Helga Pedersen (Ap) lytta nøye til innspela som kom frå dei frammøtte på folkemøtet i Fyresdal.
Helga Pedersen (Ap) lytta nøye til innspela som kom frå dei frammøtte på folkemøtet i Fyresdal.

Ingen dato for ny skuterlov

Den nye motorferdsellova let enno vente på seg. Parlamentarisk leiar i Ap, Helga Pedersen, kunne ikkje gje noko lovnadar om når den nye lova er på plass då ho møtte fyresdølane torsdag.

På torsdagens folkemøte i Fyresdal fekk den parlamentariske leiaren i Arbeidarpartiet, Helga Pedersen, spørsmål om når den nye lova kjem. Ho innrømte overfor dei frammøte at arbeidet med lova var på etterskot, og at regjeringa var usamde i korleis den nye lova skal sjå ut. Men dei tri partia er samde i at det må kome ei ny lov. Sjølv var ho positivt til å opne for rekreasjonskøyring med snøskuter og å gje kommunane høve til å leggje ut trasear med heimel i plan- og bygningslova.

– Det er viktig mellom anna å få ukontrollert køyring inn i kontrollerte former, sa Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når dette skjer er endå uvisst.

– Eg kan ikkje seie noko konkret dato for når ei ny lov er på plass, seier Pedersen til VTB etter møtet.

– Men kva årstal, kanskje?

– Hehe. Eg håpar me er i mål i løpet av året, seier den parlamentariske leiaren for Noregs største parti.

Fyresdal-ordførar Bjørn Nome var blant dei som målbar kor viktig saka er for mange i Vest-Telemark.

– Det å kunne køyre skuter betyr veldig mykje for mange i Vest-Telemark, sa Nome og la til at Fyresdal kommune gjorde sitt for å fylgje regelverket dei er sett til å forvalte.

Han gjorde eit poeng av at regjeringssamarbeidet stod av både finanskrise og bruken av oljepengar, men ikkje i saka om ny skuterlov.

Kjell Audun Ålandsli var blant dei som tok ordet om temaet. Han er rørslehemma og har kjempa i 25 år for at det skal bli lettare å få lov til å køyre skuter for brukarar i hans situasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det har aldri vore verre enn no, uttala Ålandslid.

Engasjerte

Dei var ikkje så mange som møtte opp til folkemøtet med Ap-politikarane Helga Pedersen og Sigvald Oppebøen Hansen på samfunnshuset i Fyresdal, men dei som kom var engasjerte og kom både med innspel og spørsmål.

Spørsmåla frå salen gjekk mellom anna på rammevilkår for produksjon av økologisk mat, velferdssamfunnet kontra bygging av infrastruktur, lensmannsdebatten og AFP.

Fyresdal-rådmann Ketil Kiland tok for seg problematikken med å leve i det han karakteriserte som eit «dokumentsamfunn». Han viste til Fylkesmannen der ei stor oppgåve er å kontrollere kommunane.

– I Fyresdal brukar me meir enn eitt årsverk på å dokumentere at det ikkje blir gjort noko gale, sa han, og etterlyste også eit fokus på det positive etter tilsynsrapportar.

Helga Pedersen var opptatt av at ein må vakta seg mot for mykje byråkrati.

Registrete humpane

Vegstandard var naturleg nok sett opp som eitt av tema på møtet. Men i og med at Fyresdal ikkje har noko statleg eigde vegar, var det lite Ap-politikarane kunne love på vegne av fylkeskommunen som har ansvaret. Men Pedersen understreka at ho hadde fått med seg vegstandarden, sjølv om ho uttala at humpar og dumpar deler seg jamt i landet.

– Eg skjønar at de ynskjer eit lyft på vegane: Det er eit stort etterslep, men ein får ikkje rusta opp alt over natta. Å prioritere vegane her er opp til fylkestinget, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og Sigvald har kommentert kvar einaste hump på vegen hit, understreka Pedersen til humring frå salen.

Fyresdal-ordførar Bjørn Nome retta ein bøn til dei to politikarane om å syte for at fylkeskommunen får gode rammevilkår slik at vegstandarden blir betre.

– Det er dårlege vegar overalt, men dei dårlegaste er i Telemark og her i denne regionen, sa Nome, som meinte Pedersen burde køyre sørover frå Fyresdal mot Treungen for å sjå kor ille vegen er der.

– Eg veit ikkje om eg vil anbefale det, men det kunne vore verknadsfullt, meinte Nome.

Ein ting kunne Pedersen love. Nasjonal transportplan ligg fast.

– NTP er viktig for regjeringa, poengterte Pedersen.

Sukkeravgifta blei også omtala. Telemark kildevann meiner det er urettvist at dei må betale avgift på flaskevatn utan sukker når avgifta er for å få ned sukkerbruken. Pedersen sa at finansdepartementet ser på denne saka, men at dei må avvente eit nytt EU-direktiv.

– No må det skje noko

Torbjørn Røe Isaksen (H) er lite imponert over framdrifta i arbeidet med ny motorferdsellov. Ei ny lov har blitt varsla i fleire år, men framleis har ingenting skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No må det skje noko. Dette skaper usikkerheit i område som Vest-Telemark. I dag er det eit byråkratisk regelverk som ikkje gjev rom for sunn fornuft. Det held ikkje at dei i fire år seier det er ei vanskeleg sak, seier stortingsrepresentanten.

– Me ynskjer eit lovverk der kommunane sjølve kan bestemme. Det skal sjølvsagt ikkje vere fritt fram, men me etterlyser eit meir fleksibelt regelverk som balanserer nytte-, rekreasjon- og transportkøyring, held han fram.

Røe Isaksen reagerer på at SV overkøyrer dei to andre partia.

– Ap og Sp let seg styre av SVs misforståtte miljøvernpolitikk, uttalar høgrepolitikaren.

– Når trur du ny lov om motoferdsel i utmark er på plass?

– Eg håpar me slepp å vente i tri år til det blir regjeringsskifte. Då vil det i alle fall skje noko. Her må Ap og Sp bruke kjøtvekta, meiner Røe Isaksen.

Besøkte attføringsbedrift

Torsdag fekk Seljord personal besøk av dei to arbeidarpartipolitikarane Helga Pedersen og Sigvald Oppebøen Hansen. Dei fekk høyre om arbeidet som blir gjort for å hjelpe personar tilbake til arbeidslivet, og spesielt om tiltaket arbeidsretta rehabilitering. Dette er eit tiltak som blir gjeve til personar i ein sjukemeldingsfase der dei får tilbod om bistand tilbake til eigen eller ny arbeidsplass.

Utfordringane her, både for Nav, brukar og attføringsbedriftene som driv denne tenesta, er at budsjettrama for 2010 er bruka opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk ein god dialog med Helga Pedersen og Sigvald O. Hansen. Dei viste stor interesse for kompetansen, kunnskapen og dei metodane me nyttar i dei ulike tiltaka på Seljord personal, oppsummerer dagleg leiar ved Seljord personal, Olav Moen.

Ap-politikarane besøkte også jordskifteretten og tingretten i Kviteseid torsdag.

– Det har vore ein veldig flott og interessant dag, seier Helga Pedersen til VTB.