– Me har full forståing for at talet på salsbuer utanom plassen må avgrensast. Men me hadde ikkje venta ein totalnekt, seier grunneigarane Bjørn Sandsdalen (t.v.), Bjørn Ole Aanonsen og Kåre Bjåland.
– Me har full forståing for at talet på salsbuer utanom plassen må avgrensast. Men me hadde ikkje venta ein totalnekt, seier grunneigarane Bjørn Sandsdalen (t.v.), Bjørn Ole Aanonsen og Kåre Bjåland.

Ingen salsbuer utanfor Dyrskugjerdet

Det går mot ein Dyrsku utan salsbuer utanfor gjerdet. Det har planutvalet i Seljord avgjort. Bakgrunnen for vedtaket er at arrangementet har utvikla seg til å gå føre seg også i stor grad utanom sjølve Dyrskuplassen. Men grunneigarane, som også meiner talet på standar utanom må avgrensast, kjende seg overkøyrde då vedtaket om totalforbod blei gjort. No vil planutvalet i dialog med grunneigarane.

– Frå kommunen og Dyrskuarrangørane si side har det heile tida vore snakk om samarbeid og dialog med grannane til Dyrskuplassen. Men brått kjem eit slikt vedtak, seier Bjørn Sandsdalen, eigar av ein landbrukseigedom tett ved Dyrskuplassen. Som dei andre grunneigarane i området er han heilt samd i at talet på salsbuer på utsida av plassen må avgrensast. Men eit totalforbod, slik vedtaket i planutvalet inneber, er dei sterkt i mot.

Berre parkering og camping

I føresegnene for førre reguleringsplan heitte det at «areala kan nyttast til anna næringsføremål (enn jordbruk red.mrk.) i samband med arrangement på Dyrkuplassen. Etter dei nye føresegnene kan «areala nyttast til parkering og camping i samband med arrangement på Dyrskuplassen». Dermed er det ikkje lenger høve til å leige ut plass til salsbuer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rådmannen ser på det som går føre seg på Dyrskuplassen som særs viktig for Seljord-samfunnet. Utviklinga dei seinare åra har gått mot at arrangement som opprinneleg skal føregå på Dyrskuplassen har esa ut slik at dei til tider synest vera over store delar av Seljord sentrum. Dette er ei uheldig utvikling som ein ikkje trur nokon er tente med på sikt. Ein bør difor prøve å få til løysingar som gjer at arrangementa føregår på eit avgrensa område, skriv teknisk sjef Kåre Groven i saksutgreiinga. Ved handsaming av saka i planutvalet røysta tri representantar mot og fire for framlegget som inneber totalforbod mot salsbuer på jorda ikring.

– Ikkje heimel for å nekte

Kåre Bjåland, eigar av ein annan granneeigedom til Dyrskuplassen, fortel at det har vore sal på grannegardane i samband med Dyrsku'n i uminnelege tider, fyrst med matsal. I 1981 vende dei fyrste utstillarane seg til grannane for å leige salsplass.

– Det var firma som hadde hatt stand på Dyrskun i årevis, og som då blei nekta. Sidan den tid har det vore mykje fram og tilbake om løyve til å leige ut standplassar. For kring ti år sidan gjekk ein grunneigar til rettssak for å behalde attåtnæringa. Der blei det slege fast at det ikkje var heimel for å nekte å leige ut til salsbuer, seier Bjåland.

Han fortel at det etter rettssaka vart gjort ei munnleg avtale med kommunen og dyrskuarrangørane om at grannegardane kunne ha 25 standar kvar.

– Me har full forståing for at talet på standar utanfor plassen må avgrensast. Men med eit slikt plutseleg vedtak om å nekte heilt, kjenner me oss overkøyrde, poengterer Bjåland.

Etterlyser samarbeid

Fleire av granneeigedomane leiger også ut areal til sjølve Dyrskuplassen. Bjørn Ole Aanonsen minner om at arrangørane er heilt avhengige av å leige dette arealet.

– Det har heile tida vore snakk om samarbeid om bruken av jordbruksarealet kring Dyrskuplassen. Men klart me vil ha att noko for ulempene dei store arrangementa fører med seg, seier dei tri grunneigarane, som no, utanom landbruk, berre kan nytte jorda sine til parkering og camping.

– Ingen merknader hittil

Teknisk sjef i Seljord, Kåre Groven, fortel at det ikkje har kome inn merknader til reguleringsplanen for Dyrskuplassen frå grunneigarane. Han opplyser vidare at planen vart fremja av det førre formannskapet, på bakgrunn av at omfanget av salsbuer utanfor plassen har auka sterkt dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er verken positivt for bygda eller for Dyrsku'n, uttalar han.

Han kjenner ikkje til rettssaka som grunneigarane viser til. Når det gjeld den munnlege avtala om å avgrense talet på standar til 25 hjå kvar grunneigar, fortel han at det ikkje var gjort noko formelt vedtak om dette.

– Avhengige av velvilje

Leiaren i planutvalet, Lita Sandsalen (SV), seier at målet med reguleringsplanen er å stoppe det utvalet ser på som ei uheldig utvikling.

– Sist Dyrsku kunne det sjå ut som det var like mange standar utanfor som innanfor Dyrskuportane. Ei slik utvikling kan ikkje halde fram, då er me i ferd med å øydeleggje Dyrskun, meiner Sandsdalen, som opplyser at planen no skal ut på høyring.

– Då håpar me grunneigarane kjem med synspunkta sine, slik at me får ein dialog med dei. For Dyrskun kan ikkje eksistere utan velvilje frå grunneigarane, seier leiaren i planutvalet.