Vinje-ordførar Arne Vinje.
Vinje-ordførar Arne Vinje.

Ingen lovnader frå sosialministeren

Sosialminister Ingjerd Schou kom ikkje med lovnad om at Attføringssenteret i Rauland (AiR) blir nasjonalt kompetansesenter.

Tysdag føremiddag besøkte sosialminister Ingjerd Schou Attføringssenteret i Rauland.

AiR-miljøet har hatt eit ynskje om å koma i direkte dialog med sosialministeren, og dei bad difor om eit møte i Oslo. Schou takka ja til møtet, men sosialministeren ynskte heller at samtalene skulle finne stad i Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bad meg sjølv til Rauland fordi det er meir naturleg for meg å møte dei tilsette ved attføringssenteret her. Eg hadde eit ynskje ved sjølvsyn å lære dykk å kjenne, treffe brukarar og fagmiljø. Det har eg fått stort utbyte av, meddelte Ingjerd Schou tysdag.

– Me er svært glade for at du viser interesse og tek turen hit, repliserte AiR-direktør Svein Kostveit.

Sosialkomitéen anbefalte AiR

Ein stor del av årsaka til at AiR-miljøet ynskte kontakt med helseministeren, er søknaden deira, som nå blir behandla i Sosial- og Helsedepartementet, om å få status som nasjonalt kompetansesenter. AiR har søkt om fem millionar statlege kroner for å etablere seg som eit kompetansesenter med heile landet som arbeidsfelt, og på tampen av fjoråret bad ein samla sosialkomité på stortinget regjeringa syte for at attføringssenteret blir etablert som eit nasjonalt kompetanse- og utviklingssenter innan arbeidsretta rehabilitering.

– Attføringssenteret i Rauland er stolte og glade for dei lovorda som ligg i merknadane frå ein samla sosialkomité. Me tolkar merknadane som ein honnør til det systematiske arbeidet som er lagt ned i organisasjonen vår gjennom ei årrekkje, sa AiR-direktør Svein Kostveit til VTB 6. desember i fjor.

Kan ikkje hoppe bukk

Sosialministeren gav uttrykk for at ho er imponert over AiR sitt arbeid gjennom lang tid, men Schou var likevel oppteken av å gå alle trinna i prosessen fram mot eit eventuelt mål om å bli eit landsdekkjande kompetanesenter.

– Fyrste trinn er å få ein endå tettare dialog med Helse Sør. Det er viktig med godt samarbeid og konstruktiv kontakt med Helse Sør før de kan ta steget og bli eit nasjonalt kompetansesenter. Det går ikkje an å hoppe bukk over eit viktig trinn i prosessen, poengterte sosialministeren.

1. januar i år blei AiR forankra i Helse Sør.

Ein av dei gode hjelparane

Ola Heen Strømmen, assisterande trygdedirektør i Rikstrygdeverket, meiner attføringssenteret i Rauland er ein sentral leverandør av tenester.

– For oss er det viktig å bruke dei ulike leverandørane som på ulikt vis kan få menneske tilbake i jobb. I så måte er attføringssenteret ein sentral leverandør. Me er godt i gang kom med å finne dei gode samarbeidspartnarane og me har hatt nærkontakt med Rauland i lang tid, men endå er det eit godt stykke igjen. Me ser fram til å utvikle samarbeidet vidare. For oss er attføringssenteret ein av dei gode hjelparane, presiserte Heen Strømmen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arvid W. Holte, spesialrådgjevar ved Helse Sør, var også positiv til samarbeidet med AiR.

– Under helseføretaket Sør ligg det åtte ulike opptreningssenter med svært ulik kompetanse. Fyrst må me kartleggje denne kompetansen, og sidan må me sjå korleis me kan samarbeide vidare. Rauland har eit godt utgangspunkt. Det er alt ei stor kompetansebase her, uttalte Holte.

Attføringssenteret i Rauland

* Blei opna i 1986

* Har plass til om lag 50 brukarar

* AiR jobbar med medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring der målet er å hjelpe brukarane til ein betre funksjon slik at dei kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna

*AiR prøvar å sjå mennesket i eit heilskapsperspektiv; det fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle

* Opphalda varer i fire veker og brukarane blir tekne inn i grupper på kring 16. Gruppene er blanda med omsyn til diagnosar.

* Kvar gruppe er tilknytt lege, attføringskonsulent, sjukepleiar, fysioterapeut og idrettsinstruktør

Artikkelen held fram under annonsen.

* Daglege treningsaktivitetar, undervisning, gruppesamtaler og individuelle samtaler med dei ulike fagpersonane i temaet

* 630 brukarar er innom senteret årleg