Sigrid Stråndi Slettemeås, lærar for elevar som har behov for tilpassa opplæring, (t.v.) og Liv Ekre, dagleg leiar ved Seljord vidaregåande skule, set sin lit til at politikarane fattar eit fornuftig vedtak og lét internatet (i bakgrunnen) få leva vidare.
Sigrid Stråndi Slettemeås, lærar for elevar som har behov for tilpassa opplæring, (t.v.) og Liv Ekre, dagleg leiar ved Seljord vidaregåande skule, set sin lit til at politikarane fattar eit fornuftig vedtak og lét internatet (i bakgrunnen) få leva vidare.

Internatet kan bli lagt ned

Internatet ved den vidaregåande skulen i Seljord kan bli lagt ned. Ei nedlegging vil råke elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

I dag kjem hovudutval for kompetanse, tidlegare hovudutval for vidaregåande opplæring, med si innstilling om internatet ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord bør bli lagt ned eller ikkje. Internatet har kapasitet til 14 bebuarar. I dag bur åtte elevar med behov for særskilt tilrettelegging ved internatet.

Sigrid Stråndi Slettemeås er lærar for elevar som har behov for tilpassa opplæring. Ho meiner det er ille om politikarane bestemmer seg for å leggje ned internatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tragisk om internatet blir lagt ned. Elevane som bur ved internatet er unge menneske som mista venene sine alt på barne- og ungdomsskulen. Dei unge blomstrar når dei møter andre som alltid har vore utanfor og som også har kjent på kroppen korleis det er å vera litt annleis. Elevane møter kvarandre og har det godt saman på internatet. Menneskeleg sett er det tragisk om internatet blir lagt ned, uttalar Sigrid Stråndi Slettemeås.

– Lite gjennomtenkt forslag

Framlegget som hovudutval for kompetanse, med leiar Kristian Espeland i brodden, skal ta stilling til i dag er fylkesopplæringssjefens forslag om at internatet ved den vidaregåande skulen skal leggje om drifta til eit reint butilbod ikkje tilrettelagt dei med særskilte behov. Bakgrunnen for fylkesopplæringssjefens framlegg er at det tidlegare har blitt slått fast at internat ved vidaregåande skular i Telemark skal vera sjølvfinansierande utan tilskot frå opplæringsetaten eller skulen.

Nettoutgiftene for internatet i Seljord er om lag 650.000 kroner årleg. Det vil seie at opplæringsetaten i år finansierer kvar plass med kring 80.000 kroner. Midlane dekkjast av potten for særskilt tilrettelegging.

– Det er både menneskelege og økonomiske sider ved denne saka. For det fyrste verkar det som om forslaget er svært lite gjennomtenkt. Om internatet i Seljord blir lagt ned, har fylkeskommunen likefullt ansvar for desse elevane. Dersom ein elev frå Fyresdal skal pendle med taxi tur retur Seljord-Fyresdal kvar dag i eitt år, vil det koste 400.000 kroner, seier Liv Ekre, dagleg leiar ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord.

Ekre har forståing for at fylkesopplæringssjefen må stramme inn økonomien, men ho trur ikkje ein vil spare pengar ved å leggje ned internatet.

– Situasjonen blir derimot den at ansvaret blir pulverisert rundt om i fylket. Ansvaret fell ein annan plass, men totalkostnaden er og blir den same, meiner ho.

– Nok med skulekvardagen

Ekre meiner det totale elevomsynet burde vege tungt.

– Desse elevane har nok med å meistre skulekvardagen om dei også ikkje må pendle til og frå skulen kvar dag, påpeikar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liv Ekre understrekar at talet på elevar med behov for særskilt tilrettelegging ikkje blir mindre framover.

– Heller tvert om. Det burde politikarane leggje seg på minnet. Internatet representerer ein fin overgang frå å bu heime hjå mamma og pappa til å greie seg i eigen bustad ein gong i framtida, seier Ekre.

Ho ynskjer å minne politikarane på kva dei uttalte tidlegare i haust.

– Då nybygget blei opna den 4. september stod politikarane her og lova at den vidaregåande skulen i Seljord endeleg skulle få fred. Sjølv om mange av politikarane er nye, set eg min lit til at dei gjer eit fornuftig vedtak, seier ho.

Ordførar John Kleivstaul i Seljord meiner internatet ved den vidaregåande skulen i Seljord er unikt.

– I Telemark er dette tilbodet unikt for elevar som treng eit tilpassa opplæringsløp kombinert med eit verna tilbod. Eg trur heller ikkje ein vil spare pengar ved å leggje ned internatet, kommenterer ordføraren.

– Dei åtte internatplassane ved vidaregåande i Seljord er det einaste tilbodet elevar i Vest-Telemark har som treng tilpassa bustad og opplæring. Dersom fylkeskommunen raserer dette unike tilbodet har ikkje desse elevane noko anna tilbod, seier Hanevik.

Den vidaregåande skulen i Seljord har totalt 120 elevar. Av desse går 90 elevar på media og kommunikasjon, 30 elevar på hotell- og næringsmiddelfag og åtte elevar har kome inn på spesielle vilkår og treng tilrettelagt undervisning og bustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er ikkje berre internatet som er i fare for å bli lagt ned. Hanevik fortel at fylkeskommunen også ynskjer å legge ned den tilrettelagde undervisning frå neste haust. Fylkeskommunen vil at elevane heller skal bli integrerte på vanlege skular så nære heimen som mogleg. Hanevik er kritisk til dette. Ho meiner mange elevar har behov for å kome bort frå heimbygda og inn i eit anna miljø.

– Dessutan blir det tøffe dagar for desse elevane, som ofte har nok med å kome seg gjennom skuledagen, om dei må pendle frå heimen til skulen. Elevane må ha tilsyn av ein person dersom dei tek buss. Det vil bli dyrt for fylkeskommunen å dekkje skyssutgiftene. Hadde dei rekna gjennom dette hadde dei funne ut at det blir langt meir kostbart enn å betale dei 700.000 kronene dei gjer for årleg drift av internatet, seier Hanevik.

Internatet ved Bø vidaregåande skule avdeling Seljord

* Har kapasitet til 14 elevar

* I dag bur åtte elevar med behov for særskilt tilrettelegging ved internatet

* Det er 3,5 stillingar ved internatet; miljøarbeidar, leiing, kontor, reinhald og vaktmeister

* Internatet er stengt i helgene

* For kort tid sidan blei ei halv stilling kutta ved internatet som ein del av fylkeskommunens sparepakke