Nasser og Harald vaska ned Moland kyrkje i Fyresdal.
Nasser og Harald vaska ned Moland kyrkje i Fyresdal.

Innsette takka med å vaske kyrkja

Nasser og Harald sonar i fengselet i Kleivgrend og ville gjere noko for bygda. No har dei vaska ned Moland Kyrkje.

– Bygda har vore snille med oss, så difor ville me gjere noko for dei, fortel Nasser.

Han kom på ideen om å ta på seg reingjering av kyrkja, og Harald ville også vere med på dugnaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karane var i sving frå klokka ni om morgonen og var ferdige i tretida.

Då hadde dei vaska benkar og golv, teke ut alle teppene og rista dei, og galleriet vart også vaska over.

– Ein kunne kjenne det etterpå, det var ei god luft i kyrkja. Me fekk også kaffi og mat, og det var ein fin dag, seier Harald.

Nasser seier det er fint å ha godt samvit.

– For meg var det viktig å gjere dette før eg reiser heim etter soninga. No har eg ikkje berre sona, men gitt noko tilbake, seier Nasser.

Blide bygdefolk

Harald fortel også om eit godt forhold til bygdefolket.

– Folk har alltid vore blide og pratsame når me treffer dei på tur langs vatnet eller i svømmehallen, seier Harald.

Dei er begge samde om at det er viktig at fengselet på Kleivgrend får bestå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tenkjer særleg på dei som sonar for fyrste gong. Det er bra at dei får sleppe å sone på ei lukka avdeling. Eg trur mange av dei ikkje vender tilbake på grunn av det, seier Harald.

Kyrkja er historie

– Eg likar kyrkja, det er ein gamal bygning med mykje historie. Etter at kyrkja vart skilt frå staten, trur eg dei kunne ha bruk for ei hjelpande hand, seier Harald.

Nasser meinte det kunne høve med ein rundvask når det stunda mot jol.

– Det er jo ein heilag plass, og det nærmar seg den mest heilage dagen her i landet. Samfunnet må jo henge saman på eit vis, så eg gjorde denne jobben med glede, seier Nasser.

Harald er einig, og synest det er godt å hjelpe kvarandre.

– Det er fint å gjere noko utan å forvente å få noko tilbake, seier han.

Fint tiltak

Kyrkjetenar Ingebret Gaaren var med dei to innsette frå fangeleiren heile dagen då det blei vaska og turka støv i kyrkja i Fyresdal sentrum.

Else Berit Gaaren ved kyrkjekontoret seier dei innsette kom med eit veldig uventa bidrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var flott at dei kom på dette og ville hjelpe, og det var eit veldig fint tiltak. Båe var så flinke, så på lag, positive og sabla ivrige. Eg trur dei kunne tenkje seg å kome att, seier ei nøgd Else Berit Gaaren.