Gjestgiveriet i Treungen sentrum har vore stengt sidan 5. februar, og er slett ikkje aleine i Nissedal kommune om vinterlåsing. Nissedalrådmannen måtte sjølv lage smørbrøda då rådmannsutvalet nyleg kom til bygda.
Gjestgiveriet i Treungen sentrum har vore stengt sidan 5. februar, og er slett ikkje aleine i Nissedal kommune om vinterlåsing. Nissedalrådmannen måtte sjølv lage smørbrøda då rådmannsutvalet nyleg kom til bygda.

Ingen kafé verken her eller der

Innbyggjarar, turistar og hyttefolk på vinterferie i Nissedal kan droppe forsøk på å finne kafétilbod i kommunen.

Denne veka er det vinterferie mellom anna i Nissedal, ein kommune med om lag 2400 hytter. At mange folk vel å bruke fritidsbustadene sine denne tida kan ein sjå på kundemassen i matbutikkane. Om lysta eller trongen er der til også å stikke innom kafé ein eller annan plass i kommunen, forsvinn nok det håpet fortare enn svint. Alle serveringsstadene rundt omkring er anten lagt ned, stengte eller har framleis ikkje hatt debutopninga.

Me har tatt ein prat med leiar Roald Nomme i Nissedal næringslag om situasjonen. Han er overraska over stoda og synest det er ille at kafeane er stengt i heile kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje vore klar over kor ille det er. Denne saka med manglande kafétilbod vil eg sette på kartet til neste styremøte i næringslaget, seier Nomme.

Løysing for svoltne?

Nomme eig sjølv restauranten Elgen, eit serveringslokale på Nissedal-sida av Gautefallheia. I fjor sommar etablerte ein person kafédrift på Elgen, men valde å stenge dørene i november.

– Dei som vil drive Elgen må finne konseptet sitt, til dømes kombinere catering og ha ope her i helgene. Og så må me prøve å få til fleire overnattingsrom enn dei som er her i dag, seier Nomme.

I eit rom ved restauranten har han etablert ølbryggeri, og held kurs for dei som har lyst til å lære seg å lage drikken. Nomme tenkjer at ein framover i alle fall må prøve å få til sosiale arrangement og pub på fredagane og laurdagane i bygget.

Nå for tida er han blant dei i kommunen som ikkje kan reklamere med kafédrift.

Om turistar, hyttefolk og andre kan klare seg med eller får lyst på til dømes pølse, hamburgar eller pizza i Nissedal kommune, er det håp å spore – på bensinstasjonen i Treungen. Der hadde dei sist sundag fire personar i fullt arbeid med å betene kassa og gjere klar diverse mat frå det ein har å tilby.

Slik mat kan kanskje vere Best for folk flest når dei treng det mest. I alle fall i Nissedal kommune, der er det vel for tida pølsefest, kvar dag …

Rådmannen ordna sjølv smørbrøda

Sverre Sæter er både næringssjef og rådmann i Nissedal. Han synest det er søndeleg og dumt at det ikkje finst eit einaste kafétilbod i heile kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er leit. Det er ikkje ein turistplass verdig å ikkje ha kafé i Treungen sentrum og elles i kommunen, seier Sæter, som håpar det bare er eit tidsspørsmål for situasjonen endrar seg i positiv lei.

– Trur du det er slik at folk ikkje vil drive ein kafé fordi det er for få kundar?

– Nei det trur eg ikkje. Eg bur i Åmli, og der er det fullt på bakeriet med kafeen heile tida, svarar Sæter.

– Kva kan du som næringssjef gjere for at det kjem kafétilbod i Nissedal kommune?

– Me har ikkje særleg tilskot å bidra med, men Nissedal er ein ja- og servicekommune som gjer det interessant å etablere seg i, svarar han.

På grunn av manglande kafétilbod måtte Sæter sjølv lage smørbrøda då rådmannsutvalet i Vest-Telemark nyleg hadde møte i Treungen. Nissedalrådmannen seier dette om tilbakemeldinga:

– Dei lika smørbrøda veldig godt.