Internasjonal suksess for Kim Leine
2012 er året da norsk-danske Kim Leine slår igjennom for alvor. Den historiske romanen «Profetene i Evighetsfjorden» er innstilt til den nordiske romanprisen og er førebels seld til 14 land.
«Profetene ved Evighetsfjorden» er forteljinga om den dansk-norske koloniseringa av Grønland, i kjølvatnet av Hans Egedes første framstøyt for å bringe «sivilisasjonen» til dei innfødde. Boka kom på dansk og er førebels seld til 14 land.
Eg er spesielt fornøgd med at dei største forlaga i Tyskland, England og Frankrike vil gi ut boka, og nominasjonen til Nordisk råds litteraturpris gjer nok at «kundelista» kan bli ytterlegare utvida, seier Kim Leine på eit stutt familiebesøk i Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Når talentet er til stede i et format som hos Leine, er vi principielt i den bedste av alle litterære verdener», skreiv Marie Tetzlaff blant anna i meldinga si i Politiken med fem på terningen.
På norsk kom boka i oktober, i Leines eiga omsetjing. Med flatdølen Arne Ågren som diskusjonspartnar i språkleg samanheng. Også her heime har boka fått positiv mottaking, men kanskje er ikkje alle i Litteratur-Noreg klar over den norske bakgrunnen hans? Leine voks opp i Seljord, men 17 år gamal flytta han til faren i København.
Sjølv om det nå er meir enn tretti år sidan, vil eg gjerne også bli sett på som norsk forfattar her i landet, legg han til, og fortel om travle tider etter den store suksessen i Danmark. Opptil 23 foredrag i veka, først og fremst på bibliotek og skular.
Talent innfridd
Den 550 sider lange forteljinga om den norskfødde teologen Morten Falcks nokså mislykka freistnad på å innføre luthersk tru og lære hos eskimoane er i Danmark sett som verdig til den høgthengande nordiske prisen, og nominasjonen stadfester at talentet Leine la for dagen med den oppsiktsvekkjande sjølvbiografiske «Kalak» og deretter «Valdemarsdag» om bestefarens sjalusidrap ikkje var tilfeldig.
Kjem det meir frå Grønland frå di side?
Nei, det siste oppdraget eg har hatt, er å omsetje Hamsuns «Sult» til dansk. Det hadde seg slik at da Hamsun debuterte, skreiv han eit nokså gamalmodig riksmål og boka kom på eit dansk forlag. Det er grunnen til at danske lesarar aldri har fått boka på dansk, fortel Leine som i neste omgang skal gå i gang med eit filmmanus. Emnet er henta frå den finske borgarkrigen, og han reknar deretter med å omarbeide manuskriptet til romanform.