Både nemnda og landbruksorganisasjonane seier nei til gaupefrie område i Telemark, fordi då får andre område større belasting.
Både nemnda og landbruksorganisasjonane seier nei til gaupefrie område i Telemark, fordi då får andre område større belasting.

Ingen gaupefrie område

Forvaltingsplanen for rovvilt dei neste åra viser at Telemark ikkje skal ha gaupefrie område der sau beiter. Det skal vere låg terskel for å gje skadefellingsløyve på fleire slag rovdyr.

Telemark er i rovviltregion 2 saman med Aust-Agder, Vestfold og Buskerud. Etter kvart fylkestingval blir det valt fem politikarar som skal utgjere rovviltnemnda. Straks denne kom i gang på nyåret 2016, vedtok nemnda å starte arbeidet med rullering av forvaltingsplanen for gaupe, jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn.

– Forvaltingsplanen har eit endå tryggare fundament enn tidlegare planar har hatt. Ny kunnskap og breie politiske prosessar gjev meir solide fakta og dermed også eit styrka avgjerdsgrunnlag, uttaler leiar Jørund A. Ruud i starten av planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Døme er at bruken av viltkamera har blitt ganske omfattande og gjev ny og betre innsikt i dyras liv, i tillegg til å vere dokumentasjon på det ein meinte å vite frå før. Vidare har rovviltforvaltinga hatt landsomfattande evaluering som har gjeve nemndene verdifulle tilbakemeldingar og føringar for arbeidet.

Fordele belastinga

Ved fleire høve har både nåverande og førre rovviltnemnd vurdert å peike ut prioritert beiteområde og konsentrert område for gaupe i til dømes Telemark. Ei slik løysing har liten oppslutning særleg blant landbruksorganisasjonane, og nemnda finn ikkje grunnlag for løysinga. Nemnda ser at aktiv og dynamisk forvalting gjennom kvotejakt i eit større geografisk samanhengande område har fungert tilfredsstillande og er godt forankra lokalt.

– Viss ein innfører gaupefrie område, får andre område større belasting. Organisasjonane ser at gaupe er belasting for småfe, og har eit hovudsynspunkt om at belastinga må fordelast. Ein annan ting er at det tek lang tid å få til eit gaupefritt område, seier Ruud i ein utdjupande kommentar til VTB.

Mål og tiltak

Nasjonalt fastsett mål for gaupe i region 2 er 12 årlege ungekull, noko som tilsvarar nærare 75 gauper. Roviltnemnda peikar på at det kan førekome årlege variasjonar, slik at bestandsmålet i nokon år vil kunne ligge under eller over 12. Nemndleiaren trur talet for 2017 ligg mellom 10 og 11 kull.

– Me skal opp på 12 kull, og det skjer gjennom mindre fellingskvote. Tipset mitt er at kvoten ikkje blir stor neste år heller, seier Ruud.

Kvoten i 2017 var 10 gauper, derav to av dei hodyr eitt år eller eldre. Desse blei felt etter kort tid, og jakta blei stoppa. Det blei i tillegg felt 3 hanndyr.

Tiltak mot gaupe i tillegg til kvotejakt er å kunne gje skadefellingsløyve, samarbeide med tilgrensande regionar om forvalting og ha bestandsovervaking der ein bør innføre viltkamera som ein fast del av overvakinga.

Regionalt mål for kongeørn er forvalting som bidreg til å oppretthalde ein stabil bestand på 850–1200 hekkande par i Noreg. Skadefellingsløyve kan i spesielle tilfelle kunne gjevast der ei ørn gjer vesentleg skade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje 2 ulvar

Det er ikkje eit nasjonalt mål å etablere yngling av brunbjørn, jerv eller ulv i region 2. Streifdyr av brunbjørn, jerv og ulv utanom beitesesongen må påreknast. Er det eit stort potensial for skadar skal det vere låg terskel for uttak av desse rovdyra, også i forkant av beitesesongen. Overvaking av rovdyra skal ha høg prioritet.

Rovviltnemnda har vedteke betinga skadefellingsløyve på gaupe (2 løyve), ulv (2), jerv (2) og brunbjørn (1) i sesongen 2017/2018.

– Gjer rovdyr skade av betyding, blir det veldig fort gjeve løyve til skadefelling. I praksis har det ikkje noko å seie, for rovdyr er veldig vanskeleg å ta ut om sommaren. Det er ikkje felt rovdyr på skadefellingsløyve hittil i år, seier Ruud.

