Bjørn Bunæs, eigar av Telemark Kildevann i Fyresdal, har i denne omgang ikkje lukkast med å få bort særavgifta på eingongsflaskene.
Bjørn Bunæs, eigar av Telemark Kildevann i Fyresdal, har i denne omgang ikkje lukkast med å få bort særavgifta på eingongsflaskene.

Ingen retur om flaskeavgift

Bjørn Bunæs, eigar av Telemark Kildevann i Fyresdal, må truleg leve med særavgift på eingongsflaskene. Bunæs får ikkje ein gong svar frå finansdepartementet på sakleg dokumentasjon han meiner er sendt i saka.

Stiftelsen Østfoldforsking (STØ) konkluderte i sommar at eingongsflaskene er like miljøvennlege som ombruksflaskene. For ti år sidan la staten på ei avgift på eingongsflaskene av miljømessige årsaker. Med den nye dokumentasjon frå STØ meiner Bjørn Bunæs at det ikkje lenger er grunnlag for å ha særavgifta på eingongsflaskene.

Bunæs har hatt vitjing av stortingsrepresentantar frå Telemark og Carl I. Hagen, leiar i Frp, på brusfabrikken i Fyresdal for å forklare at det nå er på tide å ta bort avgifta. Dessutan har han sendt dokumentasjon og oppmoding til finansdepartementet om å fjerne avgifta. Han har aldri fått svar tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

Favorisering

– Statsbudsjettet har ikkje lagt opp til å gjere noko med grunnavgifta på eingongsflaskene. Hadde det blitt budsjettsamarbeid mellom regjeringa og Frp, hadde saka vore i boks, meiner Bunæs.

– Eg har drive aktiv informasjonskampanje på ei sak som er så urettferdig, og som ikkje har økonomisk effekt på statsbudsjettet. Men har ikkje fått noko svar tilbake frå finansministeren. Eg blir vonbroten når ein ikkje blir høyrd på i ei så opplagt sak. Anten er eg offer for byråkratiet som ikkje handlar, eller eg blir puffa inn i ein skuff, held Bunæs fram.

Han meiner særavgifta på eingongsflaskene favoriserer produsentane som har direkte distribusjonssystem til butikkane. Sjølv om han ikkje har lukkast med å få vekk konkurransevridinga med det han meiner er ei urimeleg avgift, er ikkje siste ordet sagt i saka.

– Eg mistar litt av motet når ein blir ein haug i eit hjørne. Men kampen om å få vekk grunnavgifta gjev eg aldri opp, avsluttar Bunæs.

Vil slutte med ombruksflasker

Om han til slutt lukkast med å få bort avgifta, vil brusfabrikken i Fyresdal slutte å bruke ombruksflasker. I sommar investerte verksemda i ei blåsemaskin til mange millionar kroner. Eit teknisk vidunder bles opp små plastglas til å bli eingongsflasker av storleikar som er ynskjelege. Etterpå går dei i full fart inn i tappelinene. Ikkje lenge etter er flaskene fulle og ferdige korka.

Eit lastebillass med små plastglas tilsvarar 15 lastebillass med flasker i storleik på 1,5 liter.