Investerer 30 mill. i nye ekspressbussar
Telemark Bilruter kjøper no ni nye ekspressbussar. Investeringa på nesten 30 millionar kroner er den største i bilrutenes historie. Volvo-bussane er bygde i Finland. Dei to fyrste er levert for køyring med Grenlandsekspressen, medan dei fire bussane til Telemarksekspressen vart overleverte i Seljord på måndag.
Disponent Svein Oalv Straand i Telemark Bilruter fortel at i oktober vert dei siste tri bussane leverte. Dei skal trafikkere Haukeliekspressen og avløyse dei bussane som vart sette inn i ruta i 2005. Årleg køyrer ekspressbussane mellom 160.000 og 200.000 kilometer.
Telemark Bilruter samarbeider med Nettbuss Sør om Grenlandsekspressen mellom Skien og Oslo over Siljan, medan Telemarksekspressen er eit samarbeid med Nettbuss Drammen. Haukeliekspressen vert køyrd saman med Tide Reiser. Alle dei tri samarbeidande rutebilselskapa har tinga nye ekspressbussar, slik at tilbodet til dei reisande vert heilskapleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Disponent Svein Olav Strand fortel at det trengst i alt 14 bussar i det ordinære ruteopplegget til Grenlands- og Telemarksekspressen, medan trongen er seks bussar til saman på Haukeliekspressen. I tillegg kjem trongen for ekstrabussar på dagar med stor trafikk.
Salssjef Magnus Gullikesen hjå Volvo Noreg fortel at dei nye bussane til Telemarksekspressen har 53 sitteplassar med regulerbare sete og fotstøtter. Det er fire fleire sete enn i dagens bussar. Bussane som til hausten vert sett inn på Haukeliekspressen, vil ha to akslar bak og hekkmotor i motsetnad til dei nye bussane til Grenlands- og Telemarksekspressen. Desse har berre ein aksel bak og midtstilt motor.
Nøgde sjåførar
Måndag og tysdag skipa bilrutene til opplæring for sjåførane som skal køyre dei nye ekspressbussane. Teknisk sjef Åsmund Kroken seier at den største skilnaden for sjåførane er kløtsjen. Dei nye bussane har ikkje kløtsjepedal, og at den 12-trinns elektronisk styrde girkassa i røynda er ein form for halvautomat med hydraulisk retardar.
Dette er eit system som er utruleg godt motteke blant sjåførane. Samstundes syter det for eit optimalt drivstofforbruk, nemner Volvo-salssjefen og peiker på at bussane møter alle krav med omsyn til tryggleik for både passasjerar og sjåførar.
Persontrafikksjef Torleif Roheim fortel at det er bilbelte i kvart sete og at det finst to integrerte barnesete i kvar buss.
No får me ekspressbussar, som er eit satsingsområde for Telemark Bilruter, av høg standard. Dagens bussar er godt vedlikehaldne, men likevel halvslitne, seier teknisk sjef Åsmund Kroken.
Overvaker dieselforbruket
Drivstofforbruket på ein Haukeliekspressbuss ligg på mellom 3,0 og 3,5 liter per mil, og diesel er ein ikkje uvesentleg driftskostnad for Telemark Bilruter. I dei nye bussane er det ein køyre-computer der sjåførane kan fylgje drivstofforbruket undervegs, og dermed kunne tilpasse køyringa for å oppnå eit optimalt forbruk av drivstoff.
Elles er bussane kabla og førebudde for internettilknyting, slik at passasjerane også kan få høve til å arbeide undervegs. Og sjølvsagt har bussane både elektronisk stabilitetsprogram (ESP) og antispinn-utrusting, såkalla «hill-holder».
Artikkelen held fram under annonsen.
Bussane som no får avløysing er spanskbygde Scania-bussar. Dei har vorte vedlikehaldne hjå Haugrød & Nilsen i Brunkeberg. Teknisk sjef Åsmund Kroken seier at dei nye Volvo-ekspressbussane vil få sin service og vedlikehald hjå Telemark Bilruter sine eigne verkstader i Seljord og Åmot med assistanse frå Volvo-forhandlaren i Skien.
Disponent Straand nemner at dei tri kommersielle ekspressrutene står for om lag 30-35 prosent av inntektene til Telemark Bilruter. Lokalkøyringa for fylkeskommunen og skulkekøyringa for det same, medan godskøyringa utgjer den siste tredjedelen av bilrutenes samla årlege inntekter på 120 millionar kroner.