Innbyggjar nr. 22 på plass
Kilen Vekst, som vart stifta i 2001, jobbar aktivt med å skaffe nye innbyggjarar til kanalbygda Kilen i Kviteseid kommune. Frå 1980 har det vore seks gratistomter til bustadbygging Kilen, men ingen har nytta seg av dei. Gleda var difor stor tysdag. Då møtte halvparten av Kilens 21 innbyggjarar opp og laga fest for Christian Nørlem frå Danmark. Dansken ynskjer å busetje seg fast i bygda, men i fyrste omgang skal han leige Nykås og pendle mellom Kilen og jobben på Grønland.
Med glasa høgt heva for den nye innbyggjaren i Kilen vart det skipa til fest på Nykås tysdag. Innbyggjartalet auka frå 21 til 22 menneske i kanalbygda. Halve bygda var møtt fram, og baud på rjomegraut, spekemat, brau og saft. Ingen vanleg kvardagskost, men den danske heidersgjesten fekk smaken på tradisjonsmaten.
Gjennomreise
41 år gamle Christian Nørlem frå Danmark jobbar til dagleg som vêrobservatør på Thule-basen på nordvestkysten av Grønland.
Artikkelen held fram under annonsen.
For to år sidan var ein kamerat av Christian på motorsykkeltur i Noreg. Då han køyrde gjennom Kilen la han merke til den flotte bygda og skiltet om gratis tomter. Då han kom heim fortalde han kompisen om bygda i Vest-Telemark.
Eg vart sjølvsagt nyfiken, og ynskte å reise til bygda han snakka så varmt om, fortel Christian.
Vitja bygda
For nøyaktig eitt år sidan var Christian på plass i Kilen og tok kontakt med Sverre Holberg som driver Kilen Feriesenter.
Hit vil eg flytte, tenkte eg, men visste ikkje når det ville bli, seier den blide dansken.
Han blir meir alvorleg i andletet.
Mor døydde i juni. Det skapte eit opprør i meg, og gav meg moglegheit til å endre livssituasjon. Det vart naturleg å gå nye vegar, seier han.
Han tok på ny kontakt med Holberg, og fekk hjelp til å finne ein plass han kunne leige.
Pendlar
Tysdag var det velkomstfest for Christian og hjelp til innflytting på Nykås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva gjer du med jobben på Grønland?
Eg vil halde fram i jobben. Eg er tri månadar på jobb, og har ein månad fri. Så eg vil i alle fall koma til Nykås i friperiodane mine, seier han.
Christian meiner framtida er usikker med tanke på arbeidsplassen.
Å jobbe som vêrobservatør er truleg eit yrke som blir gjort av maskinell kraft om få år. Då mistar eg jobben min, og vil bu fast her i Kilen. Ja, om eg finn meg til rette då, smiler han spørjande.
Det er klart eg vil sakne vener og familie i Danmark, men ein kan då reise på besøk også, seier han.
Glad i natur
Christian er oppteken av natur og menneske. Han likar godt å skyte, og er oppteken av religion, det andlege, moral og psykologi er også interessant. Han meiner Noreg er eit vakkert land med gode menneske.
Eg driv med litt puslearbeid i tre og lær, og har drive med litt baneskyting, fortel han, og innrømmer at det hadde vore spanande å vore med på jakt.
Framleis ledig plass
På starten av 1980-talet vart det lagt ut seks gratistomter i Kilen. Det om lag ti mål store området som ligg i nærleiken av Kilen kapell vart gjeve av Niels Cato Aall.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2001 vart Kilen Vekst stifta av Svein Holberg, Hans Olav Bakås, Tom Rougthvedt og Bård Fiskarbekk. Dei ynskte meir fart i grenda, og ville gjere folk merksame på gratistomtene som låg urørt i kanalbygda.
I starten av juni 2001 var rådmann, ordførar og næringskonsulent på synfaring i Kilen. Dåverande rådmann i Kviteseid Per Lauvstad uttala til VTB at kommunen ville jobbe vidare med denne saka hausten 2001.
Lite førespurnader
Kviteseid kommune lova eit godt samarbeid til dei som måtte ynskje å byggje i Kilen, men elles vart det ikkje gjort noko meir frå deira side.
Me sette opp eit skilt som fortel at det er gratistomter her. Kommunen betala skiltet, kommenterer Holberg i Kilen Vekst.
Ordførar i Kviteseid, Karin Maria Larsen, kjenner ikkje til at kommunen har gjort noko spesielt med desse tomtene. Ho meiner heller ikkje at kommunen har fått mange førespurnader på tomtene.
Har kommunen annonsert for boligbygging i Kilen?
Nei, det kjenner eg ikkje til, uttalar Larsen.
Ordføraren fortel at alle som byggjer i kommunen får eit tilskot på 20.000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med tanke på vatn og kloakk, er det truleg private anlegg som er det beste. Eg trur ikkje det vil bli aktuelt å leggje opp til kommunalt anlegg i Kilen, kommenterer ordføraren.
Sal av småbruk
Holberg i Kilen Vekst har heller ikkje hatt stor pågang av interesserte boligbyggjarar.
Me har hatt synfaring for nokre, men ikkje mange. Det er mogleg at arealet på tomtene er for smått, trur han.
Holberg fortel at Kilen Vekst har mange tankar kring auka busetjing.
Det er interessant med større parsellar, eller å få alle småbruka som står tomme til å kome på salg. Her kan kommunen spele ei viktig rolle, oppmodar han.