Det blei siger i J15 for Ingerid Vadder (t.v.) og 4. plass til Gunhild Kvålseth i J16 under motbakkeløpet Lysebotn opp fredag.
Det blei siger i J15 for Ingerid Vadder (t.v.) og 4. plass til Gunhild Kvålseth i J16 under motbakkeløpet Lysebotn opp fredag.

Ingerid vann klassa i Lysebotn opp

Ordølen Ingerid Vadder (15) sikra klassesiger i rulleskirennet Lysebotn opp torsdag. Nabojenta Gunhild Kvålseth (J16) blei nummer fire i si klasse.

Vadder frå Morgedal IL hadde leiinga frå start til mål då ho og klubbvenene deltok i det tøffe motbakkeløpet .

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubbvenninna Gunhild Kvålseth enda bare tre sekund frå pallplassen, då ho blei nummer fire i klassa for jenter 16 år.

Løparane i desse klassene gjekk eit to kilometer langt motbakkeløp på rulleski, medan seniorane gjekk 7,5 kilometer.