiar, og solidaritetsarbeidet som skulen driv i vekene før jol. Arrangementet blir rusfritt og gratis.
Så langt er det hengt opp plakatar i Seljord og Bø, arrangementet er kringkasta på Facebook, og responsen har vore svært positiv.
– Me håper at folk kan melde seg på, slik at me veit kor mykje mat me treng. Men her vil alle få kome inn uansett, lovar Djuve.
God støttespelar
Ungdommane har vore i kontakt med verksemder for støtte, og fått inn ein del jolegåver. Matkjeda Meny i Seljord har verkeleg vore positive.
– Dei sponsar mat og drikke til selskapet. Det er fantastisk flott, smiler Djuvet.
Det er ho som skal ha hovudansvaret for sprø svor på ribba.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men eg får god hjelp av denne gjengen også, smiler ho og legg til at det elles vil bli kaker og kaffi og mykje godt slik det skal vere på jolekvelden.
Gjengen kjenner ikkje til at det har vore eit liknande tilbod på juleftan i Seljord tidlegare. Dei håper mange har lyst til å kome for å feire jol i peisestova på folkehøgskulen, og at tiltaket kan bli ein fast tradisjon i åra framover.
– Og er det andre som har lyst til å bidra med gåver eller anna til gjestene våre, ta gjerne kontakt. Skulle det vere behov for transport, så prøvar me så langt det lar seg gjere å få det til, smiler gjengen.
Terskel
Arrangørane tenker at det kan vera ein høg terskel for nokre å melde seg på, men håpar likevel at folk vil kome.
– Ingen skal sitje åleine om dei ikkje ynskjer det, eller kutte ut å feire jol av økonomiske grunnar. Eg trur eg kjem til å hugse denne jolefeiringa betre i framtida enn alle andre som har vore. Eg gler meg, smiler Anne Opheim.
– Me feirar jol i peisestova uansett, så det er veldig triveleg om fleire vil vere her saman med oss, seier Esborg og får støtte frå resten av gjengen.
tone.tveit@vtb.no