Innvendig ryddesjau
To av styremedlemene i stiftinga Åmdals Verk gruver var sist veke på gruvevandring med spett og lykt.
Asbjørn Rinden og John Odden er båe styremedlemer i stiftinga Åmdals Verk gruver, og båe arbeider på anlegg. Det var derfor naturleg at dei tok seg av arbeidet med å sjekke om gruvegangane på Åmdals Verk var klare til sesongopning.
Tunellarbeidarar
Både Rinden og Odden har jobba i tunellar, og har såleis god erfaring til å gjere denne sikringsjobben. Odden har fram til han blei permittert for nokre veker sidan jobba i tunellsjakt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er berre ein dugnadsinnsats for stiftinga, og me var vel nesten ikkje klare over at me var med i styret i det heile, smiler dei to sluskane på veg innover gruva.
Me skal i alle fall sjå om det er lausmasse og eventuelt lause steinar som må fjernast, seier Rinden.
Det har vore ein vinter med mykje kulde og frost, derfor kan me nok råke på lause steinar der det har vore mykje væte, meiner Odden.
Kakkespettar
Dei bruka spett til å kakke i både tak og veggar i gruvegangen, og enkelte lause steinar fekk dei ned.
Fjellet her er godt og solid, så ein må seie det ser veldig bra ut så langt, fortel Rinden etter å ha kome halvvegs inn i den delen av gruva som er open for publikum.
Her har det vore slik i hundrevis av år, så det me har fått ned er berre småtteri. Det er frosten som har gjort sitt til det vesle me har fått ned, legg Odden til etter at dei hadde vore inn til smia, altså så langt som publikum kjem.
Gruva blir offisielt opna for publikum andre helga i juni, men elevbedrifta ved Åmdals Verk oppvekstsenter, Steintøff, har omvisning og tur inn i gruva kvar tysdag i tillegg til at dei har open kafé.