Interkommunal næringsfiskar
Kanskje går Nissedal og Fyresdal saman om ei felles stilling som omhandlar næringsarbeid.
Nissedal og Fyresdal ser på eit eventuelt samarbeid om å opprette ei ny stilling. Oppgåvene for den tilsette er tenkt å vere å jobbe med å fylle opp tome næringslokale, få fleire arbeidsplassar til dei to kommunane og dermed også auke innbyggjartalet.
– Me er inne på eit veldig tidleg stadium, eg har diskutert litt med ordførar Erik Skjervagen i Fyresdal. Me ser på moglegheitene for korleis ein politisk kan vere med og utvikle næringshagane med innhald, eit arbeid Fyresdal har gjort i fleire år. Vidare å tiltrekkje oss nye bedrifter for etablering i kommunane, kanskje kan me to kommunane ha ei heiltidsstilling saman for å jobbe med dette. Rådmannen i Nissedal skal undersøkje saka vidare med næringsapparatet (rådmannen og næringssjefen) i Fyresdal om det er mogleg med eit samarbeid, seier Homme.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Stillinga blir ein næringsfiskar?
– Eit godt uttrykk, bruk gjerne det ordet, svarar ordføraren.
– Om det kjem ei slik interkommunal stilling, du er ikkje redd for at det blir kamp mellom Nissedal og Fyresdal om å få eventuelle nye næringsetableringar?
– Styrkjer ein næringslivet i Vest-Telemark er det bra for Nissedal, svarar ordføraren kontant.