Distriktssjef hjå Mattilsynet i Seljord, Sigurd Espeland, ser på kartet at alle aktuelle beiteområde for småfe i Vest-Telemark er i restriksjonssona for blåtunge. Dermed kan sommarbeitinga skje som normalt.
Distriktssjef hjå Mattilsynet i Seljord, Sigurd Espeland, ser på kartet at alle aktuelle beiteområde for småfe i Vest-Telemark er i restriksjonssona for blåtunge. Dermed kan sommarbeitinga skje som normalt.

Ingen beiterestriksjonar for småfe

Det vert ikkje restriksjonar for beiteslepp av sauer og lam i Vest-Telemark. Distriktssjef Sigurd Espeland hjå Mattilsynet i Seljord fortel at alle aktuelle beiteområde no ligg i den same restriksjonssona for den alvorlege blåtunge-sjukdomen.

Mattilsynet vedtok i slutten av april å endre soneinndelinga og yttergrensene. Tidlegare risiko- og observasjonssone er slegne saman til ei felles sone kalla restriksjonssone. Årsaka til endringa er at den opphavlege soneinndelinga ville skapt store problem for småfenæringa i samband med sommarbeitinga.

I Vest-Telemark var til dømes Nissedal og Fyresdal i ei anna sone enn resten av kommunane i regionen. Reglane var slik at det ikkje var lovleg å flytte dyr frå observasjonssona til risikosona. Slik var det også fleire andre stader i Sør-Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig at heile Telemark no er i same sone. Hadde ikkje endringa kome, ville mange sauehaldarar i Vest-Telemark fått eit svært problem. Ingen har nok areal til å ha sauene og lamma på beite heime heile sommaren, seier Sigurd Espeland.

Blåtunge er påvist i fire buskapar i Agder. Difor er områda i ei sone frå Arendal til Flekkefjord ei såkalla sperresone med dei strengaste restriksjonane. Elles ligg alle aktuelle beiteområda til småfeet i Vest-Telemark innanfor den nye restriksjonssona.

– For Vest-Telemark er det greitt at Tinn også kjem med i restriksjonssona. All flytting av livdyr ut av restriksjonssona er forbode. Mattilsynet kjem heller ikkje til å gje dispensasjon. I dei nye reglane er det ingen restriksjonar når det gjeld flytting av dyr til og frå beite innanfor eiga sone.