Saka om reinseanlegg på Haukerhylmoen samla fleire tilhøyrarar enn på mange år i Nissedal kommunestyre.
Saka om reinseanlegg på Haukerhylmoen samla fleire tilhøyrarar enn på mange år i Nissedal kommunestyre.

Ingen garanti for luktfritt anlegg

Kommunestyret i Nissedal får ingen garanti for at eit nytt reinseanlegg i Treungen ikkje blir til sjenanse for naboane. Det er politisk lukt av utryggleik rundt plasseringa.

I samband med saka i torsdagens kommunestyremøte i Nissedal om utbygging av interkommunalt vass- og avløpsanlegg for Gautefallheia, var det ei orientering. Sweco i Seljord har vore med i planprosessen, og stilte med Jørund Ofte for å informere om det som «luktar» mest i saka; etablering av eit naturbasert reinseanlegg på Haukerhylmoen, 400 meter frå næraste busetting. Naboane i området har protestert kraftig mot etableringa som dei meiner vil bli til sjenanse for innbyggjarane.

– Om de trur at eg her i kveld vil skrive under på at det ikkje blir lukt frå eit reinseanlegg på Haukerhylmoen, så kjem eg ikkje til å gjere det. Eg kan ikkje skrive under på at det ikkje blir lukt frå anlegget. Eg har full forståing for at naboane stiller spørsmål om slikt, sa Ofte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lukt og ikkje lukt

Ved å ha eit naturbasert reinseanlegg, nyttar ein naturens eigne mekanismar til å reinse avløp. Ofte sa at økonomi er ein vesentleg årsak til at eit slikt anlegg er tenkt etablert. 90 prosent av det som skal kome til anlegget, står hytter og turistbedrifter i kommunane Nissedal og Drangedal bak.

Ofte sa den varierande belastinga frå hyttene er utfordrande for å drifte eit konvensjonelt (lukka) reinseanlegg. Eit naturbasert anlegg fungerer stabilt sjølv om det er variasjonar i belastinga. Dessutan påpeika Ofte at eit slik anlegg er enkelt og lite ressurskrevjande å drive. Elles sa han at lausmassane på Haukerhylmoen er eigna for formålet.

Ofte nemnde eit naturbasert reinseanlegg i Bardu som ikkje har hatt luktplager. I det opne anlegget kjem det også råkloakk og matavfall, men slik skal det ikkje bli i Treungen. I Bardu er det lagt leca i bassenga for å etablere eit lukthindrande filter, ei løysing som også er tenkt i Treungen.

Frank E. Lien (KrF) greip inn og sa han hadde forhøyrd seg om eit anna anlegg som ligg på Rena. I periodar kom det lukt, og somme naboar som bur 400 meter unna hadde klaga.

– Liknar ikkje grisen

– Kva ville reaksjonen din vore om du budde 400 meter frå eit slikt anlegg, spurde Lien representanten frå Sweco.

– Eg ville ikkje vore så bekymra. Det er tiltak å gjere, om ein må det, svara Ofte.

Johanne Vejrup (Ap) sa klart i frå at ho har problem med valet av område som er gjort i saka. Ho viste elles til ei forskrift for avløpsslam som seier at avstanden til næraste busetting bør vere minst 500 meter.

– Faktumet er at det ikkje er snakk om slam i bassenga, men avløpsvatn. Det er noko heilt anna, svara Ofte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vejrup minna elles om at kommunestyret i august ikkje etterspurde eit naturbasert reinseanlegg, men utgreiing om eit reinseanlegg sør for Haukerhyl.

– Det liknar ikkje grisen å leggje eit naturbasert reinseanlegg tett på folk, sa Vejrup.

– Om det liknar grisen eller ikkje får du avgjere, svara Ofte.

Varaordførar Asbjørn Tveiten (Ap) sit også i arbeidsgruppa som tilrår å gå vidare med den interkommunale planen. I kommunestyremøtet minna han om at Sweco har gjort jobben dei blei spurd om.

– Arbeidsgruppa var oppteken av økonomi og driftskostnader. Eit konvensjonelt anlegg vil koste ti millionar kroner ekstra og to millionar meir i årlege driftsutgifter. Elles vil eg beklage at det ikkje blir politisk behandling av saka i kveld, sa Tveiten, etter at det blei vedteke utsetting.

Ofte møtte eit engasjert kommunestyre der det eine spørsmålet etter det andre dukka opp. Etter orienteringa såg politikarane ut til å vere nøgde med informasjonen, men ein kunne ikkje lukte om dei folkevalde no har slått seg meir til ro rundt plassering av eit naturbasert reinseanlegg på Haukerhylmoen.

Habilitet og utsetting

Før kommunestyremøtet torsdag fekk ordførar Anne-Nora Oma Dahle tilbake ei vurdering frå Fylkesmannen om habiliteten til kommunestyrerepresentantane Knut Haugsjå, Øyvind Sønderland, Halvor Homme og Jan Torfinn Solberg. Vurderinga frå Fylkesmannen er at dei fire av ulike grunnar er inhabile i den interkommunale saka.

I visse krinsar vekte det kraftige reaksjonar at ordføraren på førehand bad om ei habilitetsvurdering. Overfor VTB avviser Oma Dahle at handlinga blei gjort for å få vekk politiske motstandarar av reinseanlegget på Haukerhylmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har tatt kontakt med Fylkesmannen i andre habilitetssaker også. Det gjer at eg veit kva lovparagraf som skal brukast når kommunestyret gjer vurderingane om habilitet, seier ordføraren.

I torsdagsmøtet skulle kommunestyret ta endeleg stilling til habiliteten til dei fire politikarane. Det viste seg at det ikkje var kalla inn nok varafolk, om dei måtte trå til i saka. Etter at ordføraren hadde hatt ei intens drøfting med gruppeleiarane, kom valet om å utsette saka for å kunne ha nok vararepresentantar på plass om det trengst. Det politiske slaget om Haukerhylmoen let vente på seg ein månad.