Intens jakt etter nye hotelleigarar
Jakta etter nye eigarar til Morgedal Hotell vert no intensivert. Vona er å finne nokon som vil drive det tradisjonsrike hotellet vidare i same ånd som familien Brekke. Kari-Mette Brekke seier tanken om sal har vore der ei tid, men ho er oppteken av at kjøparane vil utvikle både hotellet og bygda. Ordførar Torstein Tveito i Kviteseid orienterte Vest-Telemarkrådet tysdag om at hotellet er på handel. Han set mykje inn på at hotelldrifta held fram, og at det han kalla «smørauget» i Morgedal ikkje vert gjort om til ein institusjon.
Svein Brekke overtok hotelldrifta etter faren i 1965. Han døydde for ei tid sidan og enka Kari-Mette Brekke fortel til VTB at ho no må finne kjøparar til Morgedal Hotell.
Eg vert eldre og kan ikkje drive hotellet vidare. Sal har vore aktuelt ei tid, og då Svein endå levde annonserte me hotellet til sals. Det melde seg nokre urbane interessentar, men det var aldri aktuelt for oss å gå i salstingingar med desse, fortel ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag vart dei tilsette på hotellet orientert om at det no må skje eit sal, men at ein leiter etter eigarar som ynskjer å drive vidare i den ånda som i alle år har prega Morgedal Hotell og som både gjester og tilsette verdsett høgt.
Glad for engasjement
Kan det hende at hotelldrifta i Morgedal vert lagt ned?
Det vil eg prøve å unngå i det lengste. Målet er at hotellet vert drive vidare. Men syner det seg umogleg å finne kjøparar, kan sal til ein institusjon verte einaste alternativ. Først skal me prøve på alle måtar å sikre vidare hotelldrift, seier Kari-Mette Brekke, og uttrykker glede over at politikarane i Kviteseid engasjerer seg så sterkt for at Morgedal Hotell lever vidare.
Ordførar Torstein Tveito kom med ei oppmoding i Vest-Telemarkrådet, som tysdag var samla på Morgedal Hotell, om at alle sonderer kring om i Vest-Telemark etter personar som kan tenkjast å kjøpe Morgedal Hotell og drive det vidare.
Smørauget i Morgedal
Hotellet er ei av storstogene i Kviteseid og sjølve smørauget i Morgedal. Me må sette alle krefter inn på å finne kjøparar som vil drive hotellet vidare og ta vare på den særeigne atmosfæren som møter gjestene, seier Torstein Tveito, og legg til at interessentar kan vende seg til han, og då helst før 15. juni.
Kviteseid-ordføraren vonar det han kallar alle gode krefter i Vest-Telemark som kjenner nokon som kan vere interessert i å overta eit veldrive hotell om å gje lyd frå seg.
Det vil vere søndeleg om hotellet vert borte, og at det vert gjort om til institusjon. I alle år har hotellet vore ein motor i utviklinga av Morgedal, seier Torstein Tveito.