– Det ser ut som at ulven har vore veldig glad i å vere i Fyresdal siste åra?

– Ja, men det er lett for dei å hamne i Vest-Agder, så snur dei. Eg trur det kan vere 1–2 ulv i grenseområdet Aust-Agder–Telemark, seier nemndleiaren om dagens situasjon.

12 høyringssvar

Då rovviltnemnda byrja arbeidet med ny forvaltingsplan for rovvilt, blei berørte og interesserte partar inviterte til å kome med innspel og synspunkt. Det kom 12 høyringssvar, og nokon av dei kom på vegne av meir enn ein høyringsinstans.

– Nemnda takkar for bidraga og den kontinuerlege dialogen med landbruksorganisasjonane, miljøorganisasjonane, jeger- og fiskarforeiningar, andre interesseorganisasjonar og mange engasjerte privatpersonar for bidrag som gjer rovviltforvaltinga betre, skriv nemndleiar Jørund A. Ruud i innleiinga til planen.

I starten av januar 2017 sende nemnda ein revidert forvaltingsplan over til Miljødirektoratet for fagleg gjennomgang. Før sommarferien stadfesta nemnda planen med utgangspunkt i uttale frå direktoratet og faglege oppdateringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen legg opp til ei geografisk differensiert forvalting – omsynet til rovvilt og utnytting av utmarksressursane skal vektleggast forskjellig i ulike delar av regionen og eventuelt for ulike viltartar. Vidare skal planen vise korleis nemnda ynskjer å fordele midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Storleiken på bestandane

Før kvotejakta i 2016 og før reproduksjonssesongen starta i fjor blei det på landsbasis registrert 52 gaupefamiliar, nok som tilsvarar ein bestand på omkring 310 dyr. Talet for sist vinter kom opp i 55,5 familiar.  Det var femte året på rad gaupebestanden låg under det nasjonale målet om 65 årlege ungekull.

Bestandsmålet for region 2 er 12 årlege ynglingar. Med 9,5 ungekull (6 av dei i Telemark) før jakta 2016 var dette fyrste gong sidan 2004 at ein var under målet. Bestanden var høgast frå 1996 til 1999, med gjennomsnittleg 18 årlege ynglingar.

Bestandsmålet for ulv i Noreg er 4–6 årlege ungekull, derav 3 heilnorske. 7 kvalpekull i heilnorsk ulverevir blei påvist vinteren 2015/2016. Rovdata si overvaking av ulv sist vinter viser 105–112 ulvar innafor Noregs grenser, ein auke på 19 prosent frå året før. Halvparten av ulvetalet er i heilnorsk tilhald, resten i grenserevir.

I 2015 blei det påvist 53 hobjørnar og 75 hannbjørnar i Noreg, tala for året etter var 51 og 74. Bestandsmålet er 13 årlege ungekull. Det er berekna at det blei født seks kull både i 2015 og 2016.

Målet for jerv er 39 årlege ungekull. I 2015 blei det påvist 65 ynglingar. 17 av tispene og/eller kvalpane blei tatt ut. Talet på kull i 2016 var 50, noko som tilsvarar ein bestand på rundt 350 vaksne dyr.

I perioden 2010–2014 blei det kartlagt til saman 1260 kongeørnterritoria over heile Noreg. Det er registrert mellom 170–190 kjente ørnerevir i region 2, dei fleste er i Telemark og Buskerud. Undersøkingar på hekkeaktivitet i Telemark har vist av 1 av 5 hekkeforsøk blei mislykka. Ved Møsvatn i 2015 kom 13 ungar til verda fordelt på 10 vellykka hekkingar, mot 3 ungar for to vellykka hekkingar året etter.

Krav til bevaring av rovvilt

Den viktigaste konvensjonen her i landet som direkte berører rovvilt er Bernkonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 1986. Konvensjonen inneheld mellom anna krav til bevaring av gaupe, jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn, og kva forpliktingar Noreg har i arbeidet med å ta vare på desse artane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stortinget har fastsett bestandsmål for rovvilt i Noreg. Deretter er måla fordelt på dei ulike rovviltregionane.

For kongeørn er det nasjonalt ikkje fastsett regionale mål, men arten skal forvaltast slik at bestanden er på 800–1250 hekkande par i Noreg.

Nemndene har hovudansvaret

Det er åtte rovviltnemnder i Noreg. Dei blir oppnemnd av Klima- og miljødepartementet etter forslag frå fylkestinga. Alle medlemene i ei nemnd skal ha fast plass i fylkestinget og eventuelt fylkesutvalet om det er eit slikt.

Medlemene i rovviltnemnda i region 2 er leiar Jørund A. Ruud, Telemark, nestleiar Anne Sandum, Buskerud, Kåre Pettersen, Vestfold, Beate Marie Dahl Eide, Telemark og Knut A. Austad, Aust-Agder.

Fylkesmannen har ein rådgjevande funksjon overfor nemnda. Fylkesmannen i Buskerud er sekretariat for nemnda i region 2.

Ei rovviltnemnd har hovudansvaret for forvaltinga av gaupe, jerv, brunbjørn og ulv, og har mynde til å fatte vedtak om kvote for felling og kvote for jakt når bestanden av artane ligg over fastsett bestandsmål for regionen.

Miljødirektoratet kan fatte vedtak om felling eller jakt også der bestanden er under nasjonalt bestandsmål.

Fylkesmennene avgjer søknader om skadefellingsløyve på kongeørn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bestandsovervakingar

Ein stor del av informasjonen som finst om rovvilt i dag er basert på informasjon frå lokalbefolkninga. Norges Jeger- og Fiskerforbund har ansvaret for å ha systematisk sporsøk etter familiegrupper av gaupe i heile landet. I region 2 er summen av dei fylkesvise minimumskrava for årleg sporingsinnsats 1817 kilometer. Innmelde spor etter familiegrupper blir nærare undersøkt av Statens naturoppsyn (SNO).

Bestandsovervaking av jerv baserer seg i hovudsak på registrering av ynglehi og innsamling og analyse av DNA. I nyare tid er det ingen kjente hi i region 2.

Overvakinga av brunbjørn er i hovudsak basert på sporregistreringar på vårsnø, undersøking av skadar på bufe og observasjonar av rovdyret. Vidare er DNA-analyse av innsamla ekskrement og hår ein svært viktig del i arbeidet.

Når det gjeld ulv er overvakinga basert på sporing på snø. Streifdyr av ulv registrerast gjennom oppfylging av meldingar, skadar på mellom anna bufe og hjortevilt, og sporingar og innsamling av biologisk materiale for DNA-analyse.

Overvakinga av kongeørn er organisert i to hovuddelar. Den eine omfattar kartlegging og kontroll av nåverande og tidlegare hekketerritoriar over heile landet. Kjente reirplassar har i ei årrekkje blitt regelmessig besøkt og overvaka, ofte av lokale ressurspersonar. I den intensive delen overvakar ein tolv ulike område i landet – av dei er Møsvatn i Vinje og Solhomfjell i Nissedal. Det blir gjort fleire årlege besøk for å kartleggje status, vaksenoverleving og yngling.

«Me registrerer at oversikten over bestanden i regionen er god, men det er ynskjeleg med betre kunnskap om kongeørnas eventuelle betyding for tap av sau på utmarksbeite», nemner rovviltnemnda i forvaltingsplanen.

Førebyggjande tiltak

Årleg blir det sleppt 190 000 sau og lam på utmarksbeite i region 2. Frå 2010 til og med 2016 blei det bruka dryge 20 millionar kroner på førebyggjande og konfliktdempande tiltak i regionen, nesten halvparten gjekk til Telemark.

Dei vanlegaste førebyggjande tiltaka i region 2 er bruk av elektronisk overvaking – stort sett radiobjøller, flytting av sau til mindre rovviltutsatte beiteområde, bruk av vakthund og planlagt utvida tilsyn. I perioden 2012–2016 fekk til saman 16 besetningar i Telemark tilskot til å flytte sau til mindre rovviltutsette fjellbeite.

Artikkelen held fram under annonsen.

28,3 millionar i erstatning

I perioden 2010 til 2016 blei det behandla 1050 søknader om erstatning for tap av husdyr, hovudsakleg sau. I same periode blei det betalt 28,3 millionar kroner i erstatning. 68 prosent av summen galdt gaupe, ulv 6,6 prosent og kongeørn i underkant av 3 prosent. Resten blei gjeve som uspesifisert freda rovvilt – erstatning med komplekst skadebilde.