Inga velsigning over ulven
Kommunane i Vest-Telemark og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal går nå til kraftig angrep på rovviltpolitikken. Alle står samla om å seie nei til ulv i Noreg. Vidare vil dei ikkje godta meir enn seks-sju ynglande bjørnebinner i landet, og bed om at gaupeynglinga blir langt mindre enn det regjeringa legg opp til i rovviltmeldinga. Miljøverndepartementet og rovviltmeldinga vil dempe konfliktnivået, men det skjer ikkje når det er forslag om å auke talet på gauper, seier Bjaadal.
Måndag arrangerte Forumet for eit Ulvefritt Telemark og Agder konferanse rundt rovdyrmeldinga regjeringa la fram før jol. Kommunane i Telemark og 13 interesseorganisasjonar som står bak forumet, kjem med eit opprop til stortinget om å skjere kraftig ned på målet meldinga har om rovdyrbestanden framover.
Sjølv om meldinga viser at ynglande ulv skal halde seg til austlandsstrøk, er ikkje dette nok for forumet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ingen siger for oss om ulven blir dytta opp mot svenskegrensa. Det er noko som heiter solidaritet også, sa Tom Bøckmann, leiar i forumet.
Forvalte streifulv
Ein trong ikkje ha ulv i hælane for å forstå at Bøckmann ynskjer dette rovdyret dit peparen gror, eller i alle fall at det ikkje skal vere ynglingar av ulv i Noreg.
Me må oppheve vernet av ulv i landet. Men me kan ikkje liggje med maskingevær på svenskegrensa. Me må ha ei akseptabel forvalting og ha reglar for uttak av skadedyr når det kjem streifulv frå den monalege bestanden i Sverige, påpeika Bøckmann.
Forumet ser ikkje på ulven som utryddingstruga, sjølv om han ikkje får opphaldsløyve i Noreg. Signalet tilbake til stortingspolitikarane er at det ikkje lenger skal vere ynglande ulv i landet. Skulle det dukke opp ein og annan varg som går til angrep på bikkjer, meiner forumet det må vere fullt lovleg å ty til børsa på direkten.
Det er heilt uforståeleg når sentrale forvaltingsorgan nektar fellingsløyve på rovdyr som har gått til angrep på sau inne i gardstun, uttaler forumet i tillegg.
Seljording og fylkesvaraordførar Lars Bjaadal er også medlem av rovviltutvalet i Telemark. Han er ikkje nøgd med at området aust for Glomma skal bere nesten alle byrdene framover, og er samd i at det ikkje skal vere ulv i Noreg.
Folk sin kvardag blir ikkje lenger tilpassa dei som bur i områda. Me har ein jobb å gjere, og spørsmåla handlar om velferd, kvalitet og næring. Skal tolegrensa vere for oss som bur her, eller for rovdyra, sa Bjaadal.
Han minner om at rovviltmeldinga og departementet vil dempe konfliktnivået. Det meiner han i alle fall ikkje skjer når det er forslag om å auke talet på gauper.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokal forvalting
Forumet vil ha levedyktig bestand av bjørn, jerv og gaupe, og har sitt syn om storleiken. Rovviltmeldinga legg opp til 14-20 ynglande binner i Noreg, medan forumet meiner det får halde med seks-sju. Telemark er blant fem fylke som høyrer til region 2 i meldinga. Området skal etter planen opp på eit nivå der det er minst 18 ynglingar av gaupe. Forumet meiner det er nok med ti. Forslaget om tri ynglingar av jerv i regionen har ikkje forumet merknad til.
Det er ein del illegalt rundt uttak av rovdyr. Det er mykje betre at forvaltinga skjer på ein ordentleg måte lokalt, sa Bøckmann på konferansen.
Forumet slutta seg til forslaget om at lokale forvaltingsorgan skal ha hovudansvar for rovdyrforvaltinga i landet.
Å vri forvaltingsmynde frå byråkratiet til folkevalte organ vil styrkje aksepten for tiltak og utføring, heiter det i uttala som går til stortingspolitikarane. Elles påpeikar forumet at staten ved å auke rovviltbestanden må kome med meir midlar som skal dekkje kostnaden til skadar og konfliktdempande tiltak.
Meldinga aukar ikkje bestandsmålet
Øivind Holm frå Miljøverndepartementet har registrert fleire rare omtaler rundt rovdyrmeldinga. På konferansen nytta han derfor høve til å leggje fram departementets fakta i saka.
Den nye meldinga aukar ikkje bestandsmålet som er i meldinga frå 1997, presiserte Holm.
Blir meldinga vedteken slik som framlegget, betyr det at Telemark ikkje lenger blir med i forvaltingssona for ulv. Fylket må framleis tole streifdyr, og ved skadetilfelle kan det bli gjeve fellingsløyve. Byrjar eit ulvepar å markere revir i Telemark, blir båe dyra felte før dei har høve til å føde ungar. Holm påpeikar at det er svært lite sannsynleg at ulvepar vil etablere seg i Telemark.
Årleg blir det bruka 120 millionar kroner til erstatningar for rovviltskadar i Noreg. I snitt dokumenterer bøndene ein av ti sauer som blir erstatta som fylgje av rovdyrskadar. Dokumenterte skadar blir framleis erstatta, men den skjønnsmessige erstatninga blir avvikla. Pengane går i staden til ei kompensasjonsordning for risikoen ved å ha husdyr i område med rovvilt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er opp til sauebøndene om dei vil bruke risikokompensasjonen på si gamle bestemor eller for å førebyggje tap. Men vitsen med endringa er å stimulere til auka tilsyn og for å betre dyrevelferda. Ordninga gjer at ein kan følgje meir med både på eigen sauebestand og rovdyrstamma. Til fleire dokumenterte rovviltskadar, til meir erstatning får bonden, seier Holm til VTB.
Stortinget behandlar rovviltmeldinga 13. mai.
Manglar fokus på rovdyrfrykt
Psykiater og lege Eystein Stordahl sa på konferansen i Vrådal at han ikkje er fornøgd med korleis rovdyrfrykta er tatt vare på i rovdyrmeldinga. Stordahl held på med eit prosjekt om i kva grad menneske i rovdyrområde opplever frykt som har konsekvensar for helse og livskvalitet.
Psykiateren har gjort undersøkingar i 12 rovdyr-kommunar spreidd over heile landet. I tillegg til å snakka med helsepersonell og utmarkstilsette, har det også vore direkte kontakt med folk som har hatt nærkontakt med rovdyr. Eit par døme er ein mann med bikkje som plutseleg møtte ei binne med unge, og ein person som undersøkte skada sau og opplevde at bjørnen kom mot han.
Eg har møtt ein del gardbrukarar som har fått psykiske belastingar etter stadig å ha funne istykker-rivne dyr. Det er særleg eldre menn som får denne belastinga. Det går nok ein del uføretrygda rundt om, men eg skal ikkje dra den lenger, sa Stordahl.
Han nemnde også om endra bruk av utmarka på grunn av rovdyra. Eldre damer hadde slutta med den gledelege molteturen, og Stordahl sjølv hadde lagt merke til at mange færre familiar var på tur. På ei anna side var han imponert over kor tilpassingsdyktige folk har vore i bjørneområdet Lierne.
Undersøkinga får fram at det er bjørn og ulv som skaper rovdyrfrykt, ikkje i noko særleg grad gaupe og jerv. Stordahl meiner prosjektet viser at det for somme er monalege problem rundt rovdyra. Det har konsekvensar for helse, trivsel og livskvalitet for innbyggjarar i kommunar med mykje rovdyr.
Mitt bidrag er å få fram ei problemstilling som blir tatt på alvor. Elles meiner eg ein ikkje kan lære folk av med rovdyrfrykt, sa Stordahl.
Får ikkje felle ulv
Saualslaget, Bonde- og småbrukarlaget og Bondelaget i Aust-Agder har fått nei frå Direktoratet for naturforvalting (DN) om å felle ein ulv i fylket. 142 sauer blei erstatta som ulvedrepne i Aust-Agder i fjor, og tapstal frå organiserte beitelag i Froland og Birkenes låg til grunn for søknaden. DN konkluderer med at talet på ulvedrepne sauer ikkje er stort nok. Saka blir anka til Miljøverndepartementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
I ei pressemelding opplyser organisasjonane at det i fjor blei testa DNA-materiale frå seks ulike ulvar som var innom Aust-Agder, Telemark og Buskerud.
Dei som bruker utmarka som næring føler nå at staten ved DN ikkje forvaltar ulvestamma, men vernar henne, uttaler organisasjonane etter avslaget på fellingssøknaden